design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Sundgot. I skogholtet til venstre på biletet kan ein finne fleire gravhaugar / gravrøyser.
Sundgot. I skogholtet til venstre på biletet kan ein finne fleire gravhaugar / gravrøyser.

Kulturminnearbeid på Dimnøya

Fyrste gongen det vart satsa på eit kulturminneår var i 1997. Den gong skapte den nasjonale satsinga stor oppslutning over heile landet, og kvar kommune valde sitt kulturminne. I Ulstein valde ein Skjervøybuda, som sidan vart riven. Som tusenårsminne valde ein merkeleg nok det yngste området av alle – den tidlegare makkefjøra utanfor kyrkja, som no er rådhusplassen. Kanskje illustrerer desse hendingane nettopp grunnar til at ein må arbeide med å opne folk sin vilje til å reflektere over kva nærleik til historiekunnskapar gjer med oss. Og kanskje var det nettopp også av slike grunnar at styremaktene i si tid etablerte eit kulturminneprosjekt?

Artikkelforfattar: Trudi Henrydotter Eikrem

Kva skal vi med fornminne?
Noko av det som pregar den moderne tid er eit tilvere der vi søkjer oss inn i framtida fordi det er i den dimensjonen vi ser mulegheitene. Men mon det. Vi gløymer kanskje i farta at den viktigaste premissen for danning av framtida ligg i fortida, og at forventningar, som er det som i mange samanhengar motiverer oss og driv oss til å virke, veks ut av fortida. Dersom dette har snev av sanning ved seg, så er historia og forteljingane om levd liv ei svært underkommunisert menneskeleg drivkraft med stort potensiale. Skipsindustrien vaks fram som fylgje av haldningar, mentalitet og kunnskapar om havet, men også som fylgje av det havet som forma oss som menneske. Kven veit vel betre enn vi kva havet kan gjere krav på, om vi ikkje handlar i samsvar med dei kreftene elementet representerer? Så er det kanskje ikkje tilfeldig at vi kan vår skipskunne her ute i havgapet. Det har vore ei livsnødvendigheit over tusenår.

Forholdet mellom menneske og historie som grunnlag for identitet har tronge kår generelt i vår kultur, og kanskje spesielt i vår region. Møre og Romsdal er i dag eit paradoksalt fylke fordi det industrielt går godt, vi er produktive, og vi skaper framtid nettopp fordi vi gjennom vår lange historie har spesialisert oss på det vi gjer så godt i dag. Samstundes har vi stor fråflytting, noko som kan ha samanheng med mangelen på stadsidentitet. I alle fall må det vere lov å spørje. Det er lett å flytte herifrå i jakt på framtida. Når kontinuiteten uteblir, og dei kollektive forteljingane blir usynlege, eller berre gjeld nokre få, mistar vi forankring i fellesskapen. Felles verdiar, arbeid, slit og gleder blir gjort til inkjes for dei som kjem etter. I det dette blir usynleggjort taper vi retten til å forstå oss sjølve som ein del av ein prosess, ein del av eit historisk fellesskap, som kan gi ei sterk vi- oppleving. Når vi gir avkall på eiga historie blir det lettare å leite etter fellesskapar andre stadar. Men det er lettare for eit menneske som kjenner seg svak i ein livsens augneblink å stå oppreist når ein veit at mor og bestemor kunne makte det i det som var deira tids snubletråd. Slik er det også for fellesskap som Ulstein-samfunnet. Men då må vi gjere synleg det som opnar for slike refleksjonar.

Skal ein region halde på sine eigne innbyggjarar, blir det å gjere tydeleg den kollektive identiteten, vi-et, ei viktig oppgåve. I Sør-Europa finst det mange monumentale bygg som er synlege for individa til ei kvar tid. Monument som pustar i kvardagen saman med dei menneska som lever der. Fortid, identitet, samtid og framtid lever side om side. I vårt land, fordi historia er som den er, har dei monumentale bygga som kunne gjere fortida vår meir tilgjengeleg uteblitt. Vår fortid ligg i bakken, under jorda, og stikk seg sjeldan storslått fram. Litt som vi som folk, forsiktige og smålåtne, ligg dei der fornminna, til tider utskjelte og definert som dyrt sarv ingen eigentleg vil ha. Men mon om ikkje det er ei feilvurdering? Mon om ikkje det er å stele frå seg sjølv?

Fornminnearbeid på Hasund i 1997
Det var slike grunnar som i si tid opna for at Hasund skule tok utfordringa med å gjennomføre fornminneregistreringar ein gong tilbake på 1990-talet. Til liks med skuleklasser andre stadar i landet jobba vi med eit valt prosjekt, der det på nasjonalt plan vart arbeidd med meir enn 5000 kulturminnearrangement. Vi valde å merke gravhaugar på Dimna. Den gongs 6. klassingar ved Hasund skule arbeidde eit heilt skuleår med å kartlegge og merke dei registrerte gravhaugane. Arbeidet var tverrfagleg, der elevane lærte å bruke data som verkty knytt til informasjonsbearbeiding. Dette var i pc-ens spede barndom, og jobben vart gjort på dei gamle 2-86 maskinene som Hasund skule var moderne nok til å eige den gong. Elevane rekna ut kor mange dagsverk det låg i å byggje ein slik gravhaug, og gjennom innsikter i innhaldet i gravhaugane forsøkte ein å gi analyser av sider ved samfunnet slik det kanskje hadde vore ein gong der i heimbygda deira. Arkeologiarbeidet påla dei å gå nøye gjennom kvar einaste gravrøys, måle opp og utarbeide rapportar knytt til alle gamle registreringar, men også nye funn! For gjennom denne studien fekk elevane sjølvsagt inngåande kjennskapar til ytre karakteristika ved gravhaugar, og i arbeidet med å merke dei allereie registrerte haugane kom det opp spørsmål i tilknyting til eventuelle haugar og former i landskapet som svara til kunnskapar dei hadde om slike ytre karakteristika. Borna samla opplysningar i dei utarbeidde rapportane, og sende sine skildringar av observasjonane til fylkesarkeologen for kommentarar. Ho vart interessert i arbeida deira, og kom på besøk for å ved sjølvsyn konstatere evt nye registreringar. Det viste seg at Fornminneregistreringane måtte endrast i bakkant av arbeidet til skuleelevane, det fanst fleire gravhaugar i Dimnasund enn ein fyrst hadde trudd.

Alle einskild- rapporteringane vart til sist samla i ein overordna rapport som vart brukt som informasjonsgrunnlag i utarbeiding av ei fornminne-vandring som vart tillyst på våren etter råd frå fylkesarkeologen. Før graset vart for høgt på vårparten eller tidleg vinter etter at lauvet og graset hadde svunne hen. Sidan dette var avslutningsåret på barnetrinnet, måtte det bli på vårparten før graset la i veg.

Det siste ungane gjorde av praktisk arbeid før det tillyste arrangementet var å snikre små skilt i tre med fornminnemerket innbrent, og fekk, etter at dei hadde søkt om løyve, plassert desse på gunstige og informative stadar slik at andre interesserte kunne vandre i deira fotefar på eiga hand. Dei unge studentane avslutta prosjektperioden med å tillyse ei historisk vandring ein fuktig søndag på vårparten 1997 med 120 interesserte tilhøyrarar i fylgjet sitt, og ein reporter frå Vikebladet. Det var stas alt saman! Borna hadde laga kart som vart delt ut til kvar einskild deltakar, der gravrøyser var tydeleg avmerka på fargelagt og skravert kart. Klare i målet bar dei fram forteljingar om kva som truleg ein gong var plassert i den gjeldande grava, kva teneste skikkane gjorde for både dei levande og døde, kvifor den var plassert som ho var og kor lang tid som var gått med i konstruksjonen av røysa. Sidan informasjonen skulle overleverast utandørs, hadde ungane også fått trening i stemmebruk (ikkje alle var like utrente her frå før ☺), diksjon og kroppsspråk. Det vart ei rett minneverdig vandring gjennomført av unge, entusiastiske og kunnskapsrike born frå Hasund krins. I utdrag frå rapporten står det mellom anna fylgjande om gravhaugar og gravskikkar (noko revidert for denne utgåva av Levd Liv):

Gravhaugar og gravskikkar
Gravhaugane i Hasundområdet er truleg frå bronse- og jarnalder. Tidsromet strekkjer seg frå 1500 - 500 fKr, som er bronsealderen i Noreg, og eldre jarnalder som går frå om lag 500 fKr fram til 600 eKr, då byrja den yngre jarnalder som strekkjer seg fram mot år 1000.

I tida før Kristi fødsel var det vanleg å brenne døde menneske. Beinrestane vart knuste etterpå, og lagt i leirkrukker. Leirkrukkene som familiene valde til den døde kunne vere både nye og staselege eller gamle og slitne. I aristokratiet var det ikkje uvanleg å importere krukker i fint metall, td i bronse. Inne i krukkene la ein gjerne med smykke eller andre prydgjenstandar.

I eldre jarnalder etter Kristus endra gravskikkane seg noko. Endringane skjedde rundt Kristi fødsel i Danmark, medan det i Noreg var noko seinare, men ein vekslar her på å halde fast ved det gamle som var brenning, medan ein enkelte stadar tok inn det nye som var jordfesting. Ved likbrenning vart menneska lagde i ei grav 50 cm under bakken, og liket vart påtent. Etter brenninga vart levningane lagt i krukker eller berre tildekt med stein eller jord. Ved jordfesting vart det derimot gravd ut og lagt ned kammer i tre, der menneskekroppen hadde god plass, og fekk med seg både dyr, anten det var dei vanlege husdyra som katt, svin, geit eller hund, og elles reiskap og klede.

Kvinner
I denne perioden, i hundreåra frå Kristi fødsel og fram mot 3-400 eKr, var det like vanleg å lage gravkammer til kvinner som til menn. Kvinna fekk gravhaugar for å tekkjast fruktbarheitsgudinna Frøya. Det er dessutan ingenting som tyder på at kvinnene har vore utan makt. Slekt og arv vart ført gjennom begge kjønnsgreiner, og i yngre jernalder er det registrert mest kvinnegraver. Dette går fram av gravinnhaldet der det blir funne spesialiserte arbeidsreiskap knytt til rollefunksjonane som blir tydelegare i yngre jernalder. Det kan dreie seg om nøklar eller ulike former for vevreiskapar eller anna reiskap knytt til arbeid kvinnene hadde. I yngre jernalder har truleg forholdet mellom kvinne og mann vore av meir utjamnande karakter, som sidan blir avløyst av ein annan kjønnsideologi etter innføringa av kristendommen.

Men kvinner som var volver, eller som hadde spådomsevne, hadde stor makt. I yngre jernalder er det funne volve-graver som viser at desse kvinnene tente seg svært rike. Dei tok seg sjølvsagt godt betalte for å sjå inn i framtida, og både stridande og sjuke hadde behov for hennar opplysningar eller kunnskapar. Volvene vart mektige, omreisande kvinner i spådom.

Gravhaugens mange funk- sjonar
I slutten av eldre jernalder kjem den gamle skikken frå bronsealderen med å lage store, synlege gravhaugar attende, og haugane blir plassert nær straumar, elveutløp og i strandlina for å markere overfor tilreisande at dei nærmar seg busett område. Gravhaugens storleik fortel dei tilreisande noko om den dødes politiske status i området. Og også i desse gravene var det vanleg å legge inn smykke, våpen og klede. Det faktum at eit samfunn fann å kunne gi frå seg arbeidsreiskap eller symbolske gjenstandar tyder på overflod og rikdom, eventuelt at familier i området på denne måten markerer sin status overfor dei attlevande og tilreisande. Seinare i merovingertida, eller i yngre jernalder, kom flatmarksgravene, og desse er det lett i vår tid å oversjå fordi den gongs samfunn ikkje hadde overflod nok til å sende frå seg viktig og verdfullt verkty til dødsriket.

I yngre jernalder ser ein kanskje også tendensar til at gravhaugar og –røyser vert plasserte nær tun, eller ved indre/innlands ferdselsårer. Dette vart kanskje gjort for å markere hevd på eit område. Ved gransking av matrikkelgardar frå mellomalderen har ein funne eit visst samanfall mellom desse og klyngjegravhaugar, og det har utløyst danning av teoriar som hevdar at det kan dreie seg om ein rettsmanifestasjon ved innføring av fastare jordbruk, der ein gjennom gravhaugane markerer retten til eller hevd på jord.

Mange av kystrøysene vart for øvrig øydelagde under krigen fordi dei var plassert så sentralt i forhold til utsyn over leia, dei same posisjonane som tyskerane hadde behov for, for å kunne utøve den same kontrollen over sjøfarande langs kysten.

Arkeologiens psykologiske funn
Det er vanskeleg å forstå korleis ein i vår tid kan definere fornminne som uinteressant og gjerne dyrt bry. Vi lever i ei tid der vi som menneske må skape meining og innhald til liva våre gjennom stadige val. Den som føddest for hundre år sidan hadde ikkje desse vala. det var knytt klare forventningar til livspraksisen til den enkelte som stod i forhold til kjønn, staden han/ho var fødd på, familien ein var fødd inn i, og forventingar frå kyrkje og anna øvrigheit. Samfunnet overleverte forventningane, og for mange menneske betydde dette at dei måtte disiplinere sider ved seg sjølve som dei unge i dag står fritt til å velje inn eller ut av sine livspraksisar. Men denne fridomen er krevjande. I dag flyttar mange, får nye og fleire familiar, og utviklar kanskje fyrst seint i livet ein stadsidentitet knytt til sin opphavlege fødestad. For eit menneske er betydninga av å utvikle ein slik stadsidentitet kanskje undervurdert? Det å kjenne at ein plass høyrer ein faktisk heime, sjølv om ein valde å bu ein annan stad? Å vite at ein er del av alt det som naturen, klimaet og ressursgrunnlaget på heimstaden forma menneska inn i, og det menneska i sin tur hausta av sine omgjevnader, gir oss innsikter i oss sjølve. Som menneske har vi behov for å høyre til. Ikkje berre i flokken – familie og venner – men også til naturen som vi veit vi har sprunge ut av. Å kjenne seg sjølv handlar også om å kjenne si historie. Også den kollektive, og også den som går langt tilbake i tid. Tidsdimensjonen i vår kultur er viktig. Framtidsperspektivet opnar drivkrefter og motivasjon i oss, historia gir ro og tryggleik – den forankrar oss, men kan også gi oss styrke og kraft til å tole det livet måtte finne på å bere på oss. Å vite kven ein er inneber å ha kunnskap om vi-historia.

Arkeologien tilbyr oss, i nært samarbeid med historiefaget, å dekkje dette psykologiske behovet gjennom å framskaffe nettopp kunnskapane som viser oss kontinuiteten. Som viser endringane, og som gjennom det viser oss premissane for vår eksistens og vår tilhøyrigheit. I ei tid der alt står på val blir kanskje nettopp slik kunnskap viktigare for oss enn nokon gong før?

|

Nettsida er drifta av