design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Nils var ein aktiv natur- og friluftsmann og spesielt interessert i å gå i fjellet. Her frå ein tur til hytta si ved Brørevatnet.
Nils var ein aktiv natur- og friluftsmann og spesielt interessert i å gå i fjellet. Her frå ein tur til hytta si ved Brørevatnet.

Illegal radiolytting i Ulstein

Det var vel på hausten 1941 at avgjerda om at alle radiomottakarar i Noreg skulle innleverast, og frå då av var det straffbart å ha apparat og å skaffe nytt utanom det ein fekk ved å lese den tysk-kontrollerte pressa.

Artikkelforfattar: Nils Grønmyr

Dette var ”harde bod” på minst to måtar: Vi hadde på den tid 2 apparat på Legene: Ein liten såkalla Folkemottakar innkjøpt ca - 1934, pris kr 120,-. Første apparatet på garden. Dessutan hadde eg eit ”Tungsram”-apparat, kjøpt i 1938 frå Holen Radio, Ålesund, brukt, men reparert, pris kr. 200,- + kr 50,- for innebygd fiskeribølge. Det var hardt å måtte levere dette frå seg , alle rekna med at alle som eitt ville gå beinvegen til Tyskland. Alle apparat her var registrerte ved Televerket i Volda. Alle visste at tyskertane tok dugeleg i når dei kom over ein ”syndar”, og avsto heller ikkje å la det gå utover familien. Eg torde difor ikkje anna enn (med tungt hjarte) å pakke apparatet i ei høveleg trekasse og levere det inn.

Det var det eine. På den andre sida fann eg det utenkeleg å misse einvegskontakta over Nordsjøen, så når det gjaldt Folkemottakaren , vart vi einige om at den hadde ”slutta å fungere” for fleire år sidan og var kasta på skraphaugen. Imidlertid var dette apparatet i Brandal hos søster mi der, og det var avtale at dei ikkje skulle levere det inn, og at eg skulle hente det. Så kvelden etter starta eg på sykkel og med ryggsekk. Eg fekk apparatet i ryggsekken og skulle eit ærend til Åsmo-familien, som budde i Karl-haugen. Huset der var det siste før sperringa til ”Festung Kvitnes” Det var ein fin kveld, hugsar eg, stilt og med fint måneskin. Så langt hadde tyskertane på Kvitneset ikkje plaga folk med noko slags Gestapo-verksemd, så eg såg ingen fare eller dramatikk i å fare ut der. Eg fekk meg likevel ein liten støkk: På bakken, tett før eg skulle svinge ned til huset, sto 2 tyske offiserar i sine flotte uniformer. Dei var nok ute for å nyte den fine kvelden. For meg var det berre å fortsette som ingen ting. Eg såg at dei, som rimeleg var, fylgde med meg. Eg sette sykkelen langs veggen, hengde sekken på stanga og gjekk inn. Då eg seinare tok på heimveg, såg eg korkje tyskertar eller andre som ”ville meg vondt”. Apparatet var lite nok til at det gjekk inn i bakaromnen på den elektriske Grepakomfyren på ”inste kvisten” heime på Legene, og der ”budde” den dei første døgna. Blekkenslagar Sverre Kristensen laga passande kasse av galvanisert jern, slik at den kunne stå oppe i utmarka dersom ”alarmen” gjekk om Gestapo-besøk i bygda; og som hende av og til . Første permanente gøymestad: I 1915 bygde far nytt hus på garden, og det gamle raudmåla huset som morfar min hadde bygt, vart nedrive. Men eit gamalt umåla ved- og reiskapshus stod att til lenge etter krigen. Det hadde jordgolv, og etter 50-60 års bruk som brenntorvlager, var det djupt ned til berget under. Her grov eg ei djup hole og sette ned ei solid trekasse med lok på. Dermed var det lettvint å ta opp og sette tilbake apparatet etter dagleg bruk i stova. På denne måten gjekk det eit år eller to utan at noko hende.

Om eg, dagen etter innleveringa, trudde at eg var åleine i Ulstein som hadde ulovleg radio, så tok eg skammeleg feil. Alt første dagane etterpå vart nyheiter, angjeveleg frå London, spreidde på ”gater og streder” og på arbeidsplassane. Innhaldet var ”umiskjenneleg likt det det eg hadde høyrt frå London med eigne øyre”! Altså: Eg var nok ikkje åleine. Alt anna skulle det syne seg! (Då krigen var slutt, prøvde eg for moro å telje opp alle stadar eg visste dei hadde ulovleg radio. Eg stoppa på 137! Men der var sikkert fleire.)

Ei lita morosam ”episode” kan eg nemne: Ein laurdag kom ein tysk M.T.B. til kai ved Hatlø`s Verksted A/S og bad om å få fylle vatn, og det kunne ikkje nektast. Dei såg ut til å ha god tid, og vart liggande til søndags kveld. Vi ansåg dei etter kvart til ikkje å vere farlege for bygdefolket; det var andre som tok seg av slikt. Den søndagen var ein fin solskinsdag. Familien var samla i stova og radioen sto på plass utan å vere i bruk. Brått kom Ingebjørg som var på tur frå Reiten, der ho budde, farande inn i stova og melde at 3 tyskarar var på veg mot huset. Karsten, som ikkje visste at M.T.B.èn framleis låg her, spratt opp som eit lyn, treiv apparatet og for på dør med det til kjellaren. ”Hakk i hæl” kom tyskarane og rusla fredeleg nedover mot sentrum. Eg gjekk straks ned att for å hente radioen oppatt, men kunne ikkje finne den nokon stad. På golvet sto ein diger stamp med ugjennomsiktig vatn etter skyling av golvtepper. Det rann i meg at han i den ”prekære situasjonen” hadde sett radioapparatet ned i stampen! Eg vart spikande sint over ”tapet”, og rende oppatt for å gi han ei kraftig skrape! Det synte seg at han hadde plassert han i ei kolmørk krå i potetkjellaren. Elles hugsar eg ikkje at vi hadde akutte tilfelle av nærgåande ”besøk”. Men av og til når jungeltelefonen varsla besøk av mistenkelege tyskarar som kunne vere Gestapo-folk, var det å putte radioen i jernkassa og bringe den opp i utmarka. Det hende eit par gongar at apparatet slutta å fungere. Ein lampe, eller eit rør som det heiter, vart utbrend. Arthur Rasmussen, som eg hadde god kontakt med, hadde plukka ut deler av eit apparat han hadde levert inn. Eg fekk eitt av desse som passa. Endå ei lampe blei ”svart”, og eg fekk dette også av han.

Etter eit år eller to med bruk av stova og gøymestad i vedskjulet, var Arthur , son min, vorte så stor at han høyrde og såg meir enn han ”skulle”. Lyttestaden vart difor flytta til fjøset. Fjøset var bygd på ein solid steinmur. Frå inngangsdøra på baksida var det ca. 1 m ned til grunnen For å få ut og inn folk og dyr var det bygd ei steinbru. Seinare vart det oppsett eit romsleg tilbygg med skråtak frå fjøsveggen. Når ein gjekk inn døra frå enden av steinbrua, hadde ein sauefjøsen til venstre og ein romsleg grisebinge til høgre. Nedfor dørstokken til kufjøset grov eg ei hole og sette ned trekassa frå vedskjulet. Det hengsla loket vart forsterka slik at hesten ikkje skulle trø gjennom ved ut og inntaking. Til venstre ved veggen, tett innfor fjøsdøra, sto der ei stor tønne fylt med vatn til avkjøling vinterstid, og ved sida av den hestestallen. Tønna sto under ei vasskran. Ein kort leidningsstump frå kran til apparat var god antenne. Fjøset hadde berre ei elektrisk lampe. Haldaren stod lagleg til på ein bjelke i taket over døra. Normalt ville problemet vere at det mangla kontakt for støpselet på apparatet, men ikkje her! Saka var nemleg at eg fleire år før hadde kome over 2 fjuske-kontakter, ulovlege i bruk, men nyttige! Dei var så laga at over lampen hadde dei 2 uttak for støpsel, eit på kvar side. Dermed hadde eg ein lettvint og effektiv ”lyttestasjon” med fjøskrakken som einaste ”kontormøbel”.

Etter ei tid med flittig bruk gjekk Folkemottakaren i stå for godt og fekk ligge i fred i gøymestaden sin.

Men det var ikkje så farleg lenger, ettersom vi i mellomtida hadde 2 ”framande” apparat til midlertidig oppbevaring og gøymsle i høystålet i løa.

Arrestasjonen av disponent Leif Hatlø v/ Hatlø`s Verkstad A/S
Dagen den 13.12. 1941 gjekk sin gang som vanleg ved bedrifta. Underskrivne sat på kontoret og arbeidde med mitt. Disponent Leif Hatlø sto ved teiknebrettet sitt i romet ved sida av. Då det leid ut på føremiddagen banka det brutalt på døra bak meg. Inn kom ein kar i tysk offisersuniform (Gestapo), og med seg hadde han ein sivilkledd mann som tolk. Offiseren spurde bryskt om disponent Leif Hatlø var tilstades. Eg slapp å svare, for Leif kom ut i den opne døra og sa frå at det var han. ”Du er arrestert!” kom det kvast frå tyskaren; ”Kom og bli med, du skal ut og reise.” Leif svara roleg at han kunne då ikkje fare slik han gjekk og sto; at han måtte heim og få med seg det mest nødvendige. Det vart innvilga, og dei tre forlet kontoret.

Nede ved verkstadkaia låg den tidlegare skyss- og handelsreisandebåten ”Merkur” pluss, mellom andre, ishavsskuta ”Polartind ” frå Remøya i Herøy. Etter ei tid kom ein av arbeidarane og rapporterte kva som gjekk føre seg.

Leif var plassert om bord i ”Merkur” og at ishavsskipper Johs. Sævik m/skute og ombordverande mannskap, nemleg sonen Jon og maskinisten Karsten Grønnevik (trur eg han heitte) også var arresterte.

I denne situasjonen kom eg på at eg hadde så ymse eg skulle ha konferert med Leif om, så eg bestemte meg for å prøve å få kontakt med han. På veg nedover til kaia traff eg dei to som hadde henta han. Etter å ha forklart dei kva saka gjaldt, fekk eg beskjed om at han var å finne i lugaren framme i båten. Eg fann han der, med ein ung tysk soldat som vakt.

Leif var fødd den 13. i månaden Han vart arrestert 13.12.1941, og kom heim 11 månader seinare, nemleg den 13.11. 1942.

Etter det han etterpå fortalde, var det just ikkje nokon søndagsskuletur han hadde vore på.

Ulsteinvik 15.03. 1990

N.G.

Vidare om illegal
radiolytting
Då Leif Hatlø vart arrestert av Gestapo den 13.12. 1941, sto radioen hans bak pulten på kontoret (Den kunne berre finnast ved ”ransaking”.) Eg for min del hadde 10 – 20 illegale aviser vekkgøymde på kontoret På grunn av fare for at Gestapo skulle kome att og saumfare kontoret måtte sakene bort. Om kvelden kontakta eg skipper Sigvald Spjutø, som lova å ta vare på apparatet til eg fekk høve til å ta det med heim og gøyme det der. Så etter at det var mørkt, bar eg det over markane til løa hans. Der viste han meg ein lur gøymplass for sin eigen radio: Rundt ein loddrettståande støttestav opp til takåsen, hadde han stabla opp ei mengd hes-staur slik at dei på skap som eit rundtelt med midtstang. Ein trong inngang var dekt med berre eitt lag staur, slik at det var lett å kome inn og ut. Det var i passande tid, så vi tok nyheitene frå London. Seinare henta eg apparatet til høystålet heime på Legene.

Då Leif kom heim den 13.11 1942, kom apparatet på plass på kontoret att, men ikkje før han følte seg ”trygg” mot ”nytt besøk”.

Svoger Jan Remø hadde ein radio som ikkje vart innlevert. Han og Ingebjørg dreiv handel i ei ”brakke” som sto att i bakken der det nye huset vart bygd i 1946. Austre enden av brakka vart brukt til lager. Her gjekk ei trapp opp til det lave loftet som fungerte som tilleggslager. Mellom andre kasser og pappkartongar hadde han radioen med øyretelefonar i ei av dei, godt dekt av såpepulverpakkar. Så var det lettvint berre å gå midt opp i trappa og ta inn London.

Seint under krigen overtok eg radioen hans til midlertidig oppbevaring. Ei familie på Remøya sto i fare for å verte tekne av Gestapo og måtte gå i dekning. Halvparten av familien vart plassert hos Jan (to døtre) og resten hos oss på Legene. (Gerhard Remø og kona.) Broder Erling, som var med på ”galeien”( ilandføring og vidaretransport av våpen), hadde ansvaret for dei.

Johan Botnen og Ruben Rasmussen var maskinistar i Kraftstasjonen i Ulsteindalen. Som venn av Ruben var eg innom der når vi kom ned dalen frå fjelltur. I eit rom under golvet, nær eit eller anna ”høgspent”, fiska han opp apparatet deira med gummihanskar på hendene.

Ein dag vi kom der, hugsar eg, var Matheus Ulstein, Martin Ulstein og visst nok Elers Lynge tilstades under ”høyringa”.

Oppe ved Mosvatnet fanst det også eit apparat. Det var Arthur Rasmussen som hadde bore det opp dit. Etter som han sa så skulle det vere svigersonen til Tommas Nykrem, Thor-Jørgen Falkevik, som hadde laga det med små ”hjelpemidlar”: På ein 25 – 30 cm fjølende var det festa eit par radiorør + nokre andre nødvendige delar. Som utstyr var der nokre meter leidning til antenne og to par høyretelefonar, alt plassert i ei passande kasse av rusta jernplate. Eg var med på å finne ein passande gøymestad utandørs. I retning opp mot Mosvarden fann vi ei hole, under ein stein, som var stor nok til at vi fekk kassa inn. Holet var delvis dekt av eine og lyng, men ein del av kassa var synleg, men det rusta jernet sto så godt til terrenget at det skulle meir enn godt gjerast å få auge på den. Dessutan var det inga gangrås der. For å finne den att, laga vi eit peilesystem: På den tid sto det att restane av nokre provisorisk oppsette hytter, bygd under anleggsarbeida på demninga i 1932. Ei av dei, ”Finnshytta” sto enno. Bak den var det oppsett ein planke, og frå toppen av denne til hjørnet av hytta var det festa ei klesnor. Det klaffa slik til, at når du sikta langs veggen og over planken, fekk du ei rett linje til hola. For å bestemme kor langt opp i bakken du måtte, skar vi eit hakk i hyttehjørnet og eit tilpassa hakk i planken. Dermed kunne ein mann stå på kne ved hyttehjørnet og sikte over hakket i planken og leie den som skulle hente kassa fram til rette staden. Når det låg snø var det umogleg å finne fram på annan måte.

Ein gong eg hugsar godt, var eg med på eit 4-mannslag. Det var brørne Ruben og Arthur Rasmussen, doktor Hennau og eg. Det var snø og vi gjekk på ski og skulle overnatte i ”Problemet”, E-verkshytta på demninga til Mosvatnet. (Namnet hadde hytta fått etter ei bestemt hending under bygginga.) Vel framkomne ,fått god fyr i omnen og apparatet i hus, drog Hennau uventa opp or sekken ei halvflaske sprit og ei øskje røyketobakk so han opna og la på ein asjett midt på bordet. Tobakk var sjeldan vare under heile krigen, så den vakte størst glede. Den halve flaska kunne ikkje ”drepe folk” når den vart delt på 4 mann, men rakk likevel til å sette spiss på det elles gode humøret og stemninga. Då tida var inne til å ta inn London, vart apparatet rigga til med øyretelefonane liggande på bordet som høgtalarar.

Det vesle apparatet greidde å ta inn London, men var ofte plaga med ”fading og interferens” og dette slo til no. Vi hadde oppdaga før, at ved å strekke ut armane i rett retning og til rett tid, så kunne vi motvirke fadinga eit sekund eller to. Der var ikkje blendingsgardiner i hytta, så lampen vart nedskrua og sett til sides. Tyskarane kunne oppfatte eit lys i ville fjellet som noko ”farlegare” enn berre ein blendingsforsømmelse! Der vi sat i nesten mørke og prøvde å få tak i den usamanhengande talen, tok ikkje berre ein, men alle fire til å fekte vilt i lufta. Det kunne minne om spiretistisk åndemaning, og gjorde det, og - så brått sette alle i ein ”rungande latter”!

Nokre år etter krigen prøvde eg å lokalisere gøymestaden, men i farta fann eg den ikkje. Eg trur at kassa med innhald kanskje står der enno.

Vi var tross alt heldige her i Ulstein, ingen quislingar, så nær som ein, - men han gjorde så vidt eg veit ingen større skade. Rett nok vart han mistenkt for å vere skuld i at ein eldre mann, Johan P. Skeide, vart arrestert av Gestapo. Dei fann apparatet hans i skogen bak huset hans. Han vart førd til Trondheim, men kom att etter tre veker. Ellest vart ingen her i bygda huka for slikt. Etter som tida gjekk , vart folk meir og meir ”skjødeslause” med å skjule at dei hadde radio, meg sjølv medrekna. Det var sjølvsagt gale, men det gjekk bra.

Uthenting av innlevert
radioapparat
Dei innleverte radioane var lagra i den nedlagde butikken til Ragnvald Ulfstein i romet som vende inn mot bakarbutikken tvers over gata. Ut på hausten 1944 gjekk det rykte om at radiolageret skulle sendast til Tyskland. Det gjekk og rykte om at eit par karar hadde vore inne på lageret og plukka seg ut nokre fine og dyre apparat. Eg hadde lite lyst på at det dyre apparatet mitt skulle hamne i Tyskland, så eg allierte meg med 3 andre. Det var Hjalmar Øvrebø, svigerson til Ragnvald Ulfstein, og som budde i huset; Arne O. Flø, som var malar og tapetserar. Så var det ein snikkar, men eg har gløymt kven det var. Vi opererte frå romet som før hadde vore lager til butikken, men var no oppgang til 2. etasje. Døra inn til butikken var igjensett, slik at veggen var heil. Den var tapetsert. Så, den 8. oktober 1944, seint på kvelden, starta vi. Snikkaren skar hol i veggen høgt oppe, og vi kraup inn utrusta med kvar si lommelykt. Klokka var om lag 12. Stabelen med apparat hadde ei høgd til om lag 1,20 meter frå taket. Det vart ei natt med uvanleg hardt arbeid! Eg var ute etter mitt, og berre mitt apparat. Ein kan tenke seg situasjonen når fire mann, med lykt i eine handa, kraup rundt og lempa kasser utan samarbeid. Eg arbeidde som sagt på harde livet og auka på etter kvart som tida gjekk utan resultat. Eg ville nødig måtte gå heim med uforretta sak. Men der, etter fleire gonger å ha grave meg ned til golvet, fekk eg auge på den! Det var berre det at hola var forma som ei trekt nedover, og andre kasser sto delvis inn på mi. Det var ”livsfarleg” å arbeide der nede, med stabelen av kasser ståande og sveive over hovudet på deg. Eg hadde forsynt kassa med to band rundt, av hes-streng, og ved å bruke lommeduken mangedobla rundt strengen, greidde eg å slite den opp Det var ikkje enkelt å kome seg opp på ”berget”, men det gjekk til slutt. Då var klokka 4 om morgonen. Altså 4 timar beinhardt arbeid for å stele det ein eigde sjølv . Få tjuvar ville ha så mykje arbeid for å stele det andre eigde.

Før ”ranstaden” vart forlaten, vart luka sett på plass, og heile veggen vart tapetsert på nytt. Altså ingen spor her. Påbodet om blending av alle lys gjorde at bygda låg i ”stummande mørkre”.
Eg tok kassa på nakken, steig opp på den lave vegkanten mellom John Hasund og Asbjørn Ulstein sitt hus, og vidare opp over marka mellom vedhuset og løa hans Jon Osnes, og heim. Eg var så nysgjerrig etter å høyre om apparatet verka, at eg gjekk direkte til fjøset og prøvde apparatet. Det fungert 3-4 min., så begynte det å ”ryte”. Heldigvis gjekk ”rytinga” ut etter nokre gongar i bruk.

Før ”innbrotet” vart den vesle ut-tente folkemottakaren skikkeleg børsta og reingjort for torvstrø og høyfrø og pakka i emballasje, der det ikkje fanst bevis for at den hadde vore plassert etter ordinær innleveringsdato. Ikkje lenge etter byrja tøminga av lageret. Eit par lastebilar vart brukte til transport til Hareid, der ein lastebåt låg ved kai og tok imot. Ingen visste kvar den skulle, berre at den sjølvsagt gjekk sørover. Elles gjekk det rykte om at bilane stoppa framme på Eidet og at ”lemparane som var med på lasten, bar ein del apparat inn i skogen ved vegkanten Etter krigen vart det sagt at lasten hamna i Stavanger, og at nokre hadde fått att sine apparat derifrå. Eg høyrde i allfall ingenting, og det same kunne det vere, bortsett frå at det kunne vere eit krigsminne. Men til det har eg, og etterkomarane, den andre, som vart ”erobra” attende ved innbrot.

|

Nettsida er drifta av