Print
“Ulstein 2” fotografert på hamna i Lerwick på Shetland, mars 1969.
“Ulstein 2” fotografert på hamna i Lerwick på Shetland, mars 1969.

Forliset til "Ulstein 2"

Til neste år er det 45 år sidan ”Ulstein 2” gjekk på grunn og forliste i Rundesundet. Har laga denne artikkelen no, medan munnlege kjelder som opplevde forliset framleis lever.

Artikkelforfattar: Knut Arne Høyvik

«Ulstein 2» var bygd i 1961 ved Kleivset Båtbyggeri Halsa Nordmøre Opprinneleg: - 63,0 fot lang 18,8 fot brei, og 8,8 fot djup. Levert til Svein H Svendsen partsrederi Ulstein. Motor: 150 hk Volda. Lengd til 73,7 fot i 1966, og påsett bakk.

Gud signe vårt folk der dei sigler og ror og blåmyri pløgjer i sud og i nord. Di hand må dei vara som ute skal fara! Dei strevar og balar på skip og i båt, Gud vere i storm og i stilla attåt.

Dei var nesten heime
Klokka er 08.02 den 10. desember 1969. Losbåtmann Paul Pareliussen om bord i losskøyta «Rundøy» som ligg ved kai på Runde oppfangar på radioen at «Ulstein 2» kallar opp Ålesund Radio på naudkanalen 2182 hz, dei ber om ein bergingsbåt med ei god pumpe, dei opplyser at dei har grunnstøytt på skjeret Bollen. Det vert sagt at situasjonen ikkje er kritisk, men at båten lek og tek inn vatn. Like etter tek Ålesund Radio kontakt med «Rundøy» Ti minutt seinare sender «Ulstein 2» ei ny melding. Båten har drive av skjeret, han er mykje lekk. To redningsflåtar var sette på sjøen. « Ulstein 2» ba om å få hjelp straks.

Sigvart Breivik er i dag ein sprek 80-åring, han pjaskar framleis med fiske frå den 35 fots store sjarken sin. Sigvart var 36 år då dette hende, og han fortel at det hadde vore storm om natta, som hadde spakna utover morgonen, men det var framleis stor sjø, og det var ei travel retning å gå unna vind og sjø inn mot Rundesundet. Dei var nesten heime i Ulsteinvik.

Når det gjeld vêret så skriv Øystein Østensen Goksøyr ein rapport til losoldermannen 7. januar 1970.

Der oppgir han at det var sørsørvest styrke 8-10 med regntjukke og sjørok. 8-10 er sterk kuling til storm.

Det er ikkje meir enn ca 370 meter opp til skjeret Bollen og Langskjeret på babord, når ein går leia i Rundesundet. På Bollen hadde det før stått ein varde, no er det berre ein stake utan lys. Fiskarane hadde lenge klaga på at det ikkje var lys på Bollen. I Sunnmørsposten for 11. desember 1969 er oversksrifta:

« Blinklykt på Bollen kunne ha berga «Ulstein 2»
Sæviksteinen på styrbord har ei lykt som er langt oppe på berget, den er vanskelig å sjå. På babord side ser dei ingenting, der er mørkt. På grunn av den store sjøen er ikkje radarsignala så gode. Dei får såkalla sjøekko på radaren, som gjer at staker og små skjer kan vere vanskeleg å sjå.

Vinden sto beint inn Rundesundet, dei sleit med å styre unna vêret, og båten jaga frå side til side.

- Eg vakna av ein kraftig dunk, og fekk på meg litt klede og sprang opp, fortel Sigvart, då eg kom opp i byssa, så datt skapet med tallerkenar ned, og eg blei treft i hovudet, men heldigvis så svima eg ikkje av, fortel Sigvart.

«Ulstein 2» hadde kome for langt til babord av straum og vind, og grunnstøytte på skjeret Bollen, der eit av fundamenta til brua står i dag.

Berre kort tid etter tok sjøen båten vekk frå skjeret. Med avriven kjøl og hol i i skroget dreiv båten no inn mot Langskjeret, og var i ferd med å søkke.

Redningsflåtane sleit seg
Det var kritisk, og alle ti mann hadde kome seg på galgedekk. Begge redningsflåtene blei sette på sjøen. Først slitnar fanglina på den første, og den driv vekk utan at nokon kom seg oppi.

Sigvart hugsa at dei stod på styrehusveggen, og at skipperen av alle ting rulla seg ein røyk, og før dei gjekk i havet sa han: «Skal tru kor mange eg får sjå att»

Svein Harald Moldskred, 31 år, var ein av dei som blei berga. Han kom seg opp i flåte nummer to, før fanglina slitna på den også*

*(Styrken på fanglinene til redningsflåtene blei eit tema, etter dette forliset og som ein konsekvens av det, blei dei gjort mykje sterkare).

- Me følte at me ikkje hadde val, seier Sigvart, så han og skipper Andreas Svendsen (35) og Gunnar Svendsen (22) hoppa og skulle symje mot Langskjeret.

- Det var ikkje meir enn 40-50 meter, men det var mot sjø og vind, det var ikkje som å symje i eit basseng, fortel Sigvart – Då me var komne nesten fram, sa Gunnar at han ikkje orka meir, han hadde ei stor jakke på seg, så eg og Andreas tok han i mellom oss og fekk han opp på skjeret.

Sigvart fortel at han i oppveksten på Harøya nærast budde i vatnet om sommarane i ei fin badevik.- Eg var god til å symje, fortel Sigvart.

Dei sleit med å finne fotfeste på det glatte berget, men får til slutt fotfeste, då kan dei sjå at « Ulstein 2» hadde gått ned, og berre litt av formastra stakk opp.

-Andreas meinte han såg nokon som dreiv forbi skjeret, men det var mørkt, men likevel kasta han eit livbelte i den retninga han meinte at han såg nokon, fortel Sigvart.

Losskøyta går ut
Losskøyta «Rundøy» sender fleire gongar melding på radioen om at dei hadde fått naudmeldinga, og at dei var på veg til ulukkesstaden. Dei får ikkje svar frå havaristen.

Om bord i losskøyta er los Øystein Østensen Goksøyr, Paul Pareliussen og Arne Goksøyr.

- Det var mørkt, og i den sterke vinden og alt sjøroket var det vanskeleg å sjå frå lyskastaren vår, fortalde Øystein Østensen Goksøyr til Vestlandsnytt noko seinare.

Goksøyr fortalde vidare at dei heldt god utkikk, for dei regna med at flåtane kunne vere i drift mot losskøyta. Om lag klokka 08.30 fanga lyskastaren refleksen på ein flåte, like etter såg dei den andre, og frå den plukka dei opp Svein Harald Moldskred. Han kunne gi dei viktige opplysningar om at det kanskje var nokon som hadde kome seg opp på Langskjeret, og at båten hadde gått ned.

Og då losskøyta kom fram, kunne dei sjå folka på skjeret, men ikkje kor mange det var.

Dei manøvrerte losskøyta så nær opp til brenningane dei kunne, for å prøve å berge dei på skjeret, det gjekk ikkje. På Langskjeret var det svaberg rundt heile skjeret og grunnar overalt. På austsida, som var det reinaste området, låg vraket av «Ulstein 2» og stengde for tilkomsten.

Dei måtte berre slå fast at det ikkje gjekk. Det var fløande sjø, og tung sjø, og folka på skjeret ville vere i stor fare etterkvart. Det hasta med å berge dei, men losane fekk litt av eit dilemma, for dei skulle helst ha leita vidare i området etter andre. Etter å ha leita ei stund, så returnerte dei til hamna på Runde for å få tak i ein god robåt, og fleire mann til å hjelpe.

Det var slått alarm på Runde, og folk vart bedne om å gå til strendene og leite etter sakna.

Då losskøyta kom inn på hamna klokka 08.50, var laksefæringen til Sigmund Nilsen klargjord. Den tok losskøyta på slep mot ulukkesstaden.

Det hadde no byrja å lysne, og på veg tilbake fann dei to mann i sjøen, dei vart tekne om bord i skøyta, og det blei gjort opplivingsforsøk. Dei to blei overførte til lastebåten «Deneb» som hadde kome i området. Det blei gjort kva gjerast kunne for dei to fiskarane, men livet sto ikkje til å redde. Dei to var Hallbjørn Kalland (20) og Otto Midtflø (46), begge frå Flø.

Folka på skjeret
Det vart etter kvart klart at det var tre mann på Langskjeret. Dei manøvrerte losskøyta så nær dei kunne kome. Brørne Karsten og Sigmund Nilsen, og brørne Petter og Paul Pareliussen var i båten, dei skulle prøve å redde folka med livbelte og line. Dei gjorde fleire forsøk, og tilslutt greide dei først å hale skipperen Andreas Svendsen gjennom havet til færingen, så vart Gunnar Svendsen hala over på same måten.

Sigvart var svært frosen, og han fortel i dag at han vegra seg for å gå i havet. Men no var bergingsbåten «Mammut» komen i området. Martin Ødegard. d.y gjorde ei stor bragd då han symde inn til skjeret og festa livbøya rundt Sigvart. – Han berga livet mitt, seier Sigvart, som fortel at kampen for å halde seg fast på skjeret hadde teke all huda under beina hans.

Men han fortel også ei historie som han ikkje har snakka så mykje om. For då dei kom til Ulsteinvik med losskøyta, så måtte Sigvart og dei andre handle seg nokre nye klede.

-Eg fekk no ei bukse og sko, og noko til, hugsa ikkje heilt. Ei tid etterpå så sto lensmannen på troppa mi, eg hadde ikkje betalt kleda, fordi eg trudde at det blei dekt av ei forsikring, men det viste seg at når ein kom tilbake til båtens heimkommune, så fekk ein ikkje dekt det. – Det var ei sår oppleving, fortel Sigvart.

Sigvart blei råda til å kome seg på sjøen so fort som mogeleg, og vinteren etter var han kokk om bord i linebåten « Norengen» frå Godøya. Ei dag var det ein båt som trefte hekken vår med ein smell på hamna i Ålesund, - Eg visste ikkje av det, før eg sto på kaia, fortel Sigvart.

Sigvart har greidd seg godt, han hadde til og med eit dramatisk forlis, med sjarken «Rasi». Men forliset i Rundesundet har site hardt i. – Eg har hatt mange mareritt om natta, der eg drøymer at kameratane mine som ikkje kom att, prøver å drage meg ned i djupet. Mange av draumane mine handlar om bestekameraten min «Allen» (Andreas K Ulstein), fortel Sigvart. Han kom ikkje att, og han blei aldri funnen.

Sorg i Ulstein
Losskøyta gjekk no til Ulsteinvik med dei som hadde overlevd, og ambulansebåten «Sanita» gjekk også dit med dei to omkomne. Ulukka hadde blitt kjend i bygda, og det var slekt og vener som stod i djup sorg på kaia, då båtane kom inn med flagget på halv stang.

Leitinga etter dei fire sakna heldt fram til det blei mørkt, og dei neste dagane var mange båtar ute og leitte, men dei fann ikkje dei sakna fiskarane.

Ein av dei sakna blei funnen i fjøra på Nerlansøya i februar året etter.

Mange mindreårige born blei farlause, og det gjorde eit sterkt inntrykk både i Ulstein og andre stader i distriktet.

I Ulstein blei fleire arrangement avlyst, både tenning av julegrana og ein planlagt kyrkjekonsert med Ulf. Sokneprest Bjørlykke avlyste den vanlege høgmessa søndagen etterpå. I staden blei det helde ei minnegudsteneste.

Sjølv om trygdeordningane for fiskarane hadde blitt betre, mangla det framleis mykje på at dei var gode nok for dei som sat att.

Ulstein kommune, v/ordførar Oskar V. Sundgot, Ulstein fiskarlag ved formann John N. Scheide og banksjefen i Ulstein Sparebank Kjell Garnes sette i gang ei innsamling til dei som blei råka. Bankane i Ålesund og Sunnmørsposten tok også mot bidrag. Sunnmøre og Romsdal Fiskesalslag gav 26000 kroner til innsamlinga.

Sjøforklaring
I sjøforklaringa stadfesta forklaringa til skipperen at «Ulstein 2» hadde blitt ført for langt til babord av den sterke SSW vinden og straumen

- På radaren kunne eg sjå dei to stengene på Langefalla - vi hadde dei på babord side som normalt. Like etterpå slo eg på lyskastaren, for det var noko sjørusk på radaren, eg såg ikkje den svarte flytepælen som vi skulle ha på styrbord , men eg fekk inn landet under Sæviksteinen. Eg syns vi var langt unna og sa «Ta litt nærare land» Med det same svinga eg lyskastaren og såg etter staken på Bollen, og i den stride straumen var me komne for nær, sa skipper Andreas Svendsen blant anna i sjøforklaringa

- Kor langt unna, spurte administrator.

- Nokre båtlengder, kanskje hundre meter, men det er lite det på sjøen og i så stri straum. Eg sa styrbord og konsentrerte meg om lyskastaren, båten jaga ein del og eg såg at det var for seint å endre kurs - det ville ført til at vi rende rett på staken. I staden var det slått full fart attover, vi stoppa nesten opp, men blei slengde på skjeret på babord side.

Den 22 år gamle Gunnar Svendsen fortalde om dramatikken, og at han prøvde å lense med dekkspumpa, men at det var nyttelaust, og at han tilslutt berre måtte hoppe i sjøen.

Då administrator spurde skipperen om vêret, så svara Andreas Svendsen nøkternt - Noko forferdelig uver var det ikkje- han bles ein grand og det var litt skvalpesjø.

Etterord
Det er viktig å hugse på at dette var nokre av dei mest røynde og flinkaste fiskarane i bankfiskeflåten på Sunnmøre. «Ulstein 2» var ein av dei gode fiskebåtane i distriktet.

Dei mangla verken kunnskap eller røynsle, men innimellom blir me minna på at havet kan vere nådelaust. For dei som sit igjen kan det hende det er vondt å lese dette. Men nye slekter må minnast på at det ikkje var alle som kom heim når dei skulle skaffe verdiar til land og folk. Og at havet som har gitt oss, og gir oss så mykje, med visse mellomrom dessverre krev noko tilbake. Det er berre ord, og kan aldri bøte på sorg og sakn. Men dei som mista livet denne tragiske desemberdagen i 1969 sto i sitt ærlege arbeid for å skaffe levebrød og framtid for seg og sine. Dei som overlevde og dei som sat att måtte gå vidare uansett. Og det er med den største respekt for dei, og dei som omkom, eg har skrive denne artikkelen.

Knut Arne Høyvik.
«Sorg går ikkje over. Den tek berre ei anna form. Ei sorg liknar på havet. I byrjinga er bølgjene veldig krappe. Så kjem dønningane, men det blir aldri meir havblikk».

- Iben Sandemose

Desse omkom:
Sverre H Dimmen 42 år
Andreas K Ulstein 44 år
Paul Ansgar Ulstein 40 år
(desse var brør)
Otto Midtflø 46 år
Hallbjørn Kalland 20 år
Ragnar Røren 32 år

Desse overlevde:
Andreas Svendsen ( f.1934 – d.1991)
Gunnar Svendsen ( f.1948- d.1998)
Svein Harald Moldskred f.1938
Sigvart Breivik f.1933

Kjelder:
- Sigvart Breivik, intervju
- Diverse artiklar frå Vestlandsnytt, Sunnmørsposten og Vikebladet Vestposten
- Rapport frå los Øystein Østensen Goksøyr til Losoldemannen. Datert 8.januar 1970
- Personboka av Sverre Bjåstad.