design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Høddmonumentet i Ulsteinvik sentrum. Foto: Per Eide.
Høddmonumentet i Ulsteinvik sentrum. Foto: Per Eide.

Ulstein veks fram

Framveksten av det moderne Ulstein skal først og fremst handle om frå då kommunen skaut fart og fekk eit markert regionssenter i Ulsteinvik.

Klikk her for skisse til nettside.

Trua på framsteget stod sterkt i Europa ved hundreårsskiftet. Tekniske nyvinningar høyrde nesten til dagens orden, og folka levde i fred med kvarandre. Denne framtidsoptimismen smitta over på den unge, norske nasjonen. Den nye optimismen fekk fotfeste her i dei ytre kystdistrikta òg. I Ulstein ser vi at det i dei første tiåra av hundreåret veks fram verkstader og fabrikkar. Alt dette la grunnlaget for det Ulstein vi kjenner i dag. Det same var kulturen, ikkje minst fotballen som fekk sitt flaggskip i Hødd.

Men det var i perioden frå kring 1960 og utover at Ulstein kommune gjekk gjennom ein vekst som nesten mangla sidestykke i landet. Asker var den einaste kommunen som hadde større vekst i tiåret fram til 1972. Utviklinga i kommunen hadde på fleire område allereie passert prognosane som var rekna ut fram til 1972.

Det som først og fremst gir Ulstein slik vekstkraft, er utviklinga ved dei tre store verfta i kommunen, Ulstein, Hatlø og Kleven. Vi ser no at det utviklar seg eit samarbeid mellom industri, bankar – ikkje minst det som skulle bli Sparebanken Møre - og det offentlege som skulle blir særs produktivt. Framsynte kommunetilsette, politikarar, bankfolk med innsikt i svingingane i den lokale industrien – og framsynte industrileiarar som satsa internasjonalt, er noko av nøkkelen til å forstå den eventyrlege utviklinga i Ulstein fram mot vår tid.

Asle Geir Widnes Johansen, forfattar

Alle foto: Per Eide

Nettsida er drifta av