design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Solveig Berge Strandebø, fødd 11.08.1913 og død 09.01. 1999. Solveig var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik
Solveig Berge Strandebø, fødd 11.08.1913 og død 09.01. 1999. Solveig var ei av dei første kvinnene i Ulstein kommunestyre og i mange år var ho styrar på telegrafen i Ulsteinvik

Solveig Berge Strandebø

Solveig Berge Strandebø var frå garden Berge i Herøy kommune. Ho vart fødd 11.08.1913, same året som kvinnene i Norge fekk allmenn stemmerett. Solveig var nest eldst i ein syskjenflokk på fire. Ho hadde ei eldre syster, Regina, og ein yngre bror, Gudmund, og yngstesystra Anne. Faren, Abel Berge, var bonde og fleire periodar ordførar i Herøy. Han representerte partiet Venstre. Mora, Josefine, tok seg av borna og var aktiv i gardsdrifta.

Artikkelforfattar: Lodve Strandebø

Det vert sagt om Solveig at ho var svært aktiv som barn. Det var ikkje alltid like lett å få henne til å passe tida. Ho var aktiv med leik både i fjell og fjøre, og måtte ofte tilsnakkast av foreldra for utegløymde plikter som ho hadde på garden.

Lærar Brekke skreiv i vitnemålet frå folkeskulen: ”Den tida ho gjekk i skulen, arbeidde ho med særs god trott og viste sømeleg framferd. Likeeins som hennar omgjenge og åtferd har vore framifrå.”

Televerket
Solveig begynte som telefonreserve ved Gurskøy Stasjon, på Leikong. Ho måtte i denne jobben vikariere også andre stader dersom behovet oppsto, ho sykla frå Leikong til Ulsteinvik for å hjelpe til med rekneskapen der. Det vart sagt at på den tida var det berre to damesyklar på Leikong. Den eine hadde Solveig, den andre tilhøyrde prestefrua. Etter ei tid i denne jobben, blei ho tilsett ved telegrafen i Ulsteinvik, i 1936. Telegrafen var i huset til Marie Vik som også var styrar. Solveig måtte ofte denne tida sykle til Leikong på kveldane for å ta rekneskapen der. I 1943 tok ho over som telefonstyrar etter Marie Vik. I denne tida møtte ho Torbjørn Strandebø frå Ulsteinvik. Dei gifta seg i 1949 og fekk to gutar. Atle (1951) og Lodve (1954) . Telefonstasjonen flytta i byrjinga av 50-talet til Stratos-bygget i Kyrkjegata, vis a vis bakeriet til Rasmussen, før det igjen flytta vidare til Fannemel-bygget der den heldt til, til stasjonen vart automatisert.

Kvinne med manns mot
Solveig låg på sjukestova på Eggesbønes og fekk eldste guten då ho fekk spørsmål frå Ole Hofseth om å stå på Arbeidarpartiet si liste til kommunevalet 1951. Ho trengte ikkje tenke seg lenge om for å svare ja. Med ein far som venstremann og ordførar vart det ofte diskutert politikk. Dette vekte samfunnsegasjementet i den unge jenta. Allereie som 17-åring hadde Solveig fått sympatiar for Arbeidarpartiet. Då ho kom heim, viste det seg at Venstre hadde plassert ho høgt opp på si liste til valet. Det måtte ho seie ifrå seg. Solveig vart vald inn i kommunestyret for Arbeidarpartiet i Ulstein med flest stemmer – 558. Ho var med det ei av dei to fyrste kvinnene med fast plass i kommunestyret. Ein av grunnane til at Solveig fekk så mange stemmer var nok at ho hadde arbeidet sitt på telefonstasjonen, og at mange kjente henne. På ein måte tok dei som arbeidde på stasjonen del i livet på så mange måtar. Dei visste kva som gjekk føre seg i bygda både av sorg og glede. I bryllaup og konfirmasjon sat dei og skreiv telegram frå fjern og nær. Konfirmantsøndagane stod dei på kyrkjetrappa og delte ut telegram. Solveig sat tre perioder i kommunestyret. I tillegg var ho blant anna medlem i skulestyret i 20 år. Sat i Trygdekassestyret, Kringkastingsrådet for Møre og Romsdal samt ei rekke andre kommunale nemnder. Det blei sagt om Solveig at ho aldri hadde problem med å seie ifrå kva ho meinte. Ifylge ho sjølv var ho aldri kvinnesakskvinne – tvert imot hadde ho sansen for mange menn sin måte å seie rett fram kva dei meinte. Det kan nemnast fleire saker der Solveig stod åleine. Saker som skulekjøken for både gutar og jenter, samt i saker som gjaldt leikeplassar/barnehagar blei ho gjerne beskyldt for å snakke si eiga sak, og møtt av at ho som kvinne kanskje burde lære sine gutar både å lage mat samt passe dei sjølv. Slik motstand gjorde henne berre meir engasjert til å stå på endå meir og ho argumenterte med at gutar kanskje skulle vekk og gå meir på skule og på den måte hadde behov for å lære seg å lage mat. Vidare meinte ho at alle born hadde godt av å kome saman med andre born på same alder under kontrollerte forhold som ein barnehage. Ofte fekk ho medhald av fleire i slike saker, på grunn av sitt store engasjement. Noko som Solveig mislikte å høyre var kommentaren frå folk som sa ”at det er dei ut på rådhuset som bestemmer ”. Viss det var slik så var det dei folkevalde sin feil. Dei har makt og mynde til å bestemme og overlet dei den makta til andre er det kommunestyret det er noko gale med. Det same meinte ho når det gjaldt fagfolk. Mange hadde slik respekt for det fagfolk sa at dei ikkje ville mæle imot, for fagfolka visste betre. Dette er ikkje demokrati. Dei folkevalde skal bestemme etter at dei hadde lytta til råda fra fagfolka og administrasjonen i kommunen.

Ungdommen og dei vanskelegstilte i samfunnet stod Solveig sitt hjarte nær. Ho gjorde heller aldri forskjell på fattig og rik. Det var ofte ho fekk besøk av folk som trengte hennar hjelp og støtte. Og ho stilte alltid opp for dei som spurte om råd og hjelp. Etter at helsa byrja å skrante, slutta Solveig Strandebø som telefonstyrar i Ulstein i 1976. Då hadde ho 48 år bak seg i Televerket.

Teieplikt
Alle som arbeidde som telefonbetjent i Televerket måtte skrive under på teieplikta. Solveig såg på dette som ei livslang sak. Gjennom sitt arbeid fekk ho kjennskap til mange saker som ikkje måtte kome ut. Under krigen sat det tysk vakt på på sentralen.Tyskarane hadde utstyr til å lytte av samtalar ved å koble seg inn på linjene. Det er ei heller lite kjent sak at Solveig etter krigen fekk takkebrev frå Heimefronten. Men om dette ville Solveig aldri snakke. Heller ikkje når ein kjent krigshistorikar ville intervjue henne om krigsåra, lenge etter at ho hadde vorte pensjonist og han samstundes hadde fått bekreftelse frå Televerket om at ho var friteken frå teieplikta, ville ho snakke om dette. ”Teieplikta for meg er heilag.Og slik vert det, ” sa ho om det.

I ettertid har det kome fram ein del informasjon rundt krigstida. Stasjonen blei mykje brukt av lokale motstandsfolk for å gi beskjedar vidare i systemet. Det blei fortalt ei histore der ein våpenlast skulle kome til Skotholmen i Herøy. Det blei ringt til stasjonen for å få formidla ein beskjed til ein sentral person i Ålesund. Solveig forstod då kva dette gjaldt, og for at tyskaren på stasjonen som sat og lytta på linja ikkje skulle få tak i dette, blei samtalen sett til eit nummer som Solveig visste ikkje var betjent. I ettertid vart det gitt beskjed om at all informasjon rundt dei forskjellige operasjonane måtte formidlast personlig og ikkje via telefonen. Det var kjent at angivarar prøvde å infiltrere dei forskjellige gruppene i regionen. Den kjente Rinnanbanden sende ved eit par høve ut folk for å få tak i namna til kontaktpersonar i dei forskjellige motstandsgruppene. Dei vende seg då til telegrafstasjonen som dei med rette trudde måtte sitje på informasjon om dette. Alle blei avviste. Ei tyskvennleg dame frå Herøy brukte stasjonen i Ulsteinvik for å sende informasjon til den tyske overkomandoen i Ålesund, dette for at ho trudde at ingen i Ulsteinvik kjente henne. Solveig fatta tidleg mistanke til dama, og gjennom sine bekjente i Herøy fekk ho gitt beskjed vidare om hennar aktivitet. På Flø var det tysk vakt i byrjinga av krigen. Dei skulle passe på og rapportere inn all båttrafikk i Breisundet til Ålesund. Imidlertid kom det inn ein båt til Ålesund som ikkje var meld inn frå vakta på Flø. Vedkomande tyskar skulda på at han hadde ringt, men ikkje fått svar med telegrafstasjonen slik at han fekk meldt vidare til Ålesund. No var det slik at til Flø på den tida var det berre ei telefonlinje som var delt på to andre abonnentar. Ingen av dei andre på linja hadde høyrt at det var ringt på telefonen og kunne bevitne dette over for den tyske leiinga i Ålesund. Dette var godt å ha då tyskarane stod væpna på stasjonen og skulda Solveig for å sabotere informasjonen. Den tyske vakta vart sendt til Austfronten som straff.

Pensjonist
Som pensjonist fekk Solveig god tid til både å lese og brodere. Ho brukte dagleg 2-3 timar på å lese aviser. På denne måten heldt ho seg godt orientert i det som skjedde. Favorittprogramma hennar på TV og radio var politiske debattprogram. Ho fryda seg over å ha tid til berre å nyte tilværet. Det var hardt for Solveig då mannen igjennom eit langt liv, Torbjørn, døydde i 1983. Ho budde nokre år åleine i heimen sin før ho flytta inn i ein ny omsorgsbolig, der søstra Anne Lunde budde i leiligheita like ved. Broren deira, Gudmund Berge, og kona Ingebjørg var trufaste besøkande i denne tida. Solveig var medlem i pensjonistlag som tok en del av tida henna. I tillegg deltok ho årleg på pensjonisttur til ulike stadar i landet. Engasjementet henna for born som leid gjorde at ho tok til seg fleire nye born frå Afrika. Dei stod på rekke og rad i glas og ramme opp på TV`en. Ho skreiv – og fekk brev frå alle minst ein gong i året. Helsa hennar byrja skrante meir og meir, og det vart nødvendig for Solveig å flytte på sjukeheimen. Her trivdes ho godt og hadde ei god tid inntil ho døydde 09.01.1999.

|

Nettsida er drifta av