Print
Svenskeveien er ein kløvvei som går frå Eiksundsætra til Supasteinen.
Svenskeveien er ein kløvvei som går frå Eiksundsætra til Supasteinen.

Artikkelforfattar: Norvald Myrene

I Eiksund har det vore embetsfolk og rikdom i mange hundre år.

Til dømes Jens Gunnarson Eiksund, som var største jordeigaren på Sunnmøre på 1600 talet, og eigde gardar i Vanylven, Syvde, Sande, Rovde, Herøy, Ulstein, Hareid, Ørsta, Volda og Hjørundfjord. Ein som kunne ha merkt seg ut med tanke på Svenskeveien er Hans Mathias Frimann Dale von Hegelund. Han var son til presten Hegelund i Etne, hadde gått Den Matematiske Skole i Kristiania, og kom i militærteneste alt som 15 åring.

Han var 31 år og nygift då han busette seg i Eiksund. Her vart han buande i 18 år, var kaptein ved S. Søndmørske Komp., og sjef for N. Søndfjordske Komp. Han kunne kjenne kanalane for å leige fangar.

Folk let seg imponere av tittel og uniform, unnatekje paktarkona. Ho skjelte han ut,og kalla han ein fant “til min Stand og Character til største Forkleinelse”.

Paktarkona var fødd på Massgarden i Follestaddalen 1764 og fekk namnet Synneve Madsdotter Follestad. Ja desse ørstingane.

Kaptein Hegelund var i Eiksund under Napoleonskrigane, som nok gav rikeleg tilgang på krigsfangar frå ymse land. Han flytte frå bygda samstundes som Napoleon flytte til Elba. Det vart nytta mykje leigesoldatar,

Døme: I Kalmarkrigen i 1611 som gjekk føre seg i Småland var det utskrivne 851 leigesoldatar frå Sunnmøre. Leigesoldatane hadde store privilegium, var høgt akta, og var viljuge til å reise lange vegane for å få seg ein krig. Så ein ser ikkje bort frå at Napoleon nytta både nordmenn og svenskar.

MEN: Var Svenskeveien bygd i 1811, var det berre 57 år før bestefar vart fødd, så då måtte det måtte finnast fleire opplysningar enn “Det seiest at Svenskeveien skal vere bygd av svenske krigsfangar”. Tvers over fjorden, på Vartdalsida, har ferdsla mellom Vartdal og Liadal gått gjennom eit dalføre der ein sidedal heiter Svenskedalen. Ulstein Bibliotek har fått tak i litteratur frå Ørsta som kunne ha gitt opplysningar om Svenskedalen. Men dalen er ikkje nemnd anna enn på kartet.

Når ein blader i dei lokalhistoriske bøkene, finn en gode og detaljerte opplysningar attende til 1600, men så går det over til “prikk prikk” og tomrom. Dermed kan ein nesten gå ut frå at Svenskeveien er bygd før 1600.

Den nordiske sjuårskrigen
Den nordiske sjuårskrigen, der Sverige hadde planar om å legge Noreg under seg for å få tilgang til havet i vest. Dei hertok Trøndelag i 1564. Nokre månader seinare måtte dei trekkje seg attende.

I Eiksund var det allereie på den tid søkkrike folk som t.d. Gudbrand i Havåg som kanskje ikkje hadde så stor interesse for ein Svenskevei då beiteretten hans var i Havågsmarka. Bror hans budde lenger inne i bygda, men er ikkje nemnd i slektsboka.

Dette var karar med innverknad: Kong Kristian 4. overnatta her i 1599.Han var vigsla til konge tre år før, og var særskilt interessert i Noreg.

Kong Kristian 6. overnatta i Eiksund på veg sydover i august 1733, ”etter å ha lege verfast i ei heil veke i eit lite fiskevær som heitte Ålesund.”

Sverige kapitulerte ikkje før i 1570. Eventuelle svenske fangar kunne såleis drive veiarbeid i fred og ro i 6 år.

Svenskeveien
Svenskeveien kan vere 414 år, og var så ny då den 22 år gamle kong Kristian 4. var i bygda i 1599 at den berre hadde rokke å verte skikkeleg tiltrakka.

Det var ikkje berre sov kongane gjorde når dei “overnatta”. Ein av kongane skulle ein tur til Ørsta,og folk frå Eiksund rodde han i ein stor skyssbåt. Då dei rodde framom Liadalsnipa, sa kongen: ”Dette er ein stygg fjelltopp; den burde fjernes” Det kunne nok ikkje late seg gjere, meinte ein av skysskarane. “Tviler du på Kongens makt?” “Nei, herre konge, men eg vågar toppen.”

Svenskeveien er ein kløvvei som går frå Eiksundsætra til Supasteinen. Det er og kløvvei frå Supasteinen til Gjerde.

For å gjere ære på krigsfangane (og kan hende kongen?) kunne ein del av Styrkeprøva gå ned Svenskeveien som startar på sydsida av Dalselva der ho går utfor egga. Veien går i siksak ned Svenskeberget til sjøss, og endar i høystyda nokre meter syd for Supasteinen som er nokre meter syd for Kvitåa. Nord for Kvitåa er Storeslætta. Ved Supasteinen er den eine Høystyda, og i nørste kanten av Jønnura er Slokasteinen og den andre Høystyda.

Nedanfor Ellinggylet, under Svartånottane, i Svenskeberget og i Fjellsteinane har det vore mykje aktivitet. Her var slåttemark.