design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Ulstein Mannskor saman med Birgitte Vik Wymer.
Ulstein Mannskor saman med Birgitte Vik Wymer.

FØRJULSMØTE PÅ FREDHEIM

Mandag 11. desember gjekk det  tradisjonelle førjulsmøte på Fredheim av stabelen. Det var som vanleg godt med  interesserte og julestemte folk som møtte fram.

Ulstein Mannskor som stod for innhaldet. I tillegg til mannskorsong las Louis Røren egne dikt og Knut Arne Høyvik las historia om når han i barndomen selde julehefte for å spare til skeiser. Røren gir i desse dagar ut bok med dikta sine. I pausen vart det selt lodd, før mannskoret avslutta med ei songavdeling .

Historielaget vil nytte høve til å takke alle som bidrog til eit triveleg førjulsmøte på Fredheim.

Historisk vandring på Garnes

Historisk vandring 23.april 2006. Filma av Marian Bakke Garnes.

På bilde er karane frå venstre: Arvid Pilskog, Odd Hatløy og Håkon Langeland. Heilt til venstre er intervjuar Tonje Øyehaug Ruud.
På bilde er karane frå venstre: Arvid Pilskog, Odd Hatløy og Håkon Langeland. Heilt til venstre er intervjuar Tonje Øyehaug Ruud.

Historielagsmøte hjå 100-årsjubilant Ulstein

Onsdag 4. oktober la Ulstein Historielag eit ope møte hjå Ulstein på Osneset. Blant dei mange frammøtte var det mange pensjonistar frå verksemda. Fleire tok ordet, og det vart reinaste rorbustemninga på Ulstein Expo.

Etter ei innleiing der dei frammøtte såg film frå 100-årsfesten som Ulstein heldt i dokkhallen for noko sidan, intervjua Tonje Øyehaug Ruud frå Ulstein dei tre pensjonistane Håkon Langeland, Odd Hatløy og Arvid Pilskog. Dei snakka gjennom Ulstein si historie, og krydra med røvarhistorier. Vi fekk høyre om styreformann Inga Ulstein, sonen Magnulf Ulstein og broren Idar som etterkvart overtok leiinga. Karane fortalde mellom anna om større og små uhell og feiltrinn, og om oppkjøp av Hatlø Verft, om børsnotering og sal til Vickers/Rolls-Royce. Odd Hatløy poengterte kor viktig det var at det ved salet av 90 prosent av verksemda til Vickers i 1999, så vart pengane verande i bygda og for ein stor del investerte her, noko som har vore viktig for utviklinga av Ulsteinvik seinare.

Undervegs i intervjuet var det fleire som ville fortelje. Svein Ertesvåg kom fram og fortalde fleire historier. Etter kaffipausar var det endå fleire som tok mikrofonen, og historiene var mange og gode.

Ragnar Ulstein kveld på Fredheim 13. oktober.
Ragnar Ulstein kveld på Fredheim 13. oktober.

FRamtidige tilskippingar i regi av ulstein historielag

Ulstein Historielag har lagt opp til ein rikhaldig aktivitet for hausten 2016. Her er det mykje ineressant for alle historieinteresserte i kommunen. Noter deg datoane. 

Torsdag 13.10.16  (Avlyst grunna sjukdom)
Ragnar Ulstein kveld på Fredheim klokka 18:30. Vising av filmen i høve avdukninga av bysta av Ragnar Ulstein. Ragnar Ulstein har sagt at han kjem, og det vert eit kort intervju med Ragnar. Enkel servering. Loddsal.

Mandag 05.12.16
Julemøte på Fredheim med Ulstein Mannskor klokka 19:00. Her vert servering og loddsal med mange fine gevinstar.  

Ulstein Mannskor med dirigent Robert Skeide på scena.
Ulstein Mannskor med dirigent Robert Skeide på scena.

Førjulsmøte på Fredheim

Mandag 5. desember arrangerte Ulstein historielag sitt tradisjonelle førjulsmøte på Fredheim. Salen var fullsatt av eit interessert og julestemt publikum.

Festen tok til med Ulstein Mannskor og Birgitte Vik Wymer. Vidare var det opplest ei Prøysenfortelling og ei interessant orientering om den nye kyrkja. Dei tradsjonelle matpakkane som var brukt på dei gamle julefestane, vart utdelt i år.

I pausen vart det selt lodd. Mannskoret hadde ei avdeling med julesongar. Til slutt var det trekning av mange fine vinstar. Ein svært vellukka fest på Fredheim var til endes. Historielaget vil nytte høve til å ynskje alle sine medlemmer og støttespelarar ei god jul og eit godt nyttår.

Vi ser Geileneset til høgre i bildet.
Vi ser Geileneset til høgre i bildet.

Vellukka historisk vandring på Geileneset

Søndag 28. august gjennomførte Ulstein historielag vellukka vandring på Geileneset i Ulsteinvik sentrum. Vel 80 personar møtte fram i det fine seinsommarvêret.

Det var Anne Gry Eilertsen, redaktør i Vikebladet/Vestposten, som har nær tilknytning til Geileneset som leidde vandringa. Mor til Anne Gry kom frå Geileneset. Her budde også mormora som Anne Gry hadde eit nært forhold til. Anne Gry hadde også alliert seg med fleire personar som har budd eller arbeid på Geileneset.

Klar for utstilling, frå venstre: Guri Alme, Inge Håkonsholm, Aksel Garshol, Aksel Hauge frå Ulstein Historielag og Arthur Vestnes frå Sande Sogelag.
Klar for utstilling, frå venstre: Guri Alme, Inge Håkonsholm, Aksel Garshol, Aksel Hauge frå Ulstein Historielag og Arthur Vestnes frå Sande Sogelag.

Utstilling av bilde frå Ulstein i
Storegjerdearkivet

Ulstein Historielag stiller ut den store og rikhaldige bildesamlinga til Olaf Storegjerdei lokala etter Eiken bokhandel. Det er stort sett bilde frå Ulstein.

Tidspunkt
Fredag 19 .august Kl. 12-18 
Laurdag 20. august kl. 11-16

Ta turen innom. Det vert høve til å hjelpe til med å finne korrekt namn til enkeltpersonar som er på bilda.

Levd Liv 2015 er klar for trykkeriet

Alle husstandar får seljarar på vitjing før farsdagen 09. november. Boka vert også seld laurdag 08. november på Amfi.

Boka inneheld 180 sider med lokalt stoff både frå eldre og nyare tid. Det er 70 år sidan fredsslutninga, og ved dette høve kan ein i årets bok lese fleire artiklar både om krigen og fredsmarkeringa.

Historisk Vandring På Saunes

Søndag 20. september kl. 13:30 vert det historisk vandring på Saunes.

Oppmøte og start ved parkeringsplassen til Europris. Lokale kjentfolk vert med og fortel. Vi går Nesvegen og får høyre om hus og personar som var og budde i området. Som vanleg vert det pause med nistemat og loddsal. Sjå elles annonse i Vikebladet Vestposten veka før vandringa.

Aksel Hauge og Magne Grimstad jr. på Amfisenteret.
Aksel Hauge og Magne Grimstad jr. på Amfisenteret.
Levd liv i sal

Levd liv 2015 er i sal. Onsdag 4. november gjekk startskotet for salet med Ulstein Ten Sing som gode og dyktige salsmedarbeidarar. I løpet av ettermiddag og kveld blei det selt knappe 100 bøker i sentrum.

Laurdag 7. november, dagen før farsdag, rigga Aksel Hauge og Magne Grimstad jr. opp på Amfisenteret i Ulsteinvik sentrum. Her selte ein årets utgåve av boka på vegne av Ulstein historielag. Mange medlemmer kom innom og kjøpte ei eller fleire bøker. Andre igjen hadde alt kjøpt boka med ten sing, og var godt i gang med lesnaden. 

Medlemmer kan kjøpe boka direkte hos Aksel Hauge eller Osberget for medlemspris til 250 kroner.

Ulstein mannskor stod for programminnslaga i samband med Ulstein historielag sitt julemøte. Sentrale aktørar i fremste rekke er Knut Arne Høyvik, Birgitte Vik Wymer, Louis Hodr Røren og Robert Skeide.
Ulstein mannskor stod for programminnslaga i samband med Ulstein historielag sitt julemøte. Sentrale aktørar i fremste rekke er Knut Arne Høyvik, Birgitte Vik Wymer, Louis Hodr Røren og Robert Skeide.
Julemøte samla fullt hus

Ulstein Historielag kunne by på ikkje mindre enn to verdspremierer i samband med sitt årlege julemøte. Arrangementet var lagt til Fredheim onsdag 2. desember.

Ulstein mannskor stod for programmet på det tradisjonsrike julemøtet til historielaget. I tillegg til å framføre kjende og kjære juletonar, kunne mannskoret også by på ikkje mindre enn to verdspremierer. Det første var Knut Arne Høyvik som stod for. Han har omsett ein islandsk song, "Dansandu vindur" til norsk. Denne framførte mannskoret med Birgitte Vik Wymer som solist.

Den andre verdspremieren mannskoret kunne presentere var ein heilt ny julesong med tekst av Louis Hodr Røren og tonesett av mannskoret sin eigen dirigent, Robert Skeide. I tillegg til det musikalske sytte medlemmer i koret for ulike andre programpostar. Leif P. Dimmen framførte ei julefortelling av humoristen Liv Randi Bjørlykke som tok for seg juletrefestane i gamle dagar. Bjørn Haug skildra sine barndomsjuler frå Hov i Søndre Land.

Ottar Kaldhol leidde festen. På programmet stod også matservering og loddsal. Gevinstane varierte frå poteter frå Flø til lokalhistoriske bøker m.m. Overskotet på vel 5000 kroner, gjekk til Ulstein frivilligsentral sitt opplegg for asylborna no til jul. Dette var særs godt motteke av publikum.

Det originale Osebergskipet.
Det originale Osebergskipet.
Årsmøte i Ulstein Historielag

Ulstein Historielag held årsmøte onsdag 24. februar kl. 1900 på kommunestyresalen på Ulstein rådhus.

Første del av årsmøtet vert vanlege årsmøtesaker. Matpause med kaffe og noko å bite i. I matpausa vert det loddsal med gode gevinstar. 

Egil Myrene held kåseri med tittelen "Realisten funderar på det usannsynlege". I kåseriet vil han fortelje om turen frå Valencia til Sevilla i ein kopi av Osebergskipet. Saga Siglar var ute på same turen, og skipa skulle til verdsutstillinga. Dette hende i 1992.

Dei kom ut for orkan, og begge skipa vart knuste. Situasjonen var svært dramatisk for dei to mannskapa som vart liggande i vatnet i 11 timar, men mannskapet vart berga i land i Sevilla der dei mellom anna møtte det norske kongeparet.

Ulstein Mannskor på Fredheim.
Ulstein Mannskor på Fredheim.
Julemøte i Ulstein Historielag

Det vert arrangert julemøte på Fredheim onsdag 2. desember kl. 1900. Ulstein Mannskor står for eit stort og allsidig juleprogram.

Det vert også enkel servering og sjølvsagt lotteri med mange og fine vinstar. Under møtet vert det sal av Levd liv 2015 og Hundre år og hundre namn. Sistnemnde bok vert selt til sterkt redusert pris, nemleg 100 kroner.

Årsmøte 2015

Årsmøtesakene blei unnagjort på kort tid. Karl Kleven tok ikkje gjenvalg som vara og Guri Alme blei valgt inn som ny vara.  

Roald Sporstøl fekk så ordet og fortalde om Dragsundet og historia rundt denne viktige ferdselsåra både på land og sjø. Dei minste båtane kunne dragast over på fjøre sjø. Dei større båtane låg i Katavika på nordsida og Katavorå på sørsida for å vente på flo sjø, før sundet første gong vart utdjupa i 1872. Nokre år seinare blei ei skyve-hevebru bygd, den første av sitt slag i Norge. Bruvaktaren var stasjonert på Dragsund sida, med klokke for varsling når folk kom frå Garnessida og trengde brua sveiva på plass. Seinare blei brua liggande på plass over sundet, og blei opna når båtane som skulle igjennom sundet, signaliserte med fløyta. Sundet har vorte utdjupa fleire gongar og som vi veit kom det ny bru. Intersserte kan lese Bjarne Rekdal si historie om Dragsundet, den kan sannsynlegvis lånast på bibloteket.

Møtet blei avslutta med loddsalg, kaffi og kaker.  Årsmeldinga finn du under OM OSS fana.

VELLUKKA VANDRING TIL DIMNASUND

Ulstein Historielag hadde ei særs vellukka vandring i Dimnasund søndag 10. mai.

Trass i dårleg og usikker vêr møtte over 70 personar fram. Fyljet starta ved Straumane, men før starten såg vi det meste av Dimnasund som i si tid låg under prestegarden. Det var plassemenn som dreiv jorda, men underlagt presten i Dimnasund. Då presten flytta til Ulsteinvik vart jorda seld til desse plassemennene. I dag er dette ein særs frodig plass med velstelte hus og gardar. Historia om Dimnasund og området vart fortalt av Aksel Gardshol på ein særs interessant måte. Han er fødd, oppvaksen og bur framleis i området.

Fyljet passerte Ankers minne. Det vert sagt at kona til Anker fekk dette bygd medan Anker var ute på ein av sine mange reiser. Denne er no i særs dårleg stand og burde vere restaurert.

Fyljet enda nede ved sjøet (Isflora kaia). Her var det nistemat og loddsal. Guri Alme fortalde om ein svært fjern slektning, sokneprest Kappelen, som i si tid budde her. Særs interessant. Erling Ove Flø las eit sterkt og gripande dikt skrive av Sindre G Dimmen, som var fødd og oppvaksen i den gamle prestebustaden.

Alt i alt ein særs vellukka vandring.

julemøte på Fredheim 4. Desember 2014

Fullt hus på Fredheim 

Det blei trangt om plassen på Fredheim då Ulstein historielag heldt sitt tradisjonelle julemøte. Ulstein mannskor stod i år, som i fjor, for programmet og dermed var tonen sett for kvelden. Mannskoret var på scena fleire gongar og publikum sette stor pris på songen deira. Kvelden blei leia av Knut Arne Høyvik og han knytte saman innslaga på ein fin og humoristisk måte. Dirigent i mannskoret, Robert Skeide hadde med seg barnebarnet Thomas Frekøy Skeide, og desse to spelte firhendig piano. Eplet fell ikkje langt frå stamma, det var flott å høyre på dei to pianistane. I matpausa blei det som vanleg selt lodd, og drøsen gjekk over kaffikoppane og dei tradisjonelle julefestmatpakkane der maten er pakka i serviettar. Ottar Kaldhol las ei juleforteljing han kallar "Minneljos", som han har skreve om besteforeldra i Kaldholen. Historia minte oss på at det ikkje er lenge sidan Norge var eit fattig land, men folk delte av det lisje dei hadde. Thomas Frekøy Skeide avslutta kvelden med ein fantastisk versjon av "Piano Man". Thomas, pianomann på 15, overbeviste oss om at han kan både synge og spele piano på ein glimrande måte.

Mannskoret i aksjon........
Mannskoret i aksjon........

Biletvandring reiten – Halsen

Det var godt frammøte på biletvandringa Reiten - Halsen onsdag 22. oktober 2014. 

Aksel Hauge starta vandringa på Reiten og Lidarheim og vidare leia han oss utover hus for hus forbi Rabben og Urda. Leif Ringstad fekk eit innsmett her, der han fortalde og viste bilder frå Vollegarden. Det blei tid til matpause og loddsal, før Aksel tok oss vidare til Volleskogen og gamleskulen på Halsen.

Vandring på klubbeneset

Søndag 21. september 2014 var Historielaget invitert til vandring på Klubbeneset. Første stopp var Kleivastova, der Karl Kleven fortalde om historia til Kleivastova, Kleiva og Klubbeneset. Kleivastova er ei røykstove, d.v.s. at det i staden for skorstein, var ljore i taket, med gruva rett under. Røykstova er truleg det eldste huset i Ulstein og viser tydeleg at boligstandarden har blitt bedre dei siste 3-4 hundrede åra. 

Kleivastova har no fått ei plassering der den er lett tilgjengelig for alle. Karl Kleven, har stillt med tomt, Kleven verft i samarbeid med fylket, har flytta og sikra bygget samt stellt til området rundt. 

Vandringa gjekk vidare til sjøbuda på Klubbeneset. Sjøbuda blei for nokre år sidan restaurert  og Karl har teke vare på det meste av vegna og redskapa som høyrer heime i sjøbuda. Mange av gjenstandane er merka med navn,for at kunnskapen skal bli overført til komande generasjonar. Inne i buda sessa vi oss rundt eit stort langbord, leitte fram kaffi og niste og drøsen (og loddsalet) gjekk rundt bordet. Før vi slutta av vandringa, las Karl frå heftet han har laga med forskjellige historier frå Klubbeneset.  Takk til Karl for arbeidet han har lagt ned i vedlikehald, og at han deler resultatet med oss andre.   

Historisk vandring på Ulstein

Bileta under er teke frå ei historisk vandring på Ulstein i høve at skiltinga av kulturminne på Osnes Flø var ferdig.

Nettsida er drifta av