design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Oddny er fødd i 1921.
Oddny er fødd i 1921.

Portrett av Oddny Holte

- Eg vil ikkje sjå henne.
- Det kan du. Det er ikkje slik du trur, svara jordmora.

Artikkelforfattar: Trudi Henrydotter Eikrem

Jenta som sat i trappa og venta på at den nye familiemedlemmen skulle kome til, gret. Ho hadde hatt eit ynskje om å få ei syster. Ho som vaks opp saman med to storebrør. Rett slemme kunne dei vere. Som den gongen dei synst ho tok seg til rette og forsynte seg av deira priviliegier i heimen. Sjølv om ho eigentleg berre hadde tatt sin rasjon av mors heimebakst, så var det naturlegvis rangen som gjaldt når mor ikkje var tilstades. Då måtte jenta avstå sin rasjon til brørne. Denne gongen gjorde ho ikkje det, og straffa kom. Gutane såg berre på kvarandre, nikka, og tok jentungen i kvar sin ende, bar ho ut på trappa, og kasta henne inn i solbærbuskene. Det svei. Ho ville ha ei syster! Ein alliert! Men dette? Kva var det ho hadde fått?

- Eg vil ikkje ha dette! Dette er ikkje eit barn. Ho er jo både grøn og mygla!

Men mor ville ha jentungen som nett var kome til, og som mest hadde kosta henne livet. Blodtapet var stort, mødesamt hadde det vore. Men ho hadde fått den hjelpa ho sårt trengte i kampen som stod om eige og det nye livet. Slåst hadde ho gjort. Saman med ein engel. Som ikkje berre hadde kunnskapen, men roa, trua, intuisjonen og viljen til å stå dette løpet saman med eit menneske som stod i ytterpunktet av sin eigen eksistens. Så nær er døden i livet.

Jordmora hadde kome tidleg til og skjøna at dette kunne verte vanskeleg. Det var midt på sommaren, og eit nytt menneske skulle kome til på Saunes. Det var 1. juli, og sommaren hadde vore klam. Kvinna var femtegongsfødande og venta spent på jordmoras vurdering.

- Eg trur eg vil hente Røyneland, sa ho, og hivde seg på sykkelen. Kvinna kunne lite anna gjere enn å vente. Det kunne heller ikkje Oddny vel komen på kontoret til legen som ho akta høgt. Ho hadde ofte tenkt på kor ansvaret måtte tyngje hans skuldre, åleine som han var i dette samfunnet, med ansvaret åleine for så mange menneskes liv og helse. Ho banka på døra. Han kom sint og forkava ut, såg det var ho, og smelte att døra. Oddny sette seg ned og venta. Ikkje fordi ho hadde tid eller for at det ikkje hasta med den fødande og barnet hennar, men intuitivt visste ho at grensene i denne mannen også hadde vorte strekte denne dagen, som så mange andre av hans virkedagar. Ho sat stille. Og lytta. Det var tyst på legekontoret. Det gjekk fem minutt, så opna han døra, smilte til henne, og var klar til det som måtte krevjast av han. Han køyrde til Saunes, og saman fekk desse to forløyst barnet som mest hadde vorte kvalt av navlestrengen. Mor hadde mist mykje blod, og var sliten. Far henta oksygenflaske på slippen, slik at ungen fekk luft nok.

Oddny vart min veg inn i livet.

Om barndom
Vaksen opp på Bigset i Hareid saman med 6 andre sysken, hadde ho ein god barndom. Foreldra hennar var frå øya, mora heitte Emilie Ulstein, frå Ulstein, og faren heitte Enok Bigset. –Eg var så frykteleg flau over namna deira! Det var berre vi som hadde foreldre med slike namn. Det var rare namn den gong. Det var så ein kunne raudne oppover heile halsen, ler Oddny. Men godt hadde dei det på det vesle småbruket, med 5-6 mjølkekyr og hest.

- I tillegg hadde vi revefarm. Det vart det ei intens lukt av til jul, når skinna skulle turkast, gjerne på kjøkenet. Lukta gjorde det også i fjøset. Det hadde eg og systrene ansvar for, særleg om vinteren når far var på sjøen og dreiv sildefiske. Mora mi hadde eksem på hendene, som gjorde at ho ikkje kunne mjølke. Så arbeide var vi nøydde til. Men vi hadde det alminneleg godt. Mange kalla oss rike, dei som ikkje hadde mjølk og kjøt sjølve. Under krigen merka ein skilnadene best. Så når det nærma seg jul vart vi sende rundt til dei som ikkje hadde så mykje. Det vart alltid litt ekstra for dei som hadde gard og dyr. Mor laga alltid i stand, slik at vi skulle dele av godene med dei som ikkje hadde nok. Når ein hadde gard og slakt vart det alltid litt ekstra.

Likevel, arbeid til tross, vi leika mykje. Vi var mange sysken; Ragnhild, eg, Else, Johanne, Harald og Bård, samt Hans, som var eldst, men likevel alltid minst.

Vi jentene leika mykje ute under stabburet, som sjølvsagt stod på stein… Under stabburet hadde foreldra mine tønner med skjellsand, og i dei henta vi pynt til oppdekking av kaffibord, naturlegvis. Men tønnene stod inst, og ein gong skulle eg hente nødvendigheiter, og var uheldig. I det eg skulle krabbe over steinhella som dekte tjæretønna, som sjølvsagt vakta over herlegheitene, bikka hella og eg ramla inn i! Gråtande, svart og full av tjære var det lite trøyst å hente hjå mor, som kledde av meg utahuses, vaska opp att ullstrømpene med beskjed om at dei var brukandes! Dei var skrekkelege stive og lukta rart. Men å nekte hjelpte ikkje. Det far hadde bestemt var bestemt. Vi ungane visste godt når far var ferdig bestemt. Han fekk ei slags rynke over eine auget. Då var det ikkje lurt å strekkje han lenger, anna enn å lyde. Mor derimot, var tolmodet sjølv.

Kanskje kunne ho ikkje anna, Emilie, som fekk prøve så hardt det livet kan bere på kvinner som skal føde. Med mannen langt til havs, skulle ho bere fram sitt fyrste barn denne vinteren. Slik det var den gongen fødde også Emilie heime, men når fødselen skulle inn i siste fase gjekk det ikkje slik det skulle. Med fødekoner på garden henta ein ikkje lækjar, sånn utan vidare. I over eitt døgn låg Emilie utan å få ungen ut. Hovudet var synleg, men det var uråd med barnet. Det ville seg ikkje. Då Emilie omsider fekk hjelp var det for seint. Hans vart hjerneskadd. Han kunne verken gå eller prate, sjølv om han tidleg i sin barndom kunne krype etter golvet. Emilie tok hand om guten, og ville ikkje sende han frå seg, sjølv om det etter kvart vart eit tema. Hans var fødd i 1918, så kom Ragnhild i 1919, Oddny Gustava i 1921, Else i 1923, Johanne i 1927 og Harald i 1929, og til sist Bård i 1932.

Hans fekk bu heime. Han fekk pleie av mor, som mata og stelte han i ei tid då det verken fanst bleier eller plast. Emilie vart etter kvart sliten av gardsarbeidet og mange barnefødslar, og tanken på at Hans kanskje måtte sendast bort vart påtrengjande. Men ingen kunne ta imot han, fordi han hadde for omfattande skader. Ikkje kunne han vere på ein heim for funksjonshemma, fordi han hadde hjerneskade i tillegg, og ikkje kunne han vere på ein heim for hjerneskadde fordi han hadde for store funskjonshemmingar. Oddny minnest bror sin med glede og sorg.

- Han gret aldri, han Hans, berre når vi ungane byrja pakke saman leikene våre og avslutta leiken ved senga hans. Då gret han. Seier jordmora. Og kjenner på saknet etter ein liten gut som var så annleis. Ein liten gut som kanskje også styrte hennar yrkesval som vaksen i større grad enn ho har tenkt på?

Kva har ikkje jentungen Oddny Gustava observert av tolmod hjå mor si, i hennar pleie av denne guten som så sårt trengte hennar hand heile livet. Kva lærte ho ikkje om kjærleik, tid og ro i samlivet med familien sin? Sjølv om ho seinare fortel at det var andre som planta jordmorkallet i henne, tenkjer eg at historia om Hans likevel må ha hatt eit virke i Oddnys livsløp likevel.

Hans vart berre tretten år. Han døydde av tuberkulose. Emilie vart i sorga over det tapte sengeliggjande i 3 månader. Ho snakka ikkje. Lækjaren i Ulstein og Hareid, dr. Sellevold, såg jamt om henne, akkurat slik han hadde gjort det medan Hans levde, og ut på våren ein gong sa han at - no Emilie, var det på tide å stå opp.
- Dagen etterpå stod mor opp, fortel Oddny. Ho snakkar mykje om mor og kor lite hjelp det var å få den gongen, både under fødselen og i livet med eit funksjonshemma barn…

Om utdanning
Oddny møtte bevisst sitt yrke som ti-åring. Dr. Sellevold hadde sin årlege kontroll av skuleborn på Hareid, og då han var ferdig med å undersøkje Oddny Gustava Bigset, slo han fast at ho var altfor tynn. – du skal ha eitt egg, og spise rjome, kvar dag, taus. Pass på det. Det blir to kontrollar i året her hjå meg, heretter. Så tok han henne i hendene, vende på dei, og kommenterte; så smale, nette hender. Dette er jordmorhender, Oddny. Sa dr. Sellevold. Ved kvar einaste kontroll minte han henne på kva som var hennar veg.

- Og sidan sa eg det, når folk spurte, at eg skal bli jordmor eg, når eg blir vaksa, smiler Oddny.

Men nokon lett veg skulle ikkje det bli. Oddny er frå ein utkant i Noreg, i dag som den gong. Men verda var større i Oddnys ungdom, enn den er det i dag. På alle måtar. Vanskeleg var det med pengar og transport, og førre århundre var også ei politisk og ideologisk uroleg tid i europearanes historie. Denne uroa skulle kome til å legge hinder i vegen for Oddny, men kanskje fekk ho også hjelp av nettopp den politiske og teknologiske spenninga som hennar samtid strekte opp for henne som for alle som var ein del av den. For krigen kom og vart del av Oddny sine rammer, midt i hennar ungdoms livsutfalding. Men ho til liks med alle andre, forsøkte tilpasse seg, og ikkje la andre menneskes val og politiske idear stille seg mellom kontrakta ho og dr. Sellevold hadde skrive mangfaldige år før. Ho skulle bli jordmor, ho. Tausungen som hadde vakse opp på egg og rjome, med 6 sysken og ein fødselsskadd bror.

Og slik vart det. Til slutt.

Ho byrja søkje på jordmorskulen som 20-åring. Det var ei utfordring. Det var 1400 søkjarar til 25 plassar fordelt på to inntak. –Eg sende inn søknad to gongar årleg. Og etter to år og fire søknader fekk eg brev frå skulen om at no kom dei til å samordne opptaket, slik at det heretter skulle takast opp studentar berre ein gong årleg, og femti totalt. Javel.

I mellomtida hadde Oddny gått i lære, barnepleie, og barselpleie ved det gamle fødehjemmet i Ålesund. Men som 22-åring fekk ho altså eit tilbod frå Kvinneklinikken i Bergen, der jordmorskulen låg. Ettersom dei skulle legge om utdanninga og gjere den årviss, ville dei få eit semester med lite studentar. Ved KK nytta dei seg av studentane på fødselsklinikken, og slik dekte dei truleg ein del av behovet for arbeidskraft ved sjukehuset. No kom dei med eit tilbod til ein del av søkjarane. Dersom dei ville kome og jobbe gratis eit halvår i omleggingsperioden, skulle dei få plass ved skulen når det årlege opptaket skulle gjerast. Studentane skulle få dekt mat og hus i bufellesskap. Dette tilbodet takka Oddny ja til, og trudde at ein avtale var ein avtale.

I april 1944 kom Oddny til Bergen. Ho hadde reist heile natta, og fekk beskjed om at ho skulle ta si fyrste vakt allereie den komande natta. Oddny synst det var frykteleg lenge å gå og vente! Ho gledde seg til å byrje jobbe, for det var dette ho hadde kjent slik lengt til, i mange år. Endeleg var hennar dag komen. Og no var dei andre allereie i gang, fordi mange hadde kome før henne. Oddny kjende seg tidalaus.

- Den natta gløymer eg aldri. Eg fekk meg litt av ein start. Kvelden var ikkje før komen, før flyalarmen gjekk. Bombing i Bergen! Det betydde stress i befolkninga, og fødande strøymde inn. Mange vart sjuke av redslene rundt bombinga. Det var berre eg og ei eldre jordmor på vakt, og vi fekk fanget fullt, bokstavleg talt. Seks born kom til i løpet av den natta, og du kan tru vi sprang. Det gjekk fint med alle saman. Friske og sterke born var det. Men jammen var det heftig! Når natta var over tok den gamle jordmora meg inn i fanget og klemde meg. – Du verda kor flink du har vore! Du har sett alt kva eg har hatt trong om heile vegen. Ein skulle aldri ha trudd at dette var fyrste dagen din!

Men Oddny hadde jobba på fødeklinikk før. Og ho hadde fått god opplæring. Hennar fyrste erfaringar vart gjort saman med ei jordmor i Ålesund, som hadde vore, -ja, nettopp: overjordmor ved Kvinneklinikken i Bergen. Ho hadde teke med seg alle rutinane til Ålesund, og lagt dei i Oddnys fang. Fruktene av det arbeidet kom den gamle jordmora og dei splitter nye bergensarane til gode denne skrekkelege bergensnatta for eit halvt hundreår sidan.

- Det var godt å ha fått slik ein god start! Jordmora vart min venn heile det halvåret eg jobba der.

Men desse 25 arbeidsstudentane som skulle avhjelpe jordmorskulen og Kvinneklinikken i omleggingsfasa, jobba ikkje berre. Dei fekk fylgje undervisning når det høvde, i barselpleiefag i tillegg til jordmorundervisninga. Når semesteret var til ende, avla dei eksamen på sommaren. Dei var ein fire-fem jenter som jobba svært godt saman, og alle fekk dei Utmerket godt som var beste karakter, i alle emne dei vart prøvde i. Oddny var ei av dei. Likevel fekk ho ikkje plass på skulen ved opptak. Berre fire av dei 25 som hadde jobba ved klinikken dette halvåret vart tatt opp, og dei som hadde gymnas eller anna skulegang vart favoriserte.

- Eg måtte reise heim. Eg var ufatteleg lei meg. Dette kunne eg ikkje forstå! Kvifor måtte eg reise heim når eg hadde fått så gode karakterar? Dessutan var det krig, og det var vanskeleg å få far heim. Eg kjende meg fortvila. Korleis kunne dette kome til? Eg som hadde jobba så målretta og godt, skulle altså ikkje få denne mulegheita likevel? Kva skulle eg då måtte gjere? Betre resultat var ikkje mogleg. Eg synst det var så urettferdig. Sjølv om dei andre hadde gymnas og anna skule var dei ikkje nødvendigvis betre egna enn oss som ikkje hadde det… Så var det vel berre slik livet var. Eg skulle altså heim.

Det var også ei utfordring. Far heim. Krigen gjekk inn i ei meir intens fase, med større grad av aktivitet etter landgangen i Normandie i juni 1944, og engelskmennene var igjen og i langt større grad enn tidlegare aktive langs norskekysten. Særleg intens var den britiske aktiviteten i området rundt Bergen, og britane si bombing av Laksevåg, og det tyske ubåtverftet, som kom til å koste mange sivile norske liv.

Oddny kom seg likevel ut. Ho fekk skyss med ein båt som skulle med skuleborn til Nordfjordeid. Ungane skulle ut av byen og skjermast frå bombing og elende. Midtvegs vart båten gjort til gjenstand for merksemd av britiske fly. Dei sirkla over båten, og forsøkte nok å avgjere kva type last det var snakk om. Kapteinen og alle andre om bord vart stressa av flyas sirkling, fordi ein visste at i krig var det det overordna målet som gjaldt, og spelereglane var alltid annleis enn ein kunne forvente. Britane bomba også sivile norske mål om det var det som kravdest for å slå fienden. Kapteinen visste han hadde dyrebar last, han visste nok også kva han risikerte, men store valet hadde han knapt. Han kommanderte alle borna ut på dekk, og også Oddny, sidan ho reiste i søsteruniforma si. Kapteinens håp var at pilotane skulle sjå borna og tenkje seg nøye om før dei avgjorde båten og menneskas skjebne. Dei tok si tenketid pilotane, som reiste og kom att tre gongar, før dei til slutt trekte dei konklusjonane som sikra alle om bord livet også den dagen. Ungane hadde ikkje vore redde. Dei frykta berre dei tyske flya, men dei vaksne visste ei anna historie, og om ikkje angsten vart målboren, kjende dei den alle.

- Då eg endeleg var komen til Eid, vart den neste utfordringa å kome seg vidare til Sunnmøre. Eg fekk nyss i at det gjekk ein buss, men ingen utan førehandsinnkjøpt billett fekk plass. Ein ung gut som eg kjende att frå Bergensbåten hekta meg under arma, og spurte buss-sjåføren om han verkeleg hadde tenkt å la ein ung mann måtte reise utan kona si? Og slik fekk eg likevel plass, og kome meg heim.

Det var godt å leggje seg, sjølv om alle skuffelsane og spenningane etter reisa fylte ein sliten kropp og eit trist sinn. Men slik er nokre gongar livet, at det snur på ein femøring. Før eg hadde rukke vrenge augneloka neste morgon kom far min og rista liv i meg.

- Det er telefon til deg Oddny, frå Bergen. Du må stå opp!

- Frå Bergen?

Visst var det frå Bergen. Det var overjordmora som hadde teke saka i eigne hender. Fire hadde fått topp-karakterar og dei same fire hadde vorte heimsende. Ho hadde kontakta overlegen med klar melding: dette går ikkje an!

Og med slik kom det seg altså til at Oddny likevel skulle få bli jordmor. Beskjeden var at ho skulle kome attende til Bergen så fort ho berre makta. Denne gongen reiste ho med tog om Oslo. Og som om ikkje gleda over å få reise var stor i seg sjølv, så traff ho kjente på toget til Bergen. Det føddest livslange vennskap denne ettermiddagen over fjellet. Dei tre andre jentene som saman med Oddny hadde funne saman i hardt arbeid og trøst over urettvisa, og som hadde reist slukøra heim, fekk no dele gledene over det gode som livet no likevel skulle ta dei hen imot.

- Skulen vart ei lærerik tid, med knappe gode. Maten var på huset, men elles kosta det pengar å bu i Bergen. Oddny minnest at det kosta tjue øre med trikken frå Haukeland og ned til sentrum. - Det var pengar eg ikkje hadde, så det vart til at eg gjekk.

Eg undrar meg på kvar ho fekk pengar frå til å gå på skule. Krigen ga knappheit på alt, ikkje minst pengar. Det må ha vore ei utfordring å skaffe dei, og ikkje minst forvalte det ansvaret ein pådrog seg ved å setje pengar på slikt i vanskelege tider. Men det mangla ikkje på mot. Og det kan eg tru. Når eg ser på henne no der ho sit i stolen og fortel så openhjertig om livet sitt, tenkjer eg at ho er viljesterk, og har tru på eigne evner. Det stadfestar ho sjølv gjennom forteljingane som skal kome, om hennar liv og virke for alle ufødde born og fødande kvinner som i Ulstein skal få møte sine livs mest krevjande stunder saman med jordmora. Fleire generasjonar fødande hjelpte ho gjennom krevjande timar og for enkelte: dagar, og sørga for at Ulstein vart ein av kommunane i heile fylket der dødsfall og skader ved fødsel låg langt under det statistikkane tilsa var normalen andre stadar. Kanskje har ulsteiningane og Ulstein kommune mykje meir å takke denne kvinna for enn ein har brukt tid til å reflektere over?

- Pengar lånte eg av far min. Tusen kroner kosta det. Og det var mykje pengar den gong. Men eg betalte han dei attende, etter at eg var koma i arbeid.

Det vart ei god tid på skulen. Opplegget bestod i å arbeide mykje. Det var ein kjempefordel, hevdar Oddny.

- Vi jobba heile tida, men stod fritt til å planlegge og fylgje undervisning. Jordmødrene puffa heile tida på for at vi skulle ta undervisningstimar, så her hadde praksis og teori ein balansert status. Deltok vi på timane, stod vi heller lenger att på kveldane for å kompensere for tapt arbeidstid. Når det oppstod ekstraordinære situasjonar på fødestova om nettene, kom jordmødrene og henta oss for at vi skulle få trening. Mange var trøytte og avstod frå tilbodet nattestid, men eg stod alltid opp og fekk med meg setefødslar og tvillingfødslar. Berre ved keisarsnitt kunne eg sove over. Det ville likevel ikkje bli mitt ansvar, utan at legen måtte forestå dette på sjukehuset, i det som skulle bli mi arbeidsmark.

Dei fire unge kvinnene vart ferdig utdanna ved Kvinneklinikken i Bergen i 1945.

Om livet i Ulstein
- Kva er det du treng som jordmor som du ikkje kunne lese deg til der i Bergen by?

- Tolmod. Tolmod kan du ikkje lese deg til! Det å makte å skape ro kan du heller ikkje lese deg til. Det viktigaste for ei jordmor er å skape ro, at du får tillit med det same, og at du har tolmod til å sitje der og vente og vere saman utan å reise heim. Det hadde eg forresten ikkje store høve til heller i starten, for eg hadde ikkje bil sjølv. Det var ikkje så vanskeleg å gå til naboen for å sende bod på jordmora, men det var vanskelegare å forstyrre for å sende ho heim.

Det var ikkje telefonar i mange hus. Det kunne vere kilometer mellom telefonane den tida Oddny byrja arbeide.

For slik var det. Den teknologiske utviklinga slik vi kjenner ho i dag, skaut ikkje verkeleg fart før etter andre verdskrigen. Mykje ny teknologi vart oppfunnen og utvikla i rekordfart som del av kampen om sigeren, og etter krigen vart mykje av den militære teknologien tilpassa det sivile samfunnet. Det økonomiske systemet utvikla seg også, slik at folk etter kvart kom til å kunne kjøpe alle desse tekniske hjelpemidla som på mange vis kom til å forenkle våre liv.

Oddny minnest ho som hadde jordmorvervet i Ulstein før ho sjølv kom til bygda. Gamle Hatlemark, som sjølv hadde mange born, og som laut sale hesten i all slags ver for å hjelpe fødande på bygda. Om henne vert det sagt at ho ofte ba om ei seng etter at fødselen var over, slik at ho kunne leggje seg ned på og kvile før ho tok på heimveg. Ho visste vel at vel heime vart det lite tid til å hente seg inn att, med alle eigne born rundt seg.

- Eg vart aldri fortruleg med jordmorarbeidet slik det var på det gamle fødehjemmet. Der var det mykje stress, og lite tid til å sitje ved den fødande. Dei fekk rett og slett ikkje nok omsorg og ro til å føde med kvild. Det går an det, å føde med kvild. Ein fødsel er arbeid der ein må søkje å fylgje rytmen i sin eigen kropp. Hjelpe til i taka, og kvile i mellom. Ei stund vart det sagt på bygda om meg at kvinnene ikkje fekk lov til å rope. Men eg brukte seie til dei at; - klart du skal få lov til å rope, men det vil vere mykje betre for kroppen din om du pustar saman med meg, og så pustar vi oss gjennom dette. Du blir so trøytt av å rope. Du slit ut kroppen din.

I nokre grender i Ulstein hadde dei før i tida såkalla fødekoner. Det brukte å vere 3 – 4 kjerringar som møtte opp når det var ein fødsel, og sat saman med den fødande. Dei fekk tida til å gå ved å fortelje skrekkelege historier om fryktelege fødslar, og kunne skildre fødselsforløpa i minste detalj parallelt med framdrifta i fødselen til henne som no venta på forløysing. Den fødande vart redd, var sårbar, og ville slik spenne seg meir enn naudsynt. Dette ville i sin tur auke smertene, og dermed sjølvsagt også ropa, som til slutt ville vere med på å trøytte den fødande endå meir. Ei trøytt, fødande kvinne er ikkje alltid det beste utgangspunktet for ein god fødsel og god start for eit nytt lite liv, som skal kjempe seg til lys og luft gjennom motstanden som kroppen til ei redd kvinne gir.

Dette var ikkje eit miljø som fremma ein roleg og kvild fødsel. Slike forteljingar må ha verka skremmande på den fødande, som i ein slik sårbar situasjon ikkje kan mobilisere krefter for å fjerne seg frå angsten, ei heller krefter til å forlange andre, mjuke og milde historier frå fødekompaniet dessutan, om det var dette som var kulturen, ville nok ingen ein gong kome på å be om å bli behandla på anna vis, for det var jo dette som var skikken. Men slitsamt må det ha vore. Korleis kunne Odnny trå inn i ein slik kultur med sin kunnskap om stress og kropp og behovet den fødande har for kvile? Ein kan levande tenkje seg at ho skulle ha trong om å gå varsamt fram for ikkje å spele seg sjølv ut av truverd og bygdekultur ved å kome og fortelje kvinnene at dei ikkje skal opptre i samsvar med det som er brukvisa.

- Eg sa ikkje so mykje. Men eg fekk med meg den fødande kvinna til eit anna rom, og sette dei att-verande kvinnene til å gjere anna arbeid. Dei kunne lage mat, koke kaffi eller vaske. Slik fekk den fødande ro, og kvinna kunne finne krefter til å lytte til det kroppen krevde av henne, slik at barnet kunne kome til på det viset som var best. Fødekonene trudde mang ein gong at fødselen var over, fordi det var så stille i huset.

Oddny minnast ei jul ho skulle hjelpe ei fødande ein 1. juledags morgon.

- Eg høyrde skrik og rop i det eg steig ut av drosja, og min fyrste tanke var at her må det vere komplikasjonar på gong!

For dette var ei fjerdegongsfødande, og ho skulle såleis kjenne gangen i dette. Husbonden på garden møtte Oddny med fortviling fordi han ikkje synst han kunne sende bort borna sidan det var 1. juledag.

- Eg kan ikkje sende borna på bygda på slik ein dag, men eg kan heller ikkje la dei vere i huset og høyre på mora som ropar slik. Det er heilt frykteleg, seier mannen til Oddny.

- Borna skal vere her, svarar Oddny. Set dykk inn i andre stova, leit fram spel og ta livet med ro. Dette skal gå så fint. Borna dine skal erfare at mor vil føde med kvild, og utan roping.

Og slik vart det. Oddny snakka med kvinna, forklarte henne at dette skulle dei to samarbeide om. Pusten er nøkkelen, og det krev konsentrasjon, og gir kvile.

- Pust er liv, og det er gjennom pusten at du skal gi nytt liv.
Og slik vart det. Borna visste ikkje av fødselen før dei høyrde det nye barnet gråte i det julepynta romet. Gjennom pusten hadde ho gitt liv, denne kvinna, som før hadde lært at smerte skulle møtast med rop og ikkje ro. I den nye kunnskapen fekk ho kontakt med sin eigen kropp og ro til å samarbeide med eigne krefter slik at ho kunne føde med verdigheit, smertefullt, men ikkje uuthaldeleg. Gjennom pusten lærte ho å bli med inn i smertene utan å gjere motstand, og la smertene vere eit uttrykk for kroppens tolegrenser og dei kreftene som er nødvendige for at nytt liv skal kome til.

Eg lurer på kvar Oddny lærte om samanhengen mellom pust, smerte og fødsel? I denne delen av verda har vi ikkje tradisjonar som fokuserer på meditasjon og pust, slik ein har gjort det i tusenvis av år andre stadar på denne planeten. Sjølv om eg ser at bøn og den nære kontakta menneska i vår kultur har med naturen kan ha den same meditative funksjonen som yoga eller andre former for utøvande kroppslindring, så er det smått med medviten tenking kring pust og pustens lindrande funksjon. Oddny fortel at ho mange gongar har nytta bøn i sitt yrkesliv for dei fødande, og ho hevdar at det var til hjelp. Men denne kunnskapen, om samanhengen mellom pust og smertemeistring lærte ho ikkje i studien sin. Det lærte ho av eiga erfaring. Ei erfaring ho ikkje ynskjer gjere til noko stort poeng, anna enn at ho skjøna kva ein kropp ikkje treng i ein stressa og pressa situasjon.

- Eg hadde ei vanskeleg oppleving i Ålesund under krigen, der eg vart frykteleg redd og ropte på hjelp. Eg reflekterte mykje rundt hendinga i ettertid, og undra meg i grunnen over kor sliten eg vart. Etter å ha praktisert ei stund som jordmor kom eg til at det måtte vere ropinga som hadde hatt den utmattande effekten på kroppen min den gong. Eg synst eg kjende det att når eg var saman med dei fødande. Det viste seg at det stemte. For i seinare år vart dette med pust ein del av den generelle opplæringa for jordmødre.

Oddny meiner at ein sterk intuisjon er den personlege eigenskapen ein har størst behov fori yrket som jordmor. Ein må ha kontakt med seg sjølv og den kunnskapen ein har skaffa seg gjennom erfaring. Det er ein kunnskap ein ikkje alltid har ord for. Kunnskap som ikkje nødvendigvis er knytt opp mot teoriar eller forsking og forskingsresultat. Det er det ein veit fordi ein veit det, fordi ein har sett det same, eller noko som liknar, før. Intuisjon og sterk intuisjon utviklar seg med erfaring. Og det fekk Oddny mykje av på jordmorskulen, både natt og dag, der dei vart vekte nattestid for å delta på fødslar når det oppstod komplikasjonar, nettopp for å lære. Slik fekk jordmorstudentane i Bergen stimulert og utvikla ein sterk intuisjon, som vart ein viktig verkty for desse kvinnene som i mangt arbeidde åleine. Den praktiske kunnskapen hadde ein framtredande plass i den gongs utdanning og møtet med dei mange kvinnenes røyndomar som fødande gav dei framtidige jordmødrene tyngde og tryggleik til å kunne utøve sin profesjon, sjølv om dei den gong, i motsetning til i dag, i langt større grad var åleine om ansvaret. Har vi tapt noko på vegen i dagens samfunn, der den boklege og teoretiske kunnskapen har fått ein langt sterkare posisjon enn den hadde den gong, tru?

|

Nettsida er drifta av