design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

levd liv 2014
omslag_levd_liv_2014_nettbutikk.jpg

Levd liv 2014 er den tiande utgåva av årsskriftet for Ulstein Historielag. Årets bok markerer tre jubileum. To hundre års jubileum for Grunnlova, syttiårs jubileum for Ulstein kunstlag og ti år for Levd Liv. Elles fleire artiklar med lokalhistorisk stoff.

I boka, som i år er på 168 sider, vil du finne ein artikkel som fortel om historia bak Levd liv. Du vil også finne mykje lokalhistoriske stoff om 1814. I den andre enden av tidslinja tek boka for seg eit fenomen frå 1980-talet – den gongen den unge Sissel Kyrkjebø samla 1.700 i Ulsteinhallen.

I årets utgåve har Kåre Alme skrive artikkelen «John Alme – japansk krigsfange», Egil Myrene har levert artiklane «Haddal Notlag» og «Steingardane i Haddal». Otto Botnen fortel om «Serine i Nilsgarden». Asle Geir Widnes Johansen har skrive artiklane «Ulstein i 1814 og åra før», «Prestens tale i mars 1814» - og om Sponders Booking som «Ville flytte musikklivet til Sunnmøre». Gunn Berit Gjerde fortel om Osa-Petter, Rolf Sundgot om «Fløhamna». Så fortel Øyvind Hasund om Hallvard Hasund, medan Karl Kleven skriv «Om tida i likningsetaten frå 1956 og framover». Knut Arne Høyvik fortel om «Notbasar i Ulstein». Aud Marit Wiig og Guri Alme avsluttar denne utgåva avLevd liv med «Ulstein kunstlag 70 år».

Som vanleg er boka rikeleg utstyrt med historiske bilde og illustrasjonar; båtar, gardar, bygningar, verksemder og menneske. Ungdomar frå Ulstein Tensing vil selje boka på dørene, i tillegg kan du kjøpe boka hos dei lokale bokhandlarane. Dessutan kan du tinge boka via nettbutikk på nettsidene til Fantastiske Osberget – her.

levd liv 2013
dsc_3284.png

Ulstein Historielag vil med årsskriftet “Levd liv” knyte banda attover til den lokale historia, og med dette vere med på å skape større interesse og kunnskap om lokale historie.

Innhald:

  • A/S Snorre
  • Olav Mathias Seljeseth
  • Svenskeveien
  • Å reise i gamle dagar
  • Den første idretten i Ulstein
  • Ulsteins-kyrkja
  • Tre soger frå gamle dagar
  • Ei 17-maifeiring i Kvitsjøen for 50 år sidan
  • Lidvard Ulstein – eit liv i krig og fred på sjø og land
  • Søndagsskulen i Ulstein
  • Portrett av Oddny Holte
  • Hallbjørg Hop - Omsorgsperson og kulturberar
  • Illegal radiolytting i Ulstein
  • Solveig Berge Strandebø
  • Forliset til “Ulstein 2”
  • Fløminne del 3
  • Kulturminnearbeid på Dimnøya

Boka er tilgjengeleg via Fantastiske Osberget sin nettbutikk.

Levd Liv 2012
dsc_3245.png

Ulstein Historielag vil med årsskriftet “Levd liv” knyte banda attover til den lokale historia, og med dette vere med på å skape større interesse og kunnskap om lokale historie.

Innhald:

  • Dagleglivet på eit småbruk for nokre tiår sidan
  • Leif Hatlø
  • K. Moldskreds Rutebilar
  • Ulstein kristelege blandakor
  • Minne frå Ringstaddalen
  • Stilbok aat Kristine Hasund 1912
  • Olav Ulstein
  • Storsei i Storfjorden
  • Tragedia som råka Haddal
  • På sild og torskefiske
  • Minner frå tidlige barneår
  • Norvald Skeide
  • Litt om slekt og familie
  • Jon opp i Gjerda
  • Fløminne del 2
  • Livet på Borgarøya
  • Gamle bilder frå Ulsteinvik
  • Du veit du er frå Ulsteinvik når...

Boka er tilgjengeleg via Fantastiske Osberget sin nettbutikk.

Levd liv 2011
dsc_3252.png

Ulstein Historielag vil med årsskriftet “Levd liv” knyte banda attover til den lokale historia, og med dette vere med på å skape større interesse og kunnskap om lokale historie.

Innhald:

  • Minneord Einar Grimstad
  • Biskopen og den herlege Oshaugen 
  • Søster Lise 
  • Jonsok-feiring i Ulsteinvik i 1950-åra 
  • Martin Laurits Peder Olson Ulstein
  • Fløminne - del 1
  • Johan Osnes
  • Sundgot Bedehus
  • Å vere barn under krigen
  • Otto Strand 
  • Minne om ein robåt 
  • Fjellgarden Løset
  • Fridtjof Birger Hofset
  • Revefarmar i Ulstein
  • Nesje-Ælina i Eiksund
  • Krigsminne
  • Einar Spjutøy
  • Hans Emanuel Agustinusson Wigg

Boka er tilgjengeleg via Fantastiske Osberget sin nettbutikk.

Nettsida er drifta av