design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Ved 50 års-jubileet for søndagsskulane i Ulstein i 1945 blei det laga eit festskrift over arbeidet. Heftet syner eit mangfaldig og rikt søndagsskulearbeid i Ulstein med søndagsskule i alle krinsane. Illustrasjonen ovanfor og alle bileta er henta frå festskriftet.
Ved 50 års-jubileet for søndagsskulane i Ulstein i 1945 blei det laga eit festskrift over arbeidet. Heftet syner eit mangfaldig og rikt søndagsskulearbeid i Ulstein med søndagsskule i alle krinsane. Illustrasjonen ovanfor og alle bileta er henta frå festskriftet.

Søndagsskulen i Ulstein

«Du har gledt meg Herre med ditt verk.» Salme 92, 5.
Sundagsskulearbeidet i Ulstein har vore og er eit ovrikt stykke av kristeninnsats og kristenkjærleik gjennom 50 år. Det står respekt av dei kvinnor og menn, som i kjærleik til Gud og borna – år etter år – gjekk til arbeidet for å så Guds ord i barnesjela utan tanke på løn eller vinning. Men det står fast det ordet av Jesus: «Alt det de har gjort mot ein av desse minste brørne mine, det har de gjort imot meg.» Matt. 25, 40.

Litt frå starten
Mellom alt det store og verdfulle som grodde fram frå reformasjonen, finn vi og den kristne barneoppsedinga. «Skal kristendomen koma på fote atter, lyt vi sanneleg ikkje gløyme borna,» seier Martin Luther. «Det finst ingen større skade i kristendomen enn å oversjå og setja til sides borna.»
Sundagsskulen, såleis som han no vert driven, har sitt opphav frå England. Bokprentar og redaktør Robert Raikes, tok til med den fyrste sundagsskulen i byen Gloucester 1780. Han hadde som arbeidsmotto: «Ein lyt ta til med borna!» Det har synt seg vera sant på alle livsomkverve. Arbeidet spreidde seg frå land til land, og er no brukt som arbeidsreidskap i Gudsrike overalt der det finst kristenarbeid i verda. Til Noreg kom sundagsskulen for godt 100 år sidan (1844). Han har gått som ein vårsus over heile landet. Ofte har han vore som ein god åndeleg barometer i byane og bygdane våre. Kom det åndeleg nybrots- og vekkingstider i ei bygd, grodde og blømde også sundagsskulearbeidet fram. Såleis var det og her i Ulstein. Dei eldste her i bygda som no lever, hugsar at det i 1875-76 gjekk ei sterk åndeleg vekking over bygda. Serleg var det gardane frå Ulstein til Botnen som vart gjesta av fornying og åndeleg liv. Truleg er dette den fyrste større vekking her. Indremisjonen fekk ny kveik og nytt liv. Mange fekk trong til å hjelpa ungdom og born, «så dei kan verta verande hjå Kristus».

I kring 1882 kom ein bakarsvein til handelsmann Rasmus Ulstein, Peder Helland var namnet hans. Han var frå Haugesundskanten og var ein varm kristen ungdom. Sundagsskulearbeidet var han vel kjend med frå heimbygda si. Han var glad i dette arbeidet, og vilde gjerne gjera noko for borna. I samråd med Johannes Wolle, som då var ein av hovedstolpane i kristenarbeidet her, vart dei samde om å samla borna på Osnes til sundagsskule.

Peder Helland vart ikkje verande rett lenge i Ulstein. Han reiste seinare over til Amerika, vart prestelærd og fekk sitt arbeid der. Den vesle starten hadde livsspiren i seg. Johannes Wolle heldt fram med arbeidet, skiftevis på gardane Osnes og Ulstein. Så sant det var råd, heldt han det fast gåande utan avbryting like til han døydde 1. juli 1888.

Wolle var heldig med å få med i arbeidet ungdomar som hadde både trong og kristenkjærleik. Dei vart grepne av dette arbeidet og stod trufast med heile livet. Nokre av desse vil vi alt nemne her: Petra Wolle (dotter til Johannes), Henrikke O. Ulstein, Martinus Osnes og bror hans, Hans Osnes, Johannes J. Osnes m. fl.

Då Johannes døydde var det Martinus Osnes som vart leiar for desse barnemøta like til 1894. Ein trufast varmhjarta arbeidsbolk var desse åra for sundagsskulen i Ulstein. Det grodde rikt etter desse grunnleggingsåra.

Fastelags-sundag 24. februar 1895
I 1895 vart Carsten Hansteen utnemd til sokneprest i Ulstein. Han hadde mange rike interesser, og han var ein sjeldan godt utrusta mann med initiativ og framsyn. Han kom som eit friskt vårver. Det grodde kring han. Gudslivet blømde. Alt som kunne fremja Guds rike hadde han vake syn for. Han sparde seg ikkje når han visste det ville vera til bate for kyrkjelyden.

Det skulle snart syna seg at sundagsskulen var «hjartebarnet» hans. Han sette dette arbeidet millom det fremste og kjæraste av alle dei gjeremål og saker han tok del igjennom sitt rike arbeidsliv. Fastelags-sundag 24. februar 1895 heldt sokneprest Hansteen foredrag om sundagsskulen i bedehuset på Osnes. Det fengde i møtelyden. Foreldra vart reint oppglødde, og dei trufaste sundagsskulelærarane gledde seg av heile sitt hjarta. Her vart sundagsskulen skipa og reglar vedtekne og godkjende. Frå den dag reknar ein såleis ein fast organisert sundagsskule i Ulstein. Tilslutninga var stor. 70 born og 8 lærarar melde seg med ein gong. Om ikkje rett lenge var barnetalet vakse til 100, og fleire lærarar kom med etterkvart. Dei reglane som vart vedtekne denne minnerike dagen, er stort sett dei same som vert brukte den dag i dag.

Martinus Osnes, som trufast hadde leia arbeidet frå 1888, vart sjølvskreven vald til forstandar. Betre mann kunne ein ikkje få. Med sitt varme hjarta, barnlege sinn og lune smil, var han rette mannen på rette staden. Elles vil vi her ta med namna på dei som i kortare eller lengre tid arbeidde i sundagsskulen utover dei fyrste åra: Petra Wolle, Henrikke O. Ulstein, Selma Osnes, Dina L. Ulstein, Karoline Wolle, Regine O. Ulstein, Nils N. Ulstein, Ole H. Ulstein, Lars J. Ulstein, Ivar G. Skeide, Johan N. Skeide, Knut Wolle, Andreas J. Osnes, Johan O. Osnes, Andreas Larsen Osnes, Severin Hareide og Andreas K. Saunes.

Nokre av desse var ikkje med så lang tid. Sume fekk så mykje å gjera i heimen millom barneflokken sin, at kreftene ikkje rakk til. Og andre flytte bort, eller gjekk frå p.g.a. høg alder, men mange stod trufast med til sin døyande dag. Underleg nok, nye krefter kom til. Dei tok arbeidet opp og bar det vidare. Såleis forynger Guds rike seg alltid. Gud kallar nye menn som ber verket vidare.

Arbeidsmåtar
Sundagsskulen i Skeide skulekrins, eller som han no heiter Ulsteinvik sundagsskule, vert halden annankvar sun- og helgedag i bedehuset på Osnes. Kvar helgedag når soknepresten har gudsteneste på Hareid, ser ein ein sundagskledd barneflokk på veg til bedehuset.

I den fyrste tida tok ein til kl. 2 em. Så vart tida brigda til kl. 4.

Det synte seg snart å vera ei ulagleg tid, difor valde ein å ta kl. 10 ½ fm. Det har synt seg vera ei sers lagleg tid som no i mange år har vore fylgd.

Festleg er det å sjå den store barneflokken som strøymer til bedehuset. Mang ei mor og mangen far har gjerne stått i vindauga og sett dette – takka Gud fordi borna går dit Guds ord vert sådd i hjerto deira.

Eit lite stogg i arbeidet har det jamnast vore høgsumarsbel. Men då har sundagsskulelærarane skipa til ei eller fleire friluftsstemner. Mange gilde minne har vorte skapt i barnesinnet frå dessa utferdane. I strålande sumarver har ein samla seg kring Guds ord i song – tale – opplesing. Mange foreldre har vore med på desse turane.

Det har skapt ein kontakt mellom heimane og sundagsskulen, som visseleg har vore til stor verd på mange vis.

Som eit retteleg glansnummer i sundagsskulearbeidet er – juletrefestane.

Desse har vore regelmessig haldne kvart år. Borna har sett fram til desse med spaning og gleda. Det har vore gjort alt frå sundagsskulelærarane si sida for å gjera festane så gilde og rike som råd er. Og sikkert er det at når alle dei reine barnehender hektar ring og syng julesalmane kring det pynta juletreet, då hoggast det mange augo i gleda og takk.

Ungskogen i Ulstein samla kring han som er sundagsskulen sitt eitt og alt - Jesus Kristus, det er stort og gildt.

Mange foreldre og andre vaksne har sikkert kjendt seg gripne, og sunge med av heilt hjarta:

«Lat ikkje verda med si makt, Oss draga frå vår dåp og pakt, Men giv vår lyst og lengting må Til deg, til deg aleine stå.»

Desse festane har jamnast og vore fest for siste års konfirmantar. Dei har fått ei helsing og takk med gode ynske om at dei må ta vare på den fagre skatten som sundagsskulen har lagt i hjarto på dei.

Førebuingsmøte
Skal ein finna ei av grunnårsakane til det rike sundagsskule-arbeidet som no i 50 år har vore her i Ulsteinvik, kan ein ikkje gløyma førebuingsmøta. I fyrste tida var desse møta haldne fredags-kveldane, men i seinare år har det vore fast møtekveld laurdag før møtedagen. Jamnast har ein av lærarane innleia til samtale om teksta. Og så har det vorte ein god og rik samtale. Det har vore til stor signing og hjelp. Her sat ein samla kring det Gudsordet som skulle gje mat til barneskaren. Alle samstemt i det ynske at Guds ånd måtte gje ljos over ordet, - at dei måtte få nåde til å bera det fram, slik at det vart til æra for han som måtte kalla dei til arbeidet.

Desse møta har vore kraftstasjonar i sundagsskulen. Kva verd det elles har hatt for sundagsskulelæraren sjølve, vil fyrst dagen – den store – openberra. Mange har gjennom desse samkomer vara sin fyrste kjærleik og vorte ein rett arbeidar. Når ein så til slutt har samla seg i ei bønestund, har ein kjendt dei himmelske kreftene fylla romet. Og ein har sagt: «Sanneleg er Herren på denne staden.»

Nokre namn og årstal
I 1920 då sundagsskulen hadde 25-årshøgtid, synte det seg at ikkje mindre enn 8 av dei lærarar som var med frå fyrst stod enno som faste arbeidarar. Desse var:

Martinus Osnes, Knut Wolle, Andreas J. K. Saunes, Iver Skeide, Ole H. Ulstein, Selma Osnes og Petra Wolle.

Ein av desse, Knut Wolle, heldt fram heilt til 40 årsdagen vart høgtida i 1935.

|

Nettsida er drifta av