design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

LEVD LIV

Ulstein Historielag vil med årsskriftet Levd Liv knyte banda attover til den lokale historia, og med dette vere med på å skape større interresse og kunnskap om lokal historie. 

Levd Liv blir til kvart år ved hjelp av stor entusiasme og mykje dugnadsarbeid. Boka inneheld stoff begrensa til Ulstein, skrive av lokale artikkelforfattarar eller med tilhørighet i kommuna.

Levd Liv kom til etter eit initativ teke av Ulstein Historielag med Einar Grimstad som redaktør.

Prosjektet byrja i 2005 og det har sidan den gong blitt gitt ut ei bok kvart år i september til farsdagen. Levd Liv blei først publisert av Idéforlaget, som seinare vart Spor forlag. Einar, som dreiv forlaget, døde i 2011, men arbeidet har blitt ført vidare gjennom bror til Einar, Magne Grimstad jr. og Osberget AS. Aksel Hauge, tidlegare leiar i historielaget, har leia redaksjonsnemnda sidan starten.


Bokanmeldelse av Levd Liv frå 2005 av Harald Kjølås:
Levd Liv i Ulstein
"Endeleg har dei fått sitt eige sogeskrift i Ulstein også. Det var på høg tid! I forordet blir ikkje minst redaktøren for årsskriftet, Einar Grimstad, takka for det. I lag med redaksjonsnemnda har han lagt ned eit stort arbeid som viser igjen i eit godt og variert årsskrift. Meininga er nå at skriftet skal vere årvisst, men det ikkje minst avhenge av at Ulstein Historielag og redaksjonsnemnda får mange nok og gode artiklar i tida som kjem. (…) Der er elles også mange andre interessante artiklar i dette fyldige skriftet, og det lovar godt for nytt skrift også neste år."

Les meir om Levd Liv bøkene i vår nettbutikk eller
kjøp dei direkte via Fantastiske Osberget sin nettbutikk.

KVINNER SOM BYGDE EIN BY

“Dette er fyrst og fremst forteljingar om unike liv og erfaringar. Nære forteljingar om menneske som speglar den kulturen dei sprang ut av, både familie- og samfunnskultur og dei tradisjonane som var del av desse.”

Forfattar: Trudi Henrydotter Eikrem
Trudi Henrydotter Eikrem er utdanna ved NTNU/Universitetet i Lisboa med hovudfag i internasjonal politisk historie frå 1996. Ho har også journalistutdanning frå Høgskulen i Volda og har tidlegare jobba som journalist i NRK Møre og Romsdal og NRK P2. Ho er fødd og oppvaksen i Ulstein kommune. Henrydotter Eikrem har undervist i ei årrekkje ved Ulstein ungdomsskule.

Fotograf: Per Eide
Per Eide BA (1954) er utdanna fotograf i England (1975 - 1979).  Per Eide bur i Ulsteinvik, og har hele verden som arbeidsplass. Arbeida til Per Eide har blitt vist på mange gruppeutstillingar og han har hatt 18 seperatutstillingar. Han har teke imot ei lang rekkje prisar for arbeidet sitt, og i 2006 vart han tildelt Norges Fotografforbunds høgste utmerking “Gullmedalje med krans”.

Utgjevarar: Ulsteinvik Sanitetsforening og Ulstein Historielag
Kvinner som bygde ein by blei gjeve ut i 2013 i høve 100års jublieumet for kvinners stemmerett i Noreg. 

Design og oppsett: Fantastiske Osberget

Støttesgjevarar:
John Kleven AS, SpareBank 1 Søre Sunnmøre, Sparebanken Møre, Ulstein Group og Ulstein kommune

Boka er tilgjengeleg via Fantastiske Osberget sin nettbutikk.

Kvinner i lokaldemokratiet

Ulstein Historielag støtta i 2013 utgjevinga av boka Kvinner i lokaldemokratiet av Marit Kvammen gitt ut i høve stemmerettsjublieet.

Høgskulen i Volda skriv om boka:

All merksemda som stemmerettsjubileet har fått dette året, har avdekt at det skulle mykje meir til enn rett til å stemme ved val før kvinner fekk noko dei skulle ha sagt i det politiske livet. Marit Kvammen har skrive heftet «Kvinnene i lokaldemokratiet» og vil fortelje om arbeidet og om særdrag i kommunane på Søre Sunnmøre. Forholda var temmeleg like på bygdene her på Sunnmøre når det galdt å få kvinnene med i politikken.

«Elles ser eg det ikkje så om å gjere å ha kvinner i heradsstyret når ein har vituge menn der.» Desse orda skreiv han i eit lesarinnlegg i lokalavisa Vikebladet, mangeårig ordførar Hans B. Osnes i 1947. Framfor neste val, i 1951, hadde han kome til at «det bør kome inn ei 3-4 kvinner i heradsstyret no. Det er så mange spursmål som eit heradsstyre no skal ta stode til og som kvinnene har betre greie på enn mennene, at dei no bør få plass i heradsstyret». Som vi ser, det går sakte, men sikkert mot kvinnedeltaking, til det i første tiår etter tusenårsskiftet sit kvinner i ordførarstolane både i Volda, Ørsta, Ulstein og Hareid.

Marit Kvammen bur i Hareid, er pensjonert lærar og skribent. Ho var redaktør i avisa Vikebladet/Vestposten  i tida 1982–91. Ho har også lang fartstid i lokalpolitikken.

Sjå heile artikkelen her.

freda kulturminne i kulturlandskapet osnes–Flø

Heftet var eit samarbeid mellom Ulstein Kommune og Ulstein Historielag. Den er bygd på skiltinga av freda kulturminne i kulturlandskapet Osnes–Flø. Heftet er på norsk, engelsk og tysk.

Heftet kan fåast på Servicetorget på Ulstein Rådhus og digitalt her

Materialet er henta frå skiltserien Freda kulturminne i kulturlandskapet Osnes - Flø og er eit samarbeidsprosjekt mellom Ulstein historielag, Møre og Romsdal fylkeskommune og Ulstein kommune i samråd med grunneigarane på Osnes, Ulstein og Flø.

Eksterne midlar:
Riksantikvaren og Stilk-midlar.

Arbeidsgruppe for skilta:
Kristine Brungot, Ulstein kommune; Øyunn Kleiva, Gro Anita Bårdseth, Møre og Romsdal fylkeskommune; Therese Myrene Aurvåg, Tegneren Reklamestudio AS. Arbeidet har vore leia av Øyunn Kleiva.

Tekstforfattarar:
Gro Anita Bårdseth og Øyunn Kleiva.
Omsetjing engelsk: Melanie Wrigglesworth.
Omsetjing tysk: Annette Rust.
Språkvask norsk: Turid Kleiva.

Grafisk design:
Therese Myrene Aurvåg, Tegneren Reklamestudio AS.

Kartfesting Flø og Ulstein:
Kjetil Ulstein, Ulstein kommune.

Teikningar:
Ragnar Børsheim, Arkikon AS, Ole-Magne Nøttveit, Bergen Sjøfartsmuseum, Gustav Osnes og Peder Fritz Waage (Copyright Jorun Waage).

Foto:
Gro Anita Bårdseth, Per Eide, Øyunn Kleiva, Frode Pilskog, Leif Ringstad, Marit Aarsheim Steinnes, Tegneren Reklamestudio AS, Universitetsmuseet i Bergen - Fototjenesten.

Utgitt av:
Ulstein historielag og Ulstein kommune.
Ansvarleg redaktør, Asbjørg Garshol

Økonomisk stønad:
Rolls-Royce, Kleven, Ulsteingruppen

Nettsida er drifta av