Print
Fødd 31.03. 1892 og død 17.06. 1960.
Fødd 31.03. 1892 og død 17.06. 1960.

Olav Mathias Seljeseth

Ei forteljing om ein grunnleggar
Han skreiv seg for O.I. Seljeseth. I kjem frå faren Ingebrigt. Han blei fødd på garden Seljeset i Gurskedalen, den gong i Herøy kommune, seinare Sande kommune.

Artikkelforfattar: Arnt Seljeseth

Foreldra hans heitte Oline Ananiasdotter Kleppegjerde og Ingebrigt Johnson Seljeseth. Dei dreiv garden Seljeset.

Rasmus, bror til Ingebrigt, dreiv handel i kjellaren på Seljeset. Han hadde også ansvaret for posttenesta.

Seinare fekk garden også ansvaret for telefontenesta.

Rasmus flytta etter kvart butikken til Larsnes.

Oline, mor til Olav, var yngste dotter til Kleppesmeden, den gong ein kjend mann i distriktet som det gjekk mange historier om. Han var fødd i Kaldvatn i Volda kommune i 1803 og kom roande til Kleppe på Leikong med si unge kone, Dorte Sjursdotter. Det er rart å tenke på at artikkelforfatteren sin oldefar blei fødd for 210 år sidan.

Olav var yngste barn. Han hadde ein bror og to søstre.

Alvorleg sjuk
Då han var ferdig med skulen, han gjekk på omgangsskule, blei han alvorleg sjuk. Han fekk brysthinnebetennelse og låg til sengs i fire år. Foreldra hans hadde gitt opp alt håp. Han låg på eit rom dei kalla for blåromet med utsikt til eit fjell, Vasshornet, som stengde for all utsikt. Mor Anna fortalde at han seinare i livet sjeldan eller aldri gjekk innom blåromet då dei var på vitjing på Seljeset.

Til alt hell kom det ein nyutdanna lege til Larsnes. Han hadde noko så nymotens som ein sykkel. Denne legen kom med nye medisinar som gjorde Olav frisk.

Frisk start på arbeidslivet
Den første vinteren etter at han blei frisk, fekk han hyre på ein fiskebåt. Han var også med til Island på fiske der. Han fortalte seinare i livet at nokre av dei norske fiskarane «for stygt åt» på Island. Vi spurte han ikke kva han meinte med det. Sjølv som born forsto vi nok kva som hadde skjedd.

Etter denne perioden på sjøen reiste han til Sør-Varanger på anleggsarbeid. Der var han i to år. Han fortalte at han ein søndag hadde gått over grensa og inn i Russland. Dette var fleire år før revolusjonen. Likevel var det spennande for oss borna å høyre at han hadde vore i Russland.

Så reiste han til Sunndalsøra og arbeidde der til krigen braut ut i 1914. I ei periode var han også i Sulitjelma på gruvedrift.

Militærteneste
Han blei så innkalla til rekrutteneste på Setnesmoen ved Veblungsnes. Då denne var over, søkte han på ein jobb som assistent til ingeniøren på Raumabanen. Dette var ein spennande og interessant jobb for ein ung mann. Her var han i vel eit år.

Han fortalte mange historier frå denne tida. Mellom anna ein laurdag då ingeniøren og han køyrde med hest og karjol framover dalen for å sjå på framdrifta i arbeidet og betale ut løn. Dei var noko tidlegare ute enn elles. Då dei kom opp på ein bakketopp med utsikt over anleggsområdet, såg dei at anleggsarbeidarane var på veg mot brakkene, ein halv time før arbeidsslutt. Då dei såg hesten og vogna med dei to sitjande oppi, sprang dei tilbake til arbeidsplassane og arbeidde på spreng. Det var spesielt ein Olav fortalte om fleire gongar. Denne mannen var liten, tjukk og raudleitt. Han stakk hovudet i ein kulp så vatnet rann nedover andletet og arbeidde i eit voldsomt tempo då hest og karjol nådde fram.

Ingeniøren ville at Olav skulle reise til Trondhein og ta ingeniørutdanning. Det var nok freistande, men han synest at utdanninga tok for lang tid. I ettertid kan ein fundere på om han ikkje burde ha gjort det. Vi skal seinare sjå at han brukte fem år på yrkesutdanning i godt vaksen alder .

Gode pengar i Ulstein
Årsaken til at han slutta på Raumabanen var eit brev frå bror sin som fortalte at dei gjorde gode pengar på fiske i Ulstein. Hit kom Olav i 1915 for å drive fiske.

Det var her han møtte kona si, Anna Betty Mathea Dimmen, frå Ellinggarden i Dimna. Dei gifta seg i 1917 og budde i Ellinggarden i mange år.

Etter ei tid på sjøen fekk han hug til noko anna. Han braut tvert med sjømannsyrket og reiste til Aalesund som det heitte på den tida. Her byrja han i møbelsnikkarlære i snikkarbedrifta K.J. Olsen.

Han tok svenneprøva og meisterbrev, og vart såleis møbelsnikkarmeister. Dette tok fem år.

På denne tida hadde han fått fleire born som budde i Ellinggarden. Dei såg nok faren sin heller sjeldan i desse åra. Å reise frå Aalesund til Dimna på denne tida var ei heller lang reise.

Han fortalte at om kveldane i Aalesund høyrde han mykje på Frelsesarmeen sitt musikkorps. Det var god underhaldning og fin musikk, synest han.

Etter tida i Aalesund reiste han attende til Ulstein, leigde eit rom i O. Ringstad & Sønners Trevarefabrikk i Ulsteinvik.

Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk A/S blei skipa i 1927
I 2 ½ år dreiv han snikkarverkstad for seg sjølv, inntil han i 1927 skipa aksjeselskap saman med brørne Harald og Ole Ringstad, og Fredrik Fredriksen. Han tok leiinga som disponent av fabrikken som fekk namnet Ulsteinvik Møbel- & Trevarefabrikk A/S.

Utvidingar og modernisering blei stadig sett i verk, arbeidsmengda vaks, og meir og meir folk måtte tilsettast. Arbeidsplassen blei etter kvart for liten. Dei måtte derfor ta steget heilt ut, og i 1937 blei gamlefabrikken riven. Ny og større fabrikk blei reist. Før utvidinga i 1937 var det 16 mann i arbeid. Etter utvidinga og moderniseringa var det på det meste 85 mann i arbeid – på dag - og nattskift. Møblane dei laga var for spisestove og soverom.

I tillegg til produksjonen av møblar, hadde dei trelasthandel, samt produksjon av dører, vindauge og trapper.

Største arbeidsplassen
I følgje Vikebladet Vestposten 2. januar 2003, var bedrifta den største arbeidsplassen i kommunen først på 50-talet.

Ulsteinvik Møbel-og Trevarebabrikk A/S var etter krigen ein av dei leiande og av dei største i bransjen i Møre og Romsdal. Ein av årsakene til at det gjekk så bra, var at fabrikken leverte solide og stilreine møblar som hadde godt ord på seg i vide kretsar i landet.

Tragedia råka familien
Etter nokre år som leigebuarar, kjøpte Anna og Olav i 1928 huset av enka etter Edvard Molvær, Oluffa Bakke Moldvær. Det hadde seg slik at Edvard Molvær som var skipper på ein fiskebåt, omkom i ein forrykande storm i overfarten frå Island i 1927. Sverre, yngste bror til Anna, omkom også i same stormen. 17 år tidlegare omkom ein annan av brørne til Anna, på Lofotfiske. Han heitte Georg. Begge desse gutane var berre 21 år då dei omkom på sjøen.

Ved midnatt denne stormnatta i 1927 høyrde Anna at nokon kom inn i huset, gjekk opp trappa, opna ei dør og deretter blei det stille. Dagen etter sa Anna til Oluffa Moldvær at ho høyrde mannnen hennar kom heim ved midnatt. Nei, han kom ikkje heim i natt, sa fru Moldvær.

Det viste seg at dette var omlag same tidspunktet som skuta til skipper Moldvær forliste.

Familielivet til Anna og Olav
Anna og Olav fekk ti born, seks jenter og fire gutar, som alle vaks opp.

Olav la seg ikkje bort i offentleg styre og stell. Han var så oppteken av arbeidet på fabrikken, både i yrke og helg, at det hadde han ikkje tid til. Frå barne- og ungdomstida kan eg hugse at han om søndagane tok fram teiknebrettet for å lage nye møbelmodellar, på spisebordet i stova.

Hans store interesse utanom arbeidet var frukttrea både i hagen i Ulsteinvik og på Seljeset. Der planta han ein god del frukttre i hagen i nærleiken av hytta som blei bygd like etter krigen. I byrjinga av krigen kjøpte han halve farsgarden av bror sin. Om sommarane var heile famlien der på slåttonn. Sidan det var mange munnar å mette i familien, var mjølk og kjøtt frå gardsdrifta kjærkomne tilskot til kosthaldet. Ein del saueull kom også frå gardsdrifta. Eg hugsar godt mor Anna karda ull og spann tråd på rokken.

Ein upopulær kveldsjobb for dei eldre brørne mine var å sveive separatoren slik at ein kunne lage smør. Når krigen slutta, blei gardsdrifta på Seljeset avvikla.

Utklipp frå Vikebladet i 1942
For å få eit inntrykk av personen O.I. Seljeseth, refererast det her frå eit avsnitt i Vikebladet i mars 1942 i samband med hans 50 årsdag:

«Disponent Seljeseth er ein dugande fagmann, strevsom og energisk. Han er gemyttleg, men heller stillfarande, og har aldri lagt seg bort i det offentlege styre og stell. Men all si arbeidskraft har han ofra for verksemda og på å skape det beste og mest moderne innan møbelbransjen».

Ein kan gjerne legge til at han var prototypen på ein sunnmøring: sparsam, nøysam, arbeidssam og uhøgtideleg. Det blei sagt om han at sjølv då han gjekk i lære i Aalesund så la han seg opp pengar.

Då han reiste på forretningsreise til Oslo, budde han billegast mogleg, nemleg hjå dottera og svigersonen sin. Dette var både under og etter krigen.

Då krigen braut ut 9. april 1940 budde han på Standard Hotell i Oslo. Det låg i krysset St. Olavs gate og Pilestredet. Det er mange år sidan det blei borte. Då han kom i spisesalen om morgonen, krydde det av uniformerte tyskarar som han dagen i forvegen hadde sett i sivil.

Det må forteljast om ei hending på ei reise til Oslo, sannsynlegvis i 1937, i samband med bygginga av ny fabrikk og kjøp av nye maskiner etc. Olav og tre andre reiste til Oslo for å sjå på utstyr etc. Dei leigde ein drosjebil – han Mette-Nils - for å gjere turen rimelegast mogleg. Turen gjekk bra den. For Mette-Nils var ingen råkjørar. Men då han kom køyrande ned Karl Johans gate i Oslo losna det eine hjulet og strauk avgarde framover. Ein kan berre tenke seg kor komisk denne situasjonen må ha vore.

Etter eit langt, rikt og strevsamt arbeidsliv, fekk Olav kreft då han var midt i 60-åra. Han var to gongar pasient i vekesvis på Radiumhospitalet, men livet sto ikkje til å redde. Han døydde på Radiumhospitalet 17. juni 1960, 68 år gamal.

Kona Anna, som var omlag eit halvt år yngre, levde til ho var nesten 83 år.

I tida mellom arbeidet på Raumabanen og læretida i Aalesund, blei Olav kalla inn til nøytralitetsvaktteneste på hjelpekryssaren Berlin som låg ankra opp i Hommelvik.

Han fortalte seinare at dei ofte høyrde plask i sjøen då dei gjekk vakt. Det var tyske soldatar som fira seg ned ankerkjettingane for å rømme.