design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Lidvard er fødd 10. mars 1917. Her avbilda saman med artikkelforfattar Johs.
Lidvard er fødd 10. mars 1917. Her avbilda saman med artikkelforfattar Johs.

Lidvard Ulstein - eit liv i krig og fred på sjø og land

Lidvard gjorde til dels vaksen manns arbeid alt frå 8-10-årsalderen. Slik kunne det vere den tida, totalt avvik frå det som er vanleg kvardag for born og unge i dag.

Artikkelforfattar: Johs Klungsøyr

Han er fødd 10. mars 1917. Det er lenge sidan, jammen er han 96 år her han sit og auser av sine historiske kunnskapar med ein presisjon som kunne vere eigna til å gjere ein historieprofessor forlegen. Og han har mykje å lære oss som er litt yngre, og han har svært mykje å lære dei som er verkeleg unge. Det er ein av grunnane til at vi ynskjer å skrive ned litt av dei erfaringane som han har gjort seg igjennom livet, både om barndom, arbeid, krig og fred.

Lidvard sin far var dampskipsekspeditør og kommunekasserar og hotelleigar. I tillegg til dette dreiv han ein revegard som var vanleg som god attåtnæring den tida. Faren var streng med eldsteguten Lidvard.

Når dampbåten kom til Ulsteinvik kl. 1700 måtte Lidvard vere der og ta imot varer med handemakt og med sekkehjul. Det vart mange tunge tak for ein liten gut. Vidare gjekk det på vedhogst og fyring i alle omnane på hotellet. Og så var det å passe revegarden med alt som skulle gjerast der. Kl. 0300 natt til søndagar vart eg vekt for å stille på kaia for å ta imot båten frå Bergen. Eg var så lei at det hende ofte at eg kasta opp, fortel Lidvard.

Men når annakvar søndag kom då presten skulle til preike i Hareidskyrkja, fekk Lidvard sitje på med prestebilen fram på Eidet, og det var stas over stas. Han sprang glad og lett nedatt til Ulsteinvik.

I 1925 fann dei ut at mjølka var 3 øre billegare på Nessetbruket på Rise enn det ho kosta i Ulstein. Då måtte Lidvard gå over Eidet til Rise etter mjølk to gonger pr. veke. Han var 8 år det året. Det er der vi kallar Fjelle-garden i dag. Han hugsar Anne Marja som han kjøpte mjølk av, som det skulle vere i går. Ei snilde dame. Mannen kalla dei nissen på grunn av eit stort kvitt skjegg. Anne Marja sa alltid at ”du må få deg ei kakeskive før du tar fatt på heimturen, og du må få host på”. Storarta snille folk, seier Lidvard med ettertrykk.

Då han fylte 14 år var han dreng hos Elias Garshol med allslags gardsarbeid frå kl. 0600 om morgonen.
Lidvard fortel om følgjande episode like før konfirmasjonen:

Predikant Eidså hadde ein serie med vekkjelsesmøte på Fredheim. Flest mogleg skulle kome med og bli frelste frå verdsleg synd og skam. Holmås var sokneprest. Eg hugsar så vel at Eidså brukte å opne med sitatet ”Rinnende Bekke”. Ein av desse kveldane var vi nokre fantar som slo på stuprennene på Fredheim då Eidså skulle opne med sine ”Rinnende Bekke”. Det blei eit forferdeleg leven, og vi rømde i alle retningar. Nokre av oss blei attkjende og rapporterte til presten. Vi vart innkalla på prestekontoret og fekk 2 ultimatum: a. La oss frelse, b. Oppgi namna på alle som var med på ugjerninga. Vi var 3 konfirmantar som nekta begge deler, og fekk klår melding; - ingen konfirmasjon. Dette var alvorlege saker, så eg var nøydd til å fortelje det til far. Far Julius tok på seg kvitetrøya (som vi kalla ytterjakka hans som var sydd av tome kveitemjølsekkar), sporenstreks opp i prestegarden. Etter ei stund kom han nedatt og melde kort: Det vert konfirmasjon. Det høyrer med til historia at dei to andre gutane fekk ikkje konfirmere seg i Ulstein. Ein av dei fekk det ordna i Fosnavåg, den andre i Ålesund. Namna deira vil eg ikkje røpe. - Så langt Lidvard.

Ungdom
I 1932 fekk han prestehanda på seg, og då barst det på sjøen med ”Njørd” av Ålesund.

Der om bord hadde han både skipperen og bestmannen som onklar. Det var snurpefiske på Svinøyhavet med bomtur. ”No er silda utrydda”, sa pessimistane. Bulandet var like svart. Vidare sørover til bøya ved Jæren.

700 hl vart alt denne vinteren. Resultatet vart kr. 27 i minus for Lidvard. Kva betydde kr. 27 i minus, Lidvard? –Det betydde kort og godt at turane var vekkasta tid, og at eg måtte betale 27 kroner for kost og losji om bord.

I 1933 barst det på Finnmarka med ”Snøgg” av Ulstein, der ein av eigarane var onkel Tolles-Johan. Dette vart også bomtur, og med etterfølgjande gratisarbeid som revepassar for faren. Så var det eggjafiske, og så revepassing og revepassing.

Men så slo det til: 1934-35-36 vart det gode fiskefangstar med ”Njørd”. I 1936 var ”Njørd” toppbåt med 34000 hl. Det var snurpefiske på Svinøyhavet, to kjempeturar til Island, og linetur til Bjørnøya. For Lidvard vart det ”Njørd” heilt fram til krigen kom, med avbrekk av militærteneste i 1937. Militærteneste, ja; 84 dagar på Veblungsnes. Han minnest at dei bygde jonsokbål i god tid før jonsok. Så lurte Lidvar seg av for å treffe Ruth som arbeidde på kafe i Åndalsnes, og dermed sat han ei veke i kakebu, så han fekk ikkje vere med på jonsokfeiringa.

Våren 1938 kjøpte Lidvard ein flott Chevrolet personbil som Sigmund Garnes hadde kjøpt med ein som kom frå Amerika. Dette var første bilen med radio som kom hit. Folk sa at det kunne ikkje gå vel dersom ein skulle høyre radio mens ein køyrde automobil. Lidvard køyrde drosje med Chevroleten.

Men i 1939 skreiv han kontrakt hos Dalen i Ålesund på ein ny og stor Opel Blitz lastebil til 12000 kroner. Så kom krigen våren 1940. Kva skulle ein då gjere med ny lastebil? Heldigvis var bilen stort sett betalt. Og så knekte han kardangen så bilen blei ikkje rekvirert under krigen

Krig i landet
9.april 1940 var ein skjebnedag for Noreg. Vi blei hærtekne av tyske soldatar, -Det var krig i landet. Dei lærde stridast om vi var godt nok førebudde. Utan å kunne ta noko stode til det spørsmålet, må vi minne ungdomen av i dag om at det var heilt andre tider den gongen på dei fleste område, så det er svært vanskeleg for oss som er ein del yngre å ha bastante meiningar. Eg trur at det løner seg å vere litt audmjuke både til tida dei levde i, korleis administrative system var oppbygde, og til folket som den gongen hadde andre typar erfaringar enn det vi har i dag.

Lidvard og mange andre ungdomar frå våre bygder var i alle fall ikkje i tvil om å sette alle klutar til. Klart vi må ut og slåss, seier Lidvard, - fedrelandet skal dei ikkje få ta frå oss, koste kva det koste vil. Korleis opplevde du elles desse dagane i april 1940, Lidvard? -Vi låg utfor Osneset på forfangstsilda. Beskjed frå ”Njørd”: - Tysk invasjon. Hiv opp båtane! Vi gjekk inn til Ålesund og reiste heim. Vi var nokre ivrige ungdomar som den 9.april gjekk utålmodige og venta på innkalling. Vi tenkte at det er viktig å vere tidleg ute og gi tyskarane og nazismen motstand så det kjennest, fyrst best.

Den 10. april var eg i posten og spurde etter beskjed. Ingen melding om innkalling. Men endeleg den ettermiddagen kom innkallingane.

Kva pakka du med deg, og kva sa far din og mor di? Noko pakking kan eg ikkje hugse, men far tok meg med ut til Petrus skomakar og kjøpte meg eit par beksaumsko. Før eg reiste kalla far meg inn på kontoret der han beklaga at han ikkje alltid hadde vore slik han skulle mot meg. Han vona at eg ville kome heimatt. Eg hadde ei strålande god og støttande mor. Ho sende med meg eit Gudsord, og var heilt roleg og trygg på at eg ein dag skulle kome heim.

Den 11. føremiddag kjem D/S Nordfjord til Ulsteinvik. Der var mykje folk om bord av årsklassene til Infanteriregiment Møre (IR 11). Båten gjekk til Sjøholt, der vi fekk busstransport til Vågstranda og vidare ferje til Nordvik, og buss til Isfjorden og Veblungsnes. På denne turen fekk dei seg mat på Fjellstova på Ørskogfjellet. Då vi kom til Veblungsnes, var det bygdefolket som kom med mat til oss. På Veblungsnes fekk eg og nokre andre overnatte i ein skreddarverkstad. Vi sov godt mellom stativ med fine dressar.

Tidleg morgon den 12. april var der tyske fly som flaug over. Det måtte vere ei uhyggeleg oppleving for ein gut på 23 år plutseleg å bli kasta ut i krig med fiendtlege fly over seg, kort sagt, midt i infernoet og krig i landet? -Det er nok ikkje til å legge skjul på, men vi var unge, og vi var så gira på å gi dei motstand at eg trur ikkje eg dvelte noko ved slike tankar. Flya gjorde ikkje oss noko der og då, men dei hadde bomba stygt i Åndalsnes. Det må eg innrømme var uhyggeleg. Vi vart provoserte og kom med eitt i kamphumør.

Etter dette var der nokre av oss som ikkje tolde ”trykket”, så dei blei sende heimatt.

Same dag var det brått komne nokre lastebilar, korleis dei kom veit eg ikkje den dag i dag. Og for meg var det kjende bilar. Det var bilane til Per Moldskred, Møre Kjøbmends i Ålesund, Hans Ringstad (Uri), og Johan Røyset. Lastebilane stod parkerte på ei flate nedanfor kyrkja på Veblungsnes. Eigarane såg eg ikkje.

Oscar Rørhus frå Ålesund vart utkommandert til transportsjef. Eg kjende han frå før. Lidvard vart av Rørhus utpeika til leiar for den transportgruppa som desse lastebilane frå Ulstein skulle utgjere. Chevroleten til Uri hadde Lidvard køyrt før, på anlegg i Saunesvegen, så han kravde å få nytte denne bilen som dei kalla ”Gulen”. Blant andre av sjåførane var slaktar Myrene frå Haddal som budde i Ålesund.

Lidvard stoppar litt opp i forteljinga si her og fortel meg at han har eit dilemma med å fortelje historiene sine frå krigen. På den eine sida meiner han at det er svært viktig at ungdomen vår stendig får høyre om kva dei har opplevd, som har gått vegen før dei, og at dei på den måten får høve til å ta til seg dei inntrykka som er viktige for dei vidare i livet. Og ikkje minst er det viktig for landet vårt å ha best mogleg opplyste nye generasjonar som kan bere fedrelandet vidare i gode og vonde tider. Men på den andre sida er han redd for at han skal bli oppfatta som han trur han har vore med på noko større enn det andre har vore med på og utført, for det har han ikkje. Han er fast på å få fram at han i desse april- og maidagane i 1940 berre har utført si simple plikt for fedrelandet sitt, ikkje noko meir!

Eg på mi side har fått spørsmål frå ”Levd liv”-redaksjonen om eg kan få fram Lidvard sine opplevingar frå krigen. Lidvard får forsikring om at det er vi som ”masar” etter historiene hans så han kan kjenne seg heilt trygg for slike mistankar som han ikkje vil ha på seg.

Så er det å vone at underteikna greier å framføre Lidvard sine opplevingar på ein slik måte at det kan vere leseverdig for unge folk, og då slik at dei kan bli styrka i historiekunnskapane sine slik Lidvard ville setje pris på. Med denne avklaringa går Lidvard Ulstein vidare i forteljinga om opplevingane sine.

13.april, tidleg på morgonen, køyrde dei til Setnesmoen. Lidvard fekk opplasta 2 bombekastarar pluss ammunisjon til mitraljøser. Myrene fekk lasta opp med hermetikk som hadde vore lagra frå 1916. Hermetikken var like god som ny.

Dei kom til Verma om kvelden, og då tok det til å hende noko: Lastebilane våre skulle lastast opp på jernbanevogner der, men då vart det oppdaga lyssignal bort på andre sida av dalen (bortanfor elva). Offiserane frykta at det var sabotasje, og sende ei tropp over Kylling Bru for ta spionane. Meldinga dei kom attende med var følgjande: -Det var ei kone med fjøslykt som gjekk mellom huset og fjøset.

Opplasting på jernbanen opphøyrde, og dei køyrde på eigne hjul vidare for overnatting på Lesja. Sjefen på meieriet tok godt imot oss der han sytte for overnatting.

14.april: Briefing på Lesja. Sjefen Rørhus instruerte oss i å lage ”Molotov-cocktail”. Det er ei flaske med bensin, og ein tvistdott i holet. Tvistdotten skulle settast fyr på og kastast mot fienden sine tanks eller bilar. På Lesja trena dei ved å kaste flaskene mot stein. Det vart eit forferdeleg flammehav der dei traff når flaska blei knust og bensinen eksploderte. Under denne treninga var der ein av gutane som var uheldig og ikkje fekk knust flaska. Utan å tenkje trekte eg revolvaren og skaut flaska i filler. Då fekk eg kjeft av sjefen. Skulle vel ikkje skyte utan på kommando? Eg sa berre: Er vi ikkje i krig då?

På Lesja var det ei bru over jernbanelina. Myrene var komen over brua med sin lastebil. Eg stod med ”gulen” midt på brua, og ein lastebil bak meg. Det kom tyske fly, og vi rømde frå bilane til skogs i kvar våre retningar. Då vi var inne i skogen eit stykke frå kvarandre sleppte tyskeren ei bombe. Og dei skaut så barkvistane fauk ikring oss. Jacobsen frå Oslo som sat på med meg ropte og skreik at han var treft i eine skuldera. Det viste seg at det var ein teleklump som hadde sprotte opp av bakken og treft skuldera, så det var ikkje så alvorleg som han først trudde, men det var eit forferdeleg inferno der i skogholtet den dagen. Vi hadde saman med oss ein verkeleg krigar som hadde vore i vinterkrigen i Finland. Det var Per Blindheim.Han lærde oss korleis vi skulle søkje dekning mot bomber eller mitraljøseskot frå fly. Blindheim rømde seinare til England, men omkom under ”Lofotraidet”.

Vi skulle prøve å kome oss attende til vegen og bilane våre, men då kom flya ein ny runde med skotsalvar og forsvann.

No køyrde vi til Dombås
15.april: Til Dombås. Her var det skyting og bombing og eit uhyggeleg leven. Fallskjermjegerar frå fienden vart sleppte ned i eit nokså spreidd område. Men kampane hadde sitt sentrum ved jernbanestasjonen. Her var det no blant andre kome soldatar frå Madla, også kjentfolk heimanfrå. På Dombås fekk vi i oppdrag å rekognosere skogfelta nedanfor Dombåsbakkane.

Troppa vår vart send ned til Ulekleiv til ein skule der vi skulle overnatte. Dei første norske lika som blei funne, var ein kompis av meg frå Vartdal som heitte Leif Vartdal, og vidare sonen til lensmann Daae Qvaale på Solnør. Dei fortalde meg at Daae Qvaale døde slik: Der var 3 tyskarar som var nedsleppte og som nordmennene observerte i eit telt. Nordmennene rykte ut til teltet og kommanderte dei ut. Ein tyskar kom ut og viste kvitt flagg samstundes som han skaut Daae Qvaale. Dei andre nordmennene skaut då tyskarane i teltet. Eg fekk i oppdrag å køyre dei tyske lika til Dombås der eg skulle legge dei utafor kyrkjegarden. Då vi kom ned att til Ulekleiv, var der skotne nokre tyskarar på andre sida av elva. Desse skulle vi ikkje hente. Nokon sa at løytnant Rørhus hadde fått føre seg at nordmennene skulle sleppe å sjå altfor mange lik. Om natta nede på Ulekleiv var eg og Jacobsen telefonvakt på ein liten butikk.

16.april var Jacobsen, Kåre Monsen og eg sette til å rekognosere i skogen på vestsida av vegen. Vi såg ikkje tyske soldatar. Men brått blei det opna eld av nordmenn i grushaugane oppe i bakkane ovanfor vegen. Dei hadde fått ordre om å skyte på alt som kom sørfrå, for der ville ikkje kome norske bilar sørfrå på vegen. Likevel kom det ein norsk lastebil (truleg Oslo-bil) sørfrå og som følgjeleg blei skoten på av norske soldatar. Det var full lastekasse med norske soldatar. Sjåføren blei treft så vidt øvst på nasen som gav eit lite blodsår. Ein av soldatane på lasteplanet fekk avskotne 3 fingrar. Bilen hamna i grøfta og skytinga opphøyrde.

Vi tre måtte rekognosere vidare som vi hadde fått ordre om. Litt lengre nede gjekk vi oss på ein personbil nede på ei grasslette, eg trur det var ein Plymouth. Det var eit forferdeleg syn. Vindua var utskotne, ei dør stod open, bagasjeromluka var open. Inne i bilen var det så mykje blod på golv, veggar og tak at det var ubeskriveleg å tenkje seg. Det ryktast oss same dag at det var ein handelsreisande frå Oslo og sonen hans som vart tekne av dage her.

17. april : Vi fekk ordre om å sjekke nokre hus på Ulekleiv, om der var tyskarar. Det vart fortalt at der var mange norske fangar oppe i ei løe oppe i bakkane mellom Dombås og Ulekleiv. Bombekastarane våre skulle plasserast i ulike posisjonar rundt i terrenget. Det blei sendt 2 granatar. Gunnar Midtsem var godt utdanna, og fekk i oppdrag å måle avstand med moderne måleinstrument. Første granaten traff løa presis. Andre granaten traff også, og tyskarane kom ut med kvitt flagg. Dei hivde våpena, og gjekk mot bustadhuset. Meir veit eg ikkje om dette for eg skulle vidare til nye oppdrag med lastebilen ”gulen”.

18.april drog vi nedover til Tretten med 3 lastebilar med soldatar. Der skulle vi danne line tvers over dalen. Engelskmennene var komne frå Åndalsnes like før vi kom der. Vi danna line på austre delen, engelskmennene midt i dalen, og austlendingane på vestre sida. Bjarne Vikebakk var skyttar, - eg bar ammunisjon. Bjarne var ein uredd skyttar. Engelskmennene trekte seg attende straks det blei skotveksling. Då måtte også vi returnere oppover mot Fåvang. Eg hadde stappfullt med norske soldatar i lastekassa. I Fåvang stasjonerte kaptein Lerheim frå Langevåg. Han var ein god krigar, men då eg kom der, heldt han på å trøste ein ung engelsk soldat som hadde blitt trefft med skotskader bak. Lerheim sat på med meg oppattover til Kvam. På denne strekninga oppover til Kvam var det skyting frå fly heile vegen. Det såg ut for at tyskarane no skulle jage oss oppover etter returen frå Tretten. Det var vill vest.

Nordover igjen
No kan eg ikkje garantere presist om datoane lengre, men eg veit at etter 4 døgn utan nemneverdig søvn, var eg forferdeleg trøytt. Då skulle der rekvirerast eit hus for overnatting på Kvam, men det kom brått ordre om at vi måtte halde fram mot nord, søvn eller ikkje søvn. På veg frå Kvam til Sjoa var dei hardaste flyangrepa som eg har vore vitne til. Der var 3 fly som kontinuerleg skaut etter oss, men merkeleg nok - ikkje eitt einaste treff på våre soldatar. Det var mange stopp og episodar på vegen, med evakuering av lastebilen for å gå i dekning i dei verste angrepa. Og det eg hugsar best var då løytnant Rørhus som var på lasteplanet fekk for seg at han skulle søkje dekning i ei stikkrenne under vegen. Han kraup inn i stikkrenna, men kom seg ikkje utatt etter angrepet, så dei måtte drage han ut att etter beina. Han miste offisershua si, og det var sårt.

På Sjoa skulle alle soldatane forlate lastebilen, og eg skulle i oppdrag til Heidal og hente eit vaktlag av soldatar. Dei hadde truleg vore der for eventuelt å stoppe tyskarar som kom mot oss derifrå. På Sjoa fekk eg nye tropper på lasteplanet for transport mot Sel. Løytnant Skaar kom då med på veg oppover mot Sel. Han var som ein kasserar for IR-11 på den måten at det var han som la ut for det vi trengde av varer og bensin m.m. Vi køyrde mot Sel, til eit ungdomshus på venstre side av vegen der alle tropper skulle samlast. Eg var så trøytt og sjuk at eg såg knappast vegen framføre meg. Vi nærma oss Sel, - eg og løytnant Skaar i førarhuset. Eg ante skuggen av eit fly på tvers framfor bilen. Av refleks bråbremsa eg så vi høyrde soldatane på lasteplanet rausa fram mot bakveggen i førarhuset. Skotsalvane pepra grusvegen 2-3 m framanfor nasa på bilen. Flya passerte, og eg køyrde vidare. Det siste eg hugsar før eg svimte av søvnmangel var at eg var på veg inn i ungdomshuset på Sel. Eg vakna av at eg låg på ei båre. Ein dansk kaptein sytte for at eg blei frakta til eit hus og ei seng lengre oppe i bygda der eg skulle sove ut. Dansken la ein revolver på nattbordet i tillegg til den eg hadde frå før. Ordren var at eg skulle skyte uansett kven som måtte kome inn. Ja, men? Nei, her kjem ingen, i så fall er det tyskarar!

Eg sovna inn, og vakna på Lesjaverk. Mellom Sel og Lasjaverk var det Myrene frå Ålesund som køyrde ”gulen”. Eg veit ikkje noko om korleis dei frakta meg frå Sel til Lesjaverk, det må ha vore på båre. Det var litt ulendt kring huset der eg sovna inn på Sel, så det er rart at eg ikkje vakna då dei skulle flytte meg over i transport til Lesjaverk. Eg var sjølvsagt nedkøyrd av søvnløyse i tillegg til at eg hadde influensa. På stasjonen på Lesjaverk vakna eg liggande på ein benk. Der var ein del norske soldatar som overnatta på stasjonsgolvet. I eine enden av stasjonsbygningen var det hol i taket etter ei tysk bombe som hadde gått rett i kjellaren på stasjonen. Der låg ho udetonert, og vi fekk beskjed om å forlate huset straks dette vart oppdaga. Vi flytte over vegen til eit hus, truleg der det er butikk i dag. Der var ein god del norske soldatar, og nokre offiserar, deriblant kaptein Juul frå Molde. Han tok over etter oberst Navelsaker. Juul var stor i kjeften den gongen vi var på sesjon, men ikkje like høg i hatten då alvoret melde seg.

Regjeringa var samla på Lesja Gard. No kom det til Lesjaverk ein mann som eg meinte å ha sett før. Det verka på meg som han kom frå dei styrande og hadde med ein beskjed til løytnant Skaar. Så spurde Skaar om her er nokon som friviljug melde seg til å køyre han til Kjøremsgrenda. Skaar sa at ”- du har no køyrt meg før”. Vi entra ”Gulen” og køyrde attende mot Kjøremsgrenda. På turen fekk eg vite at mannen som eg drog kjensel på var handelsminister Frihagen. Då kunne eg fortelje at han hadde ei søster som var gift med Johs Rasmussen i Ulsteinvik, og at det må ha vore der eg har sett mannen før. Vidare fortalde løytnant Skaar i bilen at lensmannen i Dombås hadde ringt og fortalt at det var gøymt ein betydeleg sum pengar i eit høystål i Kjøremsgrenda. Dette var det vi skulle hente og bringe i sikkerheit. Kva slags pengar var dette, Lidvard?

-Det hadde eg inga aning om. Men i ettertid kan vi lese om handelsminister Frihagen:

”Anders Frihagen, 1892-1979, bankmann og politiker fra Åheim på Sunnmøre. Han var sjef for Den norske Industribank i mer enn 20 år, og i Bankinspeksjonen i en tiårsperiode. Som statsråd i årene 1939-45 fungerte han bl.a. som regjeringens representant i Stockholm etter den tyske invasjonen i 1940. Han fungerte som banksjef for Aalesunds Kreditbank som var satt under offentlig administrasjon etter den økonomiske krisen i 1920-årene.Etter at annen verdenskrig brøt ut i 1939, ble Frihagen medlem av Regjeringen Nygaardsvold som statsråd for Handelsdepartementet.

Da krigen kom til Norge i april 1940, fulgte Frihagen regjeringen nordover og kom bl.a. direkte inn i kampene rundt Dombås. Med sin kompetanse som bankmann, ble han involvert i transporten av Norges Bank’s pengebeholdning, og styrte en periode regjeringens ”reisekasse”.”

Her har vi truleg svaret på kva slags pengar som var gøymde i eit høystål i Kjøremsgrenda. No Lidvard, er vi spente på å høyre vidare frå turen til Kjøremsgrenda. Lidvard fortel vidare som om dette hende for 14 dagar sidan.

Vi nærma oss Kjøremsgrenda, og der gjekk ein mann på vegen som vi spurde etter vegen. Han heitte Trond Fitjar. Skaar spurde etter vegen til garden dit vi skulle. Det fekk han tydelegvis greie på, og vi køyrde vidare og fann fram.

Løytnant Skaar kom attende til bilen med ein jutesekk som han slengde opp på lasteplanet, og vi tok til på returen mot Lesjaverk. Denne turen gjekk utan dramatikk både fram og attende. Det var nesten uvant no. Då vi kom til Lesjaverk fekk vi nyss om at tyskarane hadde rykka fram til Dombås sørfrå. Dette var bakkestyrkar. Det vi hittil har fortalt om, er luftangrep og fallskjermsoldatar. Så no hardna det til øvst i Gudbrandsdalen der vi hadde kjempa dagane før. Lidvard er ikkje glad i å fortelje om dei verste scenene han var vitne til der nede. Men eitt står han bombefast på:

Møringane hadde til no gjort ein stor innsats for å stoppe tyskarane, og å hindre og å utsette framrykkinga deira. Tyskarane leid tap og blei hefta mykje lenger enn dei truleg hadde tenkt i Nord-Gudbrandsdalen grunna møringane sin innsats.

Heimover
Lidvard hugsar ikkje presist datoane lenger, men vi er nok litt før månadsskiftet april/mai då vi forlot Lesjaverk for ny transport mot nord og heimover. Dette stemmer også med det som vi kan lese av historia i dag, nemleg at handelsminister Frihagen og regjeringa tok på veg vidare mot nord og nådde Tromsø den 1. mai. Då måtte han sjølsagt flytte med seg ”Regjeringens Reisekasse” til ny gøymestad.

Lidvard og dei andre sjåførane starta opp lastebilane for avgang frå Lesjaverk.

Fulle lasteplan med soldatar. Ein liten krigsepoke for Møreregimentet er over i Lesja og Nordgudbrandsdal, og ein formidabel motstandsinnsats er utført av dristige og uredde ungdomar frå våre bygder. Lat oss hylle desse heidersmennene. Vi har ikkje så mange av dei blant oss lengre. Måtte dagens ungdom lese om dette og bli inspirerte til å stå vakt om folket vårt og dei største verdiane våre som menneskeverd, fridom og vårt eige folkestyre.

Korleis gjekk heimturen, Lidvard?

Eg hugsar at vi stoppa på Stuguflåten for å stå vakt for regjeringa ei stund før vi køyrde vidare mot Åndalsnes. Turen gjekk stilt og roleg føre seg til nær Åndalsnes, men då møtte vi atter full krig på sitt verste. Krigen sin skrekk og gru la seg som eit åk på skuldrane våre igjen. Full beredskap og årvåkenheit, full fokus på alle lydar og synsinntrykk i alle retningar. Dei skal aldri ta oss!

Åndalsnes bomba
På Åndalsnes var det forferdelege tilstandar. Det var bomba både i sentrum og kringom. Det var mykje røyk, skyting og eit uhyggeleg leven. Det var kontinuerleg bombing. Kor mange som omkom veit eg ikkje. Vi fekk ordre om å køyre til Isfjorden, for all norsk kommando på Åndalsnes hadde trekt unna. Eg var fremste bil, og der var ein heil del bilar etter meg. Like etter Åndalsnes var vegen øydelagd av bombing. Då høyrde eg ei stemme frå ein ulsteinvikar. Det var Olav Osnes som var på ein bil lengre bak, som ropte at vi måtte fylle bombekrateret slik at vi kom vidare. Det var frosen mark og ikkje så enkelt å reparere med det som vi hadde å hjelpe oss med. Eg svinga ut av vegen på ei mark og køyrde rundt det verste krateret. Det gjekk fint, og alle bilane kom etter. Ferja frå Nordvik til Våge var ikkje stor, så det vart ein del venting før vi kom over. I ventetida gøymde vi oss i eit skogholt, og sette også bilane slik at dei skulle vere minst mogleg synlege frå flya. Dette var seint på ettermiddag eller kveld.

Heimover, heimover
Då vi fekk ferja over meiner eg det var i månadsskiftet april/mai. Vi lossa ein del våpen, ammunisjon og proviant i Vikebukt. Dei bilane som skulle til Molde måtte vente på ferja der. Folket som skulle den vegen gjekk om bord i d/s Geiranger som låg ved kai.

Etter dette stoppet var det full fart heimover og med soldatar i lastekassa. Det var svært dårlege grusvegar og svingete og kupert terreng. Bjarne Nygjerde sa etterpå at ”- han Lidvard køyrde fortare og fortare, og vi bak blei reddare og reddare”. Vi sette frå oss ”Gulen” i Ålesund hos B.P. Dahl bensinstasjon. Eg bad pent om at han måtte ta godt vare på ”Gulen” til Hans Ringstad. Så ringde eg heimover til Arthur Skeide og bad han fare til Rise og ta ut bilen min, T-1009. Der hadde eg gøymt min kjære Chevrolet 1937-modell i garasjen til Anders Riise. Arthur kom til Brandal og henta oss som avtalt. Vi kom over Breisundet i båt som vi leigde i Ålesund.

Kjære, vakre Ulsteinvik
Og då du kom opp på Eidet og såg vakre Ulsteinvik med solglitrande havflate krydra med grønskande holmar og skjer? Det er kanskje ikkje verdt å spørje slik etter slike fæle opplevingar som du hadde vore igjennom. - Der var nok både klump i halsen og ei tåre, ja. Fager er lia, aldri såg eg henne fagrare, siterer Lidvard frå Gunnar av Lidarende.

Takk for innsatsen, gode Lidvard!

Vel heimkomen frå opplevingane i Gudbrandsdalen, tok han fatt på arbeid med sin eigen lastebil som hadde stått parkert i Ulsteinvik grunna skade i kardangen. Det kravde hardt arbeid og lange dagar å brødfø ein familie desse åra.

Giftarmål i ei turbulent tid
I 1941 gifte han seg med Ruth Nordal. Same året var han om bord i «Veøy». Dei frakta tyskarar mellom Aukra og Åndalsnes. Og dei var til Vistdal etter hestar.

Mat til folk i eit okkupert Noreg
Frå 1942 til 1945 var han med «Hansemann» av Kristiansund, som førde mjølvarer frå Trondheim og nordover, og fisk sørover igjen til Kristiansund. I 1945 fekk dei ein større båt som heitte «Snurp 1», med same frakt i same farvatna som den førre.

Og no var det at seieren var vår, og at freden kom
Dei låg ved kai i Stamsund, og dei for til Svolvær om kvelden for å vere med å feire freden. Her trefte han Magne Hofset som var om bord i «Vildanden».
Dagen etter returnerte dei til Kristiansund der båten høyrde heime.

Opprydding
Han var ikkje vidare heimkomen før han fekk førespurnad om å gå om bord i eit tysk marinefarty som Noreg hadde konfiskert. Det var mangel på maskinfolk, og Lidvard takka ja til å gå om bord i «Tautra», marineredningsfarty på om lag 120 fot, og som gjorde ei fart på om lag 36 knop. Han var eitt år der om bord. Dei rydda og sprengde miner på strekninga Måløy- Trondheim. Dei sprengde ca. 10-12 miner.

Etter dette i same område, og med same farty, gjekk dei ifrå plass til plass og grov opp lik av falne engelskmenn som skulle sendast heim til England. Dei hadde med seg 4 tyskarar som måtte grave opp lika. Det siste oppdraget deira, våren 1946, var å arrestere ein gestapist. Ein fæl terrorist som dei brakte til Ålesund. No reiste Lidvard heim.

Bygge opp att Noreg
Etter krigen var det, som rimeleg er, mangel på det meste. Det gjekk ikkje lenge før Lidvard, maskinkunnig som han var, fekk spørsmål om å reise til England for å finne ein god maskin til fiskebåten «Grøyven» av Ulstein. Etter leiting i hamneområde der borte fann han rette motoren, overhalte både maskin og hjelpemotor, og etter ca. 8 dagar gjekk dei over Nordsjøen med både skroget og motorane intakt, og anna maskinutstyr til bedrifter her heime.

Krig er dævelskap
Ja, Lidvard har sett det rette namnet på det, og han veit kva han snakkar om, denne heidersmannen som har slått seg gjennom kuleregnet, sett drap og død, frakta lik til si endelege kvile, reinska opp og rydda miner, henta heim maskiner for oppattbygging av landet vårt og gitt oss historiekunnskap som vi kan ta med oss i vår innbilte hektiske kvardag.

Invitasjon til å møte Kongen i 2011
Krigsseglarforeininga inviterte til stormønstring i Kristiansand for alle attlevande krigsseglarar. Lidvard ringde og sa frå at han aldri har rekna seg sjølv som krigsseglar, så dette måtte bero på ein feil. Dei leita då opp kartotekkortet hans der dei hadde opplysningar om alt han hadde vore med på under krigen, og dei var klare på at han er definert som krigsseglar. Han var hjarteleg velkomen til Kristiansand, og til å handhelse på Kong Harald. Lidvard sette stor pris på dette, men han var diverre ikkje i god nok form til å ta den turen.

Lastebil igjen
No frå 1946 stansa Lidvard heime ei stund og tok oppatt lastebiltransporten. Han skifte til ny lastebil i 1947.

Ishavet kallar
I 1948 kom utfartstrongen over han igjen. Han skaffa seg leigesjåfør og mønstra sjølv på som maskinist på «Isflora» av Brandal for 8 år til New Foundland/Grønland. Imellom turane køyrde han lastebil. Han seier i dag at under kvar av dei stygge overseglingane bortover bestemte han seg for at det skulle bli siste turen.

Langtransport
Frå 1951 brakte han lastebilaktiviteten sin inn i ein ny epoke. No starta han med brislingtransport frå Fredrikstad til Herøy Canning, og dette utvikla seg til alle tenkjelege slags gods i begge retningar. Dette avvikla han i 1959/60.

Eigen heim på Saunes
Lidvard og Ruth bygde seg eit stort hus og ein god heim for seg og borna sine på Saunes i 1956. Borna er Sigrunn 1942, Johnny 1943, Margaret 1948 – død 2000, og Rolf 1954. I denne heimen har Ruth og Lidvard budd til det siste, men får no hjelp av Ulstein Sjukeheim, der Lidvard har budd den seinara tida grunna skade etter ei ulukke.

Brus
I 1959 etablerte han seg med agentur for Hansa Brus for heile søre Sunnmøre. Dette kravde stor lagerkapasitet og anna type bilar. Han avvikla all transportverksemd i 1973, for då kom utferdstrongen over han igjen.

Middelhavet og MRF
No tok han eitt år som maskinist i fraktfart Middelhavet-England-Noreg, og 9 år som maskinist i Møre og Romsdal Fylkesbåtar. Er eit liv oppbrukt no?

Tydelegvis ikkje. Lidvard Ulstein mønstra på som maskinist på «Polarstar» til Vesterisen i 1990, i sitt syttitredje år.

Som om ikkje dette var nok
Lidvard og Ruth skaffa seg i 1967 fritidsbustaden «Carmencita» på Lanzarote, og var der ei stund kvart år i 30 år. Hans store hobby elles, var laksedorging frå ein flott Tresfjord 29-foting som fekk namnet «Carmencita». Lakserøykeri heime på Saunes.

Livserfaring
Var det nokon som spurde etter ein rådgjevar med livserfaring?

Eg har i alle fall lært mykje av denne livshistoria.

Du store tid, og takk seier vi. Dette var litt av eit «Levd Liv»! Vi ønskjer Lidvard alt godt gjennom den tida som han har att her.

|

Nettsida er drifta av