design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

På biletet ser vi Ingeborg og Andreas Ringstad. Desse var besteforeldra til Andreas som har samla og fortalt sogene.
På biletet ser vi Ingeborg og Andreas Ringstad. Desse var besteforeldra til Andreas som har samla og fortalt sogene.

Tre soger frå gamle dagar

Då eg vaks opp hadde vi ikkje elektrisk straum på Ringstad før eg var i 10-11-årsalderen.

Artikkelforfattar: Andreas Ringstad

Oljelampen og fjøslykta med sitt svake skin gjorde at det var halvskymt både inne og ute, og dette gav rom for fantasien så vi trudde både på tusser og troll.

På garden der eg budde vart det fortalt nokre soger som gjekk i arv, og som bestemor Ingeborg og tante Anna fortalde mens rokken gjekk og forvandla saueulla til heimelaga spøta- tråd.

Ei av desse sogene fortel om ei hending frå Hammarstøylen, ei fortel om ein slagbjørn som var på ferde, og den tredje om fanten som møtte honden hass Jo Fjelle.

Hammarstøylen, som ligg framme ved Fjellsbrekkene, har vore i bruk på eitt eller anna vis i uminnelege tider, enten som eige gardsbruk eller som beitemark og støl for næraste gardane.

Då den store pesten kom til landet på midten av 1300-talet spreidde smitten seg også til vår landsdel, og alt folket på Hammarstøylen vart sjuke og døydde.

Før pesten slo til, var garden i drift som eige gardsbruk, men då folket døydde, vart den liggande som øydegard i lange tider. På 1600-talet veit ein at garden var teken i bruk på nytt, men seinare vart den igjen fråflytta.

Gjennom skiftande tider har såleis garden vore i bruk og blitt lagt ned fleire gongar. Som sæterbruk var den i bruk heilt fram til 1950-talet.

Den siste som budde på Hammarstøylen sumarstida var så vidt eg veit ei eldre dame som vart kalla Hjelle-Lisa. Ho var frå Hareid, og eg kan minnast at mor og eg var på vitjing hos henne ein gong.

Kva tid hendingane som er fortalt om i sogene fann stad er uvisst, men for den første må det ha vore i ei uroleg tid då ein av hovudpersonane var borte i fleire år i krigsteneste. Soga lyder slik!

Fjellssylvet
For lenge sidan var det berre ein brukar på Fjelle.
Han dreiv og hadde råderett over alt det som seinare vart oppdelt i fleire bruk, og i tillegg brukte han Hammarstøylen som sumarbeite til dyra sine. Til dagleg vart kyrne gjætte av dotter til bonden, og om kvelden førde ho dei ned til gardsleet til kveldsstell og mjølking. Dei heldt seg der i ro over natta, og etter at morgonstellet var gjort, førde ho dei på nytt fram på støylen.

Denne gjenta var vide kjend fordi ho var så vakker, og på folkemunne var ho difor nemnd som ”Fjells-lilja”.

Nede i Haddalbygda budde det ein jamgamal gut som etterkvart vart trulova med jenta, og planer vart lagde slik at dei to med tid og stunder skulle gifte seg og ta over bruket på Fjelle. Ute i verda var det urolege tider då som no, og då landet vårt låg under Danmark, vart også norske gutar utskrivne til soldater i danskekongens teneste. Slik gjekk det også med denne guten.

Ordren kom om å møte, og sidan vart han send utenlands i krigsteneste. Tida gjekk, og med ujamne mellomrom kom det melding til Fjelle om at alt stod berre bra til, og at guten rekna med å vere heime om nokre år. Jenta arbeidde trufast på garden hos foreldra sine og venta på dagen då soldaten skulle få fri og kome heim.

Så var det seint ein sumarskveld at alle dyra som ho passa kom rennande med buring og beljing ned mot gardsleet.

Far til jenta gjekk dei i møte for å roe dei ned, men dei berre tana forbi og trykte seg i hop mot leet og gjerdet i samla flokk mens dei rauta og stampa i vill panikk. Far til jenta gjekk då eit stykke fram i marka for å sjå om noko ille hadde hendt henne, men ho var ingen stad å sjå.

Det vart leita etter henne ut over kvelden og natta utan resultat, og dagen etter vart det samla manngard frå Haddal og Ringstaddalen, men sjølv om det vart leita i dagevis, fann dei ikkje spor etter henne.

Til slutt måtte dei berre innsjå at jenta var søkk borte. Dei rekna med at ho på eitt eller anna vis måtte ha drukna i Hammarstøylvatnet, og einaste vona foreldra hadde var at dei før eller seinare ville finna henne att slik at ho kunne verte gravlagd på kristent vis.

Tida gjekk, og hausten og vinteren tok ende, men spor etter jenta vart ikkje funne, same kor dei sokna og leita både i fjellet og i vatnet.

Foreldra innsåg etter kvart at dei måtte leve med sorga og uvissa, men livet måtte gå vidare, og dei forsona seg etter kvart med det store tapet.

Mot somaren året etter kom det bod frå Haddal at soldaten var på veg heim, og på sjølvaste jonsokafta kom han på vitjing til Fjelle. Han var då blitt fortalt korleis stoda var, men for å glede og trøyste foreldra til jenta ville han gi dei alle gåvene som han hadde kjøpt til henne. Dei pratast lenge om det som hadde hendt, og guten ville deretter ta seg ein tur framover mot Hammarstøylen. Han ville også gå seg ei runde rundt vatnet, delvis for å leite og delvis for å ta avskil med henne som var sakna. Far til jenta hadde ei børse hengande på veggen, og denne fekk guten låne slik at han ikkje var heilt forsvarslaus om han skulle møte på udyr i marka. Dette var ut på kvelden, og det nærma seg midnatt.

Då han kom fram på høgda, var det som han såg eit svakt lysskin borte i skråninga der husa på Hammarstøylen hadde stått i gamle dagar. Han gjekk vidare, og til nærare han kom, til sikrare vart han på at han såg gardshus med stabbur og løe på den gamle garden. Frå hovudhuset lyste det klaraste lys ut gjennom alle vindauge, og snart kunne han høyre den villaste felelåt og føter som trampa i taktfast dans.

Han skyna då at her var det trolldom på ferde. Det måtte vere dei underjordiske som feira eitt eller anna.

Sjølv om han kjende redsla ise langs ryggrada, var likevel lysta til å sjå dette fenomenet på nært hald så sterk at han snart stod heilt inne ved husveggen. Huset var ikkje oppbygd, så han kunne sjå rett inn i stova, og der inne var det full fest. Staskledde karer og kvinnfolk svinga seg i dansen, og av og til fekk han ein glimt av ei huldrerove som svinga i takt.

Brått stivna han til. Borte i høgsetet sat jenta han var trulova med. Ho sat i den finaste stas med blåbunad og søljer og krune på hovudet. Sorgtung såg ho ut til å vere, men ingen ensa det i det ville selskapet. Ved sida av henne sat ein stolt og stram kar. Han var også festkledd og lystig og glad, men alt han prøvde greidde han ikkje å lokke fram ein smil hjå jenta.

Guten som stod utenfor hadde på seg uniforma si, og på denne var det sydd sylvknappar. Ein av desse sleit han av og ladde i børsa. Han sikta inn gjennom vindauga over hovudet til jenta og let skotet

Eit frykteleg brak fylgde, og i brøkdelen av eit sekund vart alt borte. Husa og alt huldrefolket var vekk, og det einaste han høyrde var den trollstemte tonen frå fela. Den låg over landskapet ei ørlita stund før den tona bort og vart til inkjes.Tilbake på ein stein sat jenta i sine vanlege klede, men rundt i lyngen låg søljer og ringar, og koppar og kar i det reinaste sylv. Det var som om ein stor sekk med kostbare saker hadde blitt tømd utover marka. Alt det andre som han hadde sett var det ikkje spor etter.

Gleda hjå dei begge var sjølsagt over alle grenser, og vart ikkje mindre då dei i lag kom ned til Fjelle og inn til foreldra. To veker seinare vart det lyst til giftarmål for dei to unge, og ut på sumaren stod der eit bryllaup på Fjelle som det gjekk gjetord om.

Alt som låg igjen etter huldrefolket vart samla saman, og vart sidan heitande ”Fjellssylvet”, og familien på Fjelle vart reine velstandfolka og var det i fleire slektledd framover.

Kvar gong denne segna vart fortalt i min oppvekst, vart det ymta frampå om at restar av “Fjellssylvet” framleis skal finnast, men om det står til truande veit ingen.

Kalvane hass Ola Svorinje
Han Ola Svorinje (Svora) var ein dyktig og arbeidssam gardbrukar, og hadde ein av dei største krøterflokkane i Ringstaddalen. Sumarstida beita dyra for det meste bortafor elva der dei hadde fri beitemark frå Løseteidet og ned til Ringstadgardane og Haddalmarka Som oftast rusla dyra rundt framme ved Løsetvatnet, og i marka inne i Løsetbotnen var det godt beite. Når kvelden kom, leidde bjellekua heile flokken ned til mjølkeplassen rett over elva, og der heldt dei seg til morgonen kom og jura igjen vart tømde.

Ein dag vart der brått eit brot i den tilvande rutina. Han Ola, som arbeidde på markene som vanleg, såg kuflokken vel av garde borte i utmarka, men etter nokre timar oppdaga han at heile flokken kom i rasande tan heimover haugane. I spissen kom bjellekua, og dei andre fylgde etter så fort beina kunne bere dei medan dei belja og rauta av full hals. Alle klumpa seg saman nede ved gardsleet, og hadde ikkje gjerdet vore opplødd av solid gråstein, hadde dei gått rett på elva. Det var tydeleg at eitt eller anna hadde skræmt livet av dei.

Han Ola og kona tok med litt salt og litt godt gras som dei delte ut, og litt om senn roa flokken seg. Dei såg straks at der mangla tre halvvaksne kalvar i flokken, og forstod at det måtte vere eit udyr som hadde vore på ferde. På denne tida var det ikkje ofte bjørnen viste seg her ute i ytre strok, men inne i fjordane hadde dei oftare vitjing av den karen.

Ola leitte fram den gamle flintelåsbørsa og gjorde den klar, men kona gav klar beskjed at han ikkje fekk gå på jakt åleine, så han tok turen ned til Ringstad og snakka med Gamle-Ola Ringstad og grannen som heitte Mikkel. Ingen av desse hadde børse, men dei tok med kvar si øks og ein kniv og dermed var karane klar til å oppsøke utysket same kva det no måtte vere.

Turen gjekk over elva framme på Svora, og etter ei stund var dei komne fram på Grådalen og kunne dermed sjå nesten heilt fram til Løsetvatnet. Det var ikkje liv å sjå, så dei gjekk varsamt vidare mens dei speida til alle kantar. Då dei kom fram til vatnet samrådde dei litt om kva retning dei skulle ta, og vart einige om at sjansen for å finne eitkvart var størst inne i Løsetbotnen, då det var der krøtera for det meste heldt seg. Dei følgde vasskanten innover, men etterkvart svinga dei litt opp i høgda for å få litt betre utsyn.

Best det var oppdaga dei noko som rørde seg nede på myrane ved enden av vatnet, men dei fann at å gå rett på ikkje ville vere så lurt, så dei fortsette litt meir opp i høgda og inn under fjellfoten. Der hadde dei god utsikt, og nærma seg varsamt det som dei etterkvart såg var ein velvaksen bjørn. Han var travelt oppteken med sitt. Med framlabbane grov han i myra så det skvatt kring han, og like ved kunne dei sjå tre kalvar ligge blodige og daude.

Komne på kortare hald meinte Ola at han ville prøve eit skot og la seg godt tilrette mens han støtta børsa mot ein stein. Haldet var bra, så han var sikker på å treffe, men bjørnen var i fullt arbeid så det var ikkje lett å finne eit godt treffpunkt. Etter litt sikting fyrte han av skotet, og rulla seg raskt rundt for å gjere børsa klar for ei ny salve. Dei såg bjørnen skvatt til og hivde seg rundt i lufta, mens den brølte stygt. Den fekk så auge på karane, og stod på spranget mot dei, men Ola var no klar til neste skot og sende dette av garde. Om dette trefte veit ingen, men bjørnen fann det rettast å snu og sette kursen andre vegen inn mot fjellet.

Ola lada børsa på nytt, og dermed var dei klar å følgje etter. Dei var no sikre på at dei skulle klare å felle udyret berre dei kom nær nok.Imidlertid var ikkje bjørnen meir skada enn at den heldt god fart opp etter fjellsida. Karane sprang etter det dei var god for, men bjørnen var nok den seigaste og drog godt i frå i det bratte terrenget. Då karane kom opp toppen ved foten av Bukketroppa, såg dei at bjørnen alt var komen ned til sjøen i Almestranda. Der jumpa den til sjøs og starta turen over fjorden. Den kjende ruta, for den hadde truleg brukt den før på turen ut på øya.Karane rusla ned att, og tok seg av kalvane som hadde mista livet på ein slik stygg måte.

Alle var så skamfarne at dei ikkje var brukande til mat, så dei utvida hola som bjørnen hadde arbeidt på og grov ned kalvane der.

For Ola var dette eit følbart tap det året, men som plaster på såret fekk han nokre veker seinare vite at bamsen som hadde rana han til sist måtte bøte med livet. Etter turen over fjorden hadde bamsen teke turen innover fjella, og fann seg etterkvart godt tilrette inne i Follestaddalen.

Der oppdaga gardbrukarane at sauene kom livredde til gards fleire dagar på rad. Sauer mangla, og det vart funne daude og skamfarne dyr rundt om i utmarka.

Ingen var i tvil, ein slagbjørn var på ferde.

I Follestaddalen hadde dei eigen bjørnejeger. Det var gamle Follestad-Knut som hadde hatt bjørnejakt som hobby frå sin tidlegaste ungdom.No kom gamle kunster til nytte, og etter nokre dagar fann han faret av bjørnen. Resten gjekk på rein rutine, og då mann og bjørn møttest sat skotet der det skulle. Bjørnen vart frakta til gards, og både kjøt og skinn kom til nytte.

Ola, som helst hadde sett at han sjølv skulle ha fått has på bamsen, var likevel godt fornøgd med at skadedyret hadde fått sin bekomst, og at krøtera igjen kunne gå trygt i marka.

Etter denne hendinga er det ikkje kjent at det kom bjørn her ut på øyane fleire gongar, men dersom bjørnestamma på nytt veks til, kan vi kanskje få oppleve å sjå bjørn på nytt her ute ved kysten. Bjørnen har alltid hatt ein spesiell plass i folkesjela.Vi både beundrar og er redd den, og då det seiest at den har ti manns styrke og tolv manns vit, er det ein skapning som vi ser på med respekt og ærefrykt.

Honden hass Jo Fjelle
Han Jo Fjelle hadde ein stor og mannevond hund. Kom der framande til gards, måtte hunden stengast inne, men mot alle som høyrde til på garden var den snill som eit lam. Som dei fleste på den tida var han Jo Fjelle gardbrukar i sumarhalvåret og fiskar om vinteren og ut over våren. Dermed var det kona som stod for gardsdrifta og hushaldet når Jo var borte.

Det rak mykje fantar rundt i landet før i tida. Dette var oftast vanlege omreisande med familier, men også ein og annan som reiste åleine og var ute etter folk sine pengar og eignelutar. Folk var som regel skeptiske til alle som reiste rundt og ikkje hadde fast bustad, men for det meste gjekk det bra. Omreisande familiefolk visste at dersom dei forbraut seg ville lensmann og stodderkonge kome etter dei, og då var heile familien ille ute.

Så var det ein vinterkveld i skyminga at kona på garden vart var ein kar som gjekk og lurte nede ved Fjellsvatnet. Han Jo var på torskefiske og var ikkje ventande heim før til helga, så kona vart litt skremd med det same, men så roa ho seg ned og tilkalla tenestejenta og ungane og fortalde kva ho hadde sett. Dei venta litt inne i stova i von om at den ukjende mannen skulle gi seg til kjenne, men då det ikkje skjedde, bestemte dei seg for å ta initiativet sjølve.

Fjøsstellet vart unnagjort før det mørkna, og alle dører og glas vart forsvarleg låste. Deretter vart matstellet gjort ferdig, og ungane gjekk til sengs. Hunden, som var svært uroleg, vart plassert ute i gangen der den la seg under gangbordet. Deretter vart alle lys sløkte og alle gjekk til ro for natta med bøn til Vårherre og i von om at ikkje noko uvanleg skulle hende. Nokre timar gjekk og alle utanom kona sov fast.

Brått høyrde ho at det singla i ei glasrute, og i det same sette hunden i eit frykteleg lurve-leven. Ho høyrde også ei grov mannsrøyst som skjente og banna for å stagge den rasande hunden. Det var tydeleg at ein eller annan hadde kome seg inn, og at hunden hadde gått til angrep.

Det som vidare hende vart fortalt slik. Fanten var komen inn i gangen og hunden rauk på han i fullt raseri.Hunden var så stor at den drog med seg gangbordet på ryggen, og det beskytta han godt mot fanten som slo vilt rundt seg med ein blytein han hadde med som våpen. Fanten satsa på at han skulle få overtaket, men når hundekjeften fekk skikkeleg tak i leggane, kjende han tennene like inn på leggbeinet. Ingen ville gi seg, og fanten slo og hunden beit, og fanten slo og hunden beit heilt til fanten fann att her hadde han møtt sin overmann. Dermed stupte han ut gjennom den knuste ruta og tok heile glasfaget med seg og med hunden i hælane. Gangbordet kilte seg fast i opninga mens hunden låg i tan etter rømlingen som no sprang for sitt liv oppover markane.

Begge vart etter kvart fullstendig utkjasa, men jakta slutta ikkje før dei kom over fjellet og terrenget halla nedover mot Garshol. Hunden fann då at han no var utanfor sitt mandatområde, og med godt samvit kunne avslutte forfølginga. Den stoppa og sende eit par siste gaul etter fanten som fortsette nedetter fjellsida. Han blødde frå begge beina og hadde skrubbsår både her og der, og broka var flekt frå øvst til nedst.

Kvar fanten vart av, veit ingen, men hunden kom i grålysninga haltande ned til Fjelle der han med blødande sår vart motteken som den redningsmannen han retteleg var.

Ungane stelte med han og vaska såra, og mens hunden etter ei lita kvild fekk seg ei diger skål med graut og mjølk, laga dei til ei lege til han under gangbordet. Grauten sette han til livs i ein fei, og krulla seg så i hop under bordet i gangen der slaget hadde stått og sov som ein stein i fleire timar.

Då Jo etter nokre dagar kom heim og fekk vite om det som hadde hendt, vart hunden sett ennå meir pris på, og den levde trygt og godt på garden til sine dagars ende.

|

Nettsida er drifta av