Print
Biletet syner ei av dei mange ishavsskutene som dreiv med fiske i Kvitsjøen.
Biletet syner ei av dei mange ishavsskutene som dreiv med fiske i Kvitsjøen.

Ei 17. Mai-feiring i Kvitsjøen for 50 år sidan

«Vikingen» har fått ein prat med han. Det er ein uvanleg 17. mai han fortel om, og det høvde så meint at det no nett er 50 år sidan.
- No fortel Oskar Garnes:

Artikkelforfattar: Oskar Garnes

Det var i 1927, og vi gjekk frå Ålesund med «Furenak» den 16. februar. Nordover kysten fekk vi nokså dårleg ver, og då vi kom til Vardø, låg frostrøyken og skodda tjukk i fjorden. Men vi heldt då fram austover og kom inn mot isen i Kvitsjøen. Då fekk vi nordveststorm. Inn ved land var det likevel ope så vi kom oss inn til Kapp Orlov. Der er ei fin bukt, og der ankra vi for natta. Den natta small han så voldsomt at han kutta kjettingen, og vi dreiv til havs.

Då var ikkje det anna råd, vi gjekk isbaksen. Det gjekk bra til å byrje med, men så fekk vi større is, og så var vi heilt fast. Der vart vi liggjande i over ei veke med masse skruving.

Heldigvis var isen så lav at han skruva båten opp. Omsider kom vi ut i lausare is og kom i gang med noko fangst.

Men så vart det ny storm og skruving. Så hard at rekka låg ei 30 grader utover. Og der var opningar i dekket så vi såg ned i romet. Neste dag fekk vi ei skruving til, men det var lenger oppe. Rekka og dollbordet vart pressa på plass att så ho vart heilt tett. Men då vi kom heim, viste det seg at 23 spant var knekte.

Skuta heldt og fangsten fortsette. Til slutt var skuta full, og vi var klar til å gå heim den 15. mai. Då small han med vestavindstorm att. Isen gjekk saman og vi kom ikkje ut. På nytt vart vi liggande i fleire dagar.

Men 17. mai skulle feirast, det var alle samde om. Alle fekk sitt oppdrag, og så hadde vi eit songkor ombord! Dei hadde vore flinke å synge når det var høve til det, og i stilletida heldt dei øving stadig vekk, i lugaren. Det var han Gran frå Ørsta som var leiar, og dei to Åmbakk-gutane, Odd og Einar, var også flinke songarar. Og der var fleire.

Etter middag tok feiringa til. Fyrst song koret to songar. Deretter heldt skipperen tale for kongen. Den neste talte for Eidsvollmennene. Ein tredje heldt foredrag om selens bevegelse i havet! Så det skifte med alvor og gaman. Kvar mann hadde sitt innslag i programmet, stort eller lite.

Til slutt song koret to songar. Men med det same vi var ferdige, sprang han som hadde heldt tale for Eidsvollmennene oppatt på talarstolen og ropte: «Einig og tro til isen slakkar!»
Og andre dagen slakka isen og vi tok til på heimveg. Frå Vardø fekk vi telegrafere heim. Då hadde vi ikkje hatt kontakt frå vi gjekk frå Tromsø på nord.

Sørover kysten hadde vi bra ver, og då vi kom til Brønnøysund, byrja vi å sjå grøneskogen. Det vart grønare di lenger sør vi kom.

Då vi hadde lossa ut, og skuta var vaska, gjekk vi inn til Sørneset og fekk henne på land der. Så hadde karane pakka sekkene sine og stod langsmed på rekka. Då stilte koret opp og song to fine avskjedssongar, både til seg sjølve og til oss andre. På verkstaden stod alt stilt medan dei song. Ein av dei som høyrde songen, var skulestyrar Gudleik Kalsnes. Han sa sidan at dette var noko av finaste han hadde høyrt. - Vi som var att ombord, var glade for at dei tok dei songane før dei reiste. No er fleire av dei borte.