Print
- Julius Ulstein; litt om idretten i din ungdom fram til Hødd vart skipa. Du er 92 år no og kan fortelje korleis det var.
Artikkelforfattar: Hans Gisle Holstad
- Julius Ulstein; litt om idretten i din ungdom fram til Hødd vart skipa. Du er 92 år no og kan fortelje korleis det var. Artikkelforfattar: Hans Gisle Holstad

Den første idretten i Ulstein

Julius Ulstein var fødd i 1885. Artikkelen er eit bandopptak med Julius Ulstein frå 1977, og stod på trykk i Vikebladet / Vestposten 9. januar 1990.

Artikkelforfattar: Hans Gisle Holstad

Slik startar eit unikt bandopptak som Hans Gisle Holstad tok opp med Julius Ulstein i 1977. Julius Ulstein var fødd i 1885 og var svært idretts-interessert heile livet. Han vart 102 år gamal. Her har vi redigert det som kom fram i samtalen om idretten i Ulstein i tida fram til Hødd vart skipa:

- Du vart fødd i 1855. Var det idrettsarbeid i Ulstein då?

- Nei, det var det ikkje. Men eg hugsar i min oppvekst så var her enkelte som hadde litt interesse for idrett. Og det skriv seg mykje frå mor-slekta mi her på «Solabergjet», der var ikkje mindre enn seks gutar som voks opp, og det kan eg seie at der var litt av nokre kjemper, alle seks. Og det som den tida interesserte oss gutungane var «kven som var sterk».

- Vi fann store steinar som vi lyfte på. Hans Saunes, onkel Hans, bror hennar mor, var det sagt om at han var den sterkaste mann i Ulstein. Var på eksis på Nordfjordeid, og det var ein årleg ting der nede når rekruttskulen var ferdig og dei venta på linja som kom inn: den søndagen var det ein konkurranse mellom nordfjordingar og sunnmøringar: taudraging. Det året Hans var der var også Laurits Fjelle der. Og det var så å seie det einaste året sunnmøringane vann taudraginga. Hugsar ikkje kva år. Det var i forrige århundre. Nokre få år før hundreårsskiftet.

- Så var der ein Olav Svendsen på Ulstein som var halden for å vere den sterkaste der ute. Interessa for sann styrkeprøve var særleg framherskande i denne familien her på «Solabergjet». Kvar det skreiv seg frå: - sikkert uta Skeide. Bestemora mi her på Osnes, ho var uta Skeide, ta' Bønå og der hadde ho ein bror som heitte Kristen Skeide. Far deira heitte Knut og han hadde ein son som visstnok også heitte Knut. Og det var ein store, sterke kraftige gutunge! Faren var så glad ‘ta dinna gutsona sinnj’, at han var so sterke.

Men det fyl dinna slekta. Eg kan nemne berre det at ho bestemor hadde seks sæner og alle var interesserte i idrett. Ei døtte som vart gift inni Dimninje, ho heitte Andrine og ho hadde ei døtte som vart gift inni Ertesvåga. Og alle Ertesvåg-gutane som vart med i Hødd og vart berande krefter. Han Jon og alle. Det var dinnja slekta. Og dei høyrer til dinnje slekta: Leiv Saunes, Hogne Saunes, Karsten Saunes, sønene hans Hans Sundalgutane, døttesønane hans Nils, morbror Nils. Og utpå Hasund, han Kjetil og Hallbjørn, dei var sænene til ho tante Luffa, her frå «Solabergja». Og han Åge Hareide, mora hans er ta' Hasund, same slekta. Uta «Solabergja», uta Skeide, altså.

- Interessa for vektløfting, fekk dei den i det militære?

- Nei, det var slik so var i bygdene. Interesse so va'.

- Kva andre idrettsaktivitetar var her?

- Ikkje noko anna då. I 1908 var eg på ein militærøving. Og for min del hadde eg interesse av idretten. Den einaste av våre, vi var seks brør vi også. Dei andre var ikkje så særleg. Ja, han Hans var litt med på turn.

- Var her turnaktivitet?

- Ja, han Gustav Osnes var i Voldinnje og lærde seg til fotograf og der var det turnforening. Der var han med. Så kom han til Vik, det var etter hundre-årsskiftet.

- Før Hødd vart skipa i 1919?

- Ja, det var det. Organiserte turneringar, samla gutar som var interesserte. Hadde forestilling på Fredheim og viste fram kva dei greidde. Mykje folk som såg på. Då sa han Gustav Osnes etterpå: - Ka du synest, det var vel ikkje så mykje å vise. - Men dåkke kan berre prøve sjølve kor lett det er å gjere det so vi he gjort no!

Var ikkje så lenge det sto på med turn, eit par år. Eg for min del vart svært interessert i alle slag idrett. Heldt til på attelegå nedpå Ulstein, gjekk på hendå, hopping og alt sånt. Slik at då eg kom på sesjon, begynte eg der også, heilt frivillig. Tenkte på denne konkurransen som skulle verte mellom sunnmøringane og nordfjordingane når rekruttskulen var slutt. Det var oppsett nokre hinder også. 1400 mann som møtte opp alt i alt. Eg hadde øvt, der var ørstingar og ålesundarar og nordfjordingar som øvde på ditta der. Det var løytnant Edvard Os, kaptein seinare som hadde oss. Eg kan rite opp kva den konkurransen var. Det var inndelt i tre forskjellige øvelsar. Men samansleie øvelse! Ein øvelse var lengdesprang, høgdesprang og treskrittssprang. Det var ei gruppe. Så var det 100-metersløp, klatring i tau og hinderløp, det var den andre - og den tredje var terrengløp. - Trening måtte vi drive med sjølve. Eg tok 1.-premie i lengde og høgdehopp. I dei andre øvelsane der vart eg nr. 1 i hinderløp, men dei to andre som var der ein nordfjording, ein smed, som gjekk framom meg. Huskar ein ting frå hindreløpet. Det stod ikkje på meir enn knapt eit minutt. Og eg tok desse hindera og då eg var ferdig så å seie med det siste var der ei flate strekning mot mål og der var berre nokre kasser som ingenting var å rekne på. Men eg var så gåen at tanken kom, at no var eg ferdig og kunne ta det med ro. Eg var sprengde. Men så kom tanken som eg vil tru kjem med mange av desse som held på no for tida. Dei tek ut det siste. Det gje' på viljen, ikkje kreftene. Enn om det er berre det lissje stykket som vert avgjerande mellom nr. 1 og 2! Eg tok meg saman og sprang siste skritta. Skilde berre ¾ sek. til nr. 2. Eg vann. Eg var så gåen at eg gjekk og berre ville kaste opp.

- Var her vintersaktivitetar i Ulsteinvik?

- Nei, ikkje då. Neidå, det var her ikkje så eg kan huske. Og so vidt eg veit vart det ikkje noko særleg før fotballen begynde.

- Då er oss kome til 1919. Men folk spelte vel fotball før?

- Ja i 1918 var me på nøytralitetsvakt i Trondheim, etter krigen, der låg ein tysk båt i Lofjorda som var internert der. Han låg der. Og uti byen var der ein del, og eg ein av dei. Gjekk vakt ned på kongsgarden som dei kalla det. Og der hende det: mens eg var der kom der eit fotballag frå Grenmark krets i Vestfold som skulle ha ein fotballkamp med eg trur det var Kvik eller Brage, eg er ikkje sikker. Eg hadde aldri sett fotball i mine dagar før. Dit ville eg gå og sjå. Der var ei fotballbane der dei sprøytte med vatn om vinteren og gjekk skøyte. Vart så begeistra når eg såg dessa karane. Tenkte at ditta der må me få i gong når med kjem heim igjen. Var ingen som hadde drive fotballsparking heime. Etter fotballkampen kom eg i kontakt med ein ålesundar. Ålesundaren forklarte om reglane slik at eg vart kjend med dei. - Når eg kom heim var der kome ein familie frå Ålesund, Karlsen heitte dei, dei var her på ferie med Olavius Hofset. Det var ein «Kalla» Karlsen. Dei ha' begynt oppi «Gamletorva», oppå Eida, Osneskarane, lenger oppe og bakafor der det er byggefelt no. Der hadde Osneskarane torvmyr utlagt dei åtte, og der hadde dei begynt å spele fotball, desse ålesundarane. Eg kom med, og Elias Garshol var ein av dei forskjellige gutungar her i Vik som var med. Dei som seinare vart berande krefter var for unge då. Ole Alme var der, det huskar eg. Og så var det Hofsetgutane, Hans Ringstad og Harald Ringstad og forskjellige der no.

Det var i 1918. Det vart ikkje så mykje då. Men i 1919 då samla me saman her. Og så hadde vi ikkje bane. Leigde attelege med Benjamin Osnes, skulle pløgjast opp året etter, så han ikkje var så nøye med det. Skulle betale 200 kr. i leige etter at han hadde sleie ta. Fotballen var begrensa til etter slåtten. Og då begynte det å bli aktuelt dette med bane.

- Og så tok eg ein dag, ein finversdag, og gjekk frå Reita og oppigjønå utmarka eit stykkje. Framigjønå og såg etter om der var nokon plass som var brukandes. Heilt fram til Holsækrane. Kom over dinnja flata so ho enke Ragna Holseker hadde, der var ei flate so va' etter mi meining stor nok til å verte fotballbane. Berre sur myr mykje. Nedafor veien der huset hans Olav Dimmen er. Så vende eg meg til verjene for denne enkja og høyrde me dei om dei ville selje til fotballbane. Og det ville dei. Det var nokså forfalle. Ei fatig enke. Husa nokså forfalne og ho trong penge. Skulle få kjøpe det. Eg fekk det på hand. Prisen var 6000 kroner. Det var mykje penge. Og så begynte me å fare over og skulle samle inn penge. Eg veit han Bern-Jon oppi gjerda gav 750 kroner. Skipsredar han då! Eg tinga meg for 500 kroner. Olav Vik, Knut Dimmen, Olavius Alme, klokkaren, Gustav Osnes Johannes Eiken slutta seg til. Alle desse gav 250 kroner. Og så når dette var i stand måtte me låne resten. Samla saman eit møte. På kjellaren i noverande Hotell Central. Eg åtte det då. Der møtte alle interesserte ungdomar. Trur der var iaffal 20-tals personar. Det som hadde skjedd før var framme med distriktslækjar Valderhaug var halde eit selskap og der var dei med; presten Hoem og klokkaren Alme, Martinus Osnes var no ein religiøs ledar her i Ulstein, han Lars Garshol og alle som betydde noke i bygdene var i ditta selskapa. Ha begynt å prate om ditte styre med fotballen og resultatet var at me fekk beskjed frå dei at dei sympatiserte mykje med ditta der no. Dei skulle vere med å helpe økonomisk og moralsk. Kan skyne det var den største hjelp me kunne få, for bygda var ikkje alle tider så enkel med sånne ting. Så kom møtet ned på Central og eg fortalde kva som var gjort; at vi hadde det på hand.

- Var det du som sto i bresjen for det arbeidet?

- Ja, eg stod i bresjen ilag med han Gustav Osnes, vi to eigentleg. Me var dei yngste. Alle saman var begeistra, gode greier. Men så vart det hevda at ein kunne bygge hus og kanskje danse litt også. Det var eit anna syn på dans no, enn då. Men vi kunne ikkje rekne med å få støtte i bygda med dansehus slik at alle dei religiøse leiarane hadde støtta bane.

- Var det ikkje snakk om to fotball-klubbar den gongen?

- Ja, Hødd vart stifta då, tidlegare på året i 1919. Gustav Osnes og eg samla nokre yngre; Nils Osnes, Bjørn Meinset, Leiv Saunes, Johannes Saunes, Arthur Saunes, eindel som var for unge til å vere med. Vi danna då ein ny klubb som vi kalla Vikingen. Me overtok idrettsplassen der framme.

- Kvifor braut dokke ut?

- At me hadde fått bana på hand og ville ha det gjønå. Kva dei andre ville vedkom ikkje oss. Det som skjedde var at vi skulle begynne å arbeide opp bana. Helge Løvland, ti-kjemparen, kom frå idrettsforbundet, vi skreiv til dei, og såg på bana. Annonserte støtte. 1500 kroner til opparbeiding. Resten lånte me i banken. Nokre svenske anleggsarbeidarar her i bygdinje begynte å grøfte opp. Var no ikkje istand skikkeleg. Imidlertid hadde Hødd, dei litt eldre i flokken, fare opp på Støylane og kjøpte det som no er Høddvoll. Dei også søkte om tilskot i idrettsforbundet. Idrettsforbundet svara at det kunne dei ikkje forstå, dei hadde alt gitt tilskot. Og dei sende Nils Ringstad, - han kom her og skulle halde eit møte med oss innpå huset hans Karsten Ottesen. Der møtte eg og Gustav Osnes på Vikingen si side. Og dei hine. Karsten Ottesen, Ringstadgutane og alle dei andre for Hødd.

- Du var også med på å skipe Hødd?

- Ja, eg var med på å skipe Hødd, men braut ut. Dansehusspørsmålet som gjorde det. Dokke får ekskludere meg om dokke vil, sa eg. Det var det som splitta oss. Nils Ringstad ville at vi skulle slå oss saman. Karsten Ottesen førde ordet heilt åleine for Hødd. Det var ikkje råd først. Så vart det gjort eit nytt forsøk. Knut Garshol, eldste sonen hans Lars Garshol, var formann i styret for Hødd. Ein dag ringde presten Hoem og ba meg kome på kontoret til han og snakke. Der sit Knut Garshol. Presten ville at me skulle gå samen. Presten var ein klok mann og var meglar og fekk i stand eit forslag til forlik som både eg og Knut Garshol godtok. Men det skulle behandlast i Hødd igjen, men ikkje tale om. Karsten Ottesen var sterkt i mot. Ikkje tale om. Ikkje gagn ti`.

Hødd begynte å opparbeide bane på Høddvoll. Kan ikkje huske at dei fekk tilskot. Eg har aldri vore medlem av Hødd sida. Vore patriot og forskjellig. Vart tildelt ein krans under 50-årsjubileet. Halde ein tale til meg. For interessa mi. Dei fann meg alltid på tribunå. - Fotball vart dominerande i bygda. Kan ikkje huske det var noke anna enn fotball.

- Kva var den første fotballkampen i Ulsteinvik, mot andre bygder?

- Det var i 1919 eller -20. Kan godt hende i 1920. Kamp mellom Smart, Ålesund, og Hødd på Volljå, der fekk me leige ein plass då. Huskar ein kjend fotballspelar, ein By, som var med, han var senterløpar og ualminneleg flink. Ikkje råd å få ballen forbi `nå. Vi hadde skikkeleg ball. Hødd tapte naturlegvis stort. Det var ålesundsklubbane og seinare Rollon og Aalesunds fotballklubb utgjønå 20-åra.