design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Fødd 12. mars 1912 – død 14. september 2006.
Fødd 12. mars 1912 – død 14. september 2006.

Hallbjørg Hop –
omsorgsperson og kulturberar

Hallbjørg Hop var fødd i Sundgot-huset (der skomakar Gunvald Sundgot hadde verkstad i Kyrkjegata) 12.mars 1912. Ho budde ei kort tid i huset til Marta Hovden i Vikemyra (Marta var fadder på Hallbjørg) til familien flytta til topphusvære i Fredheim i 1914 og seinare til nybygd Sunnmøre Ungdomsskule på Reiten i 1918. Her budde familien til dei fekk eigen heim i Osnesbakkane i 1940. Hallbjørg var såleis ektefødd ulsteining, og budde mesteparten av livet i denne kommunen som ho var så sterkt knytt til gjennom arbeidet, både som organist i Ulstein kyrkje og som frivillig kulturberar i ulike samanhengar.

Artikkelforfattar: Olav Sæter

Slektsband

Men Hallbjørg gløymde aldri kvar ho ætta frå, og var heile livet oppteken av, og heldt seg orientert om mors- og fars-slekta i Hordaland. Ho var sterkt knytt til familien sin og slekta si heile livet, og var prega av impulsar frå begge sidene.
Mora Andrea kom frå ein fattig husmannsgard på Åsen i Tysse i

Samnanger. Det vart sagt og skrive om denne heimen at dei var «fattige, men gudfryktige folk».

Faren Severin kom frå Hop ved Bergen. Edvard Grieg kjøpte i si tid grunnen til huset sitt «Trollhaugen» av Hop-garden. Bestefaren Haldor Hop var ein kjend spelemann i Hordaland. Han spelte både for Ole Bull og Edvard Grieg, og det vart fortalt at han spelte i over 300 bryllaup.

Frå mors-sida fekk Hallbjørg med seg «gudsfrykt med nøysemd» og frå fars-sida givnad og interesse for musikk. Som eit synleg teikn på kjærleik til opphavet sitt, hadde Hallbjørg hardangerbunad som festplagg heilt til ho fekk sunnmørsbunad til 70 års-dagen sin, laga av søster-dottera Eldfrid.

Barndom
Hallbjørg var yngst av fire søsken. Mora Andrea vart smitta av tuberkulose og måtte på sanatorium. Ho ringde til søster si, Nilsine Åsen, og sa at ho måtte kome og passe ungane. Det gjorde søstera, endå ho måtte gå frå ein godt betalt jobb i Bergen. Hallbjørg fekk eit nært forhold til Nilsine, eller berre Sina som ho vart kalla i daglegtale. Nilsine vart som ei mor for henne, og var ein sentral person i familien heilt til ho døydde og vart gravlagt på Osnes kyrkjegard i 1946.

Hallbjørg gjorde det dårleg på folkeskulen. Faren Severin fekk ikkje dette til å rime, og fekk mistanke om at ho ikkje såg godt. Han tok ho med seg til spesialist i Bergen, og etter at ho kom attende med store briller, vart også skuleprestasjonane monaleg betre.

Hallbjørg vaks opp i nær kontakt med folkehøgskulen (på den tid kalla ungdomsskulen), og fekk i oppveksten rike impulsar frå eit mangfaldig kulturelt og kristeleg arbeid. Faren Severin var første organisten i Ulstein, og utanom piano/orgel trakterte han både fiolin, fløyte og gitar.

Under Hallbjørg sin oppvekst på folkehøgskulen var det strengt regulert når borna kunne spele på instrument. Det var gjerne undervisning i etasjen under , og lærar-familiar som budde over. Og med tre andre søsken som også ville spele, vart det kamp om øvingstida. Dei andre søskena klaga ofte over at Hallbjørg spelte for lenge.

Til konfirmasjonen måtte kvar konfirmant svare på spørsmålet: «Vil du ved Guds nåde stå ved denne dåpspakta di alt til din døyande dag?» Det vart alvorleg for Hallbjørg å svare ja på det spørsmålet, og gje presten handa på det, men denne lovnaden var ho tru mot, livet ut.

Starten på ei musikalsk
karriere
Hallbjørg lærte seg notar etter dei såkalla «mirakelnotane» i vekebladet Allers. Der vart notane vist skjematisk, og kva for finger som skulle nyttast når ein spelte. Det gjekk ikkje lenge før Hallbjørg kunne spele med fire stemmer. Den første fir-stemmige songen ho spelte var «Aftensolen smiler» til melodi av Christian Heinrich Rinck.

Allereie tidleg i ten-åra vikarierte ho som organist for faren etter at Ulstein kyrkje hadde fått elektrisk orgel i 1928. Same året spelte ho i det første bryllaupet sitt, berre 16 år gamal. Faren var skulestyrar på folkehøgskulen, og var i tillegg mykje brukt som talar og foredragshaldar. Rett som det var måtte han ha vikar. Hallbjørg har sjølv fortalt at faren viste henne første gongen korleis ho skulle gjere det, og seinare tok ho seg fram sjølv.

Krevjande tid i Jostedalen
Hallbjørg var ikkje meir enn vel 20 år då ho reiste til Jostedalen prestegard for å tene til livsopphald og spare til utdanning. Det var avsides frå folk, heilt inst i Sognefjorden. Dalen var 3 km lang, og det var om lag 1,5 km til butikken. I tillegg til arbeid på prestegarden, hjelpte ho også til med barnepass for folk i bygda.

Hallbjørg var mykje sjuk i denne tida, og grunnen var at ho måtte skylje kleda i elva som rann forbi, og som førte med seg iskaldt vatn frå Jostedalsbreen. Hallbjørg har sjølv fortalt om ein dramatisk episode frå denne tida. Det var på førvinteren i november. Prestekona låg i barselseng. Det var ikkje elektrisitet den gongen, og telefonen stengte kl. 20 om kvelden. Hallbjørg måtte difor gå langt for å varsle jordmora. Lommelykter fanst ikkje på den tid, og det var bekande mørkt. Ho skimta så vidt vegen, men det var nettopp falle nysnø, så ho miste synet av vegen etter kvart. Ho merka at ho gjekk på mjukare underlag. Med eitt visste ho ikkje kvar ho var. Ho vart redd, og la seg beint ned og gret. Då kom det til ho ein salme som ho hadde lært på skulen:

Leid, milde ljos, igjennom skoddeeim, leid du meg fram! Eg gjeng i mørke natt langt frå min heim, leid du meg fram! Før du min fot; eg treng ei sjå min veg, så langt og vidt, - eitt steg er nok åt meg.

Då opplevde ho at nokon tok henne i skuldra, snudde henne tvert om, og leidde henne. Dagen etter viste det seg at ho var redda frå å dette ut for ein skrent.

Bymenneske
Hallbjørg kom første gong til Oslo då ho var knapt 20 år. Ho gjekk barnepleie på Veldre Barnehjem, og var hushjelp hos ein fransk familie med etternamn Chimon. Hallbjørg har seinare fortalt at ho syntes det var forsmedeleg å måtte gå på Vinmonopolet og kjøpe drikkevarer til familien.

25 år gamal tok ho til på Musikkonservatoriet i Oslo (1937 / 38). I denne tida budde ho bak slottet i lag med søstera Anna. Seinare fullførte ho høgare organisteksamen ved same institusjon (1957 / 58).

Hallbjørg likte seg godt i Oslo, og snakka mange gonger seinare om den fine tida ho hadde hatt i hovudstaden.

Organist
Som tidlegare nemnt vikarierte Hallbjørg i unge år mange gonger som organist for faren Severin, men frå 1937 vart ho fast tilsett som organist i Ulstein, ei stilling ho hadde til 20.januar 1979. Då hadde ho vore fast organist i 41 år.

Hallbjørg stilte krav til seg sjølv som organist. Ho førebudde seg grundig, sette seg inn i tekstane for dagen, gjekk gjennom salmeversa, liturgi og oppsett for dagen. Ho var oppteken av at ho som organist fann det ho kalla for «grunnstemninga for gudstenesta», og prøvde å formidle ein musikk for kyrkjelyden i tråd med dette.

Favorittkomponisten til Hallbjørg var Johann Sebastian Bach, men ho sette også Johannes Brahms svært høgt. Ho likte godt barokk-musikk, men også romantisk musikk. Moderne kyrkjemusikk hadde ho ikkje særleg sans for. Ho opplevde den distraherande og lite samlande.

Hallbjørg har sjølv fortalt eit par artige episodar frå ein lang praksis som organist:

- Det var festgudsteneste med fullsett kyrkje. Ho skulle starte med eit mektig preludium, men det var så varmt og fullt av folk at Hallbjørg måtte ut og trekke litt frisk luft. I mellomtida hadde ei litt fyldig dame fått auge på ein ledig plass bortanfor orgelet, og fann det for godt å «klatre» over orgelkrakken, trakka på pedalane og støtta seg til manualet, så heile orgelet let skikkeleg kraftfullt. Det vart litt av eit preludium!

- Det skulle vere gravferd ein sommarsdag, og vindauget på galleriet stod ope. Ein liten fugl hadde vildra seg inn og sette seg på galleriet. Hallbjørg prøvde å få han ut, men då flaug han bort på preikestolen, og seinare sette han seg på altaret. Ho skunda seg fram i kyrkja for å få fuglen ut så den ikkje forstyrra gravferda. Då flaug fuglen inn mellom orgelpipene. Hallbjørg var redd fuglen skulle dette ned i ei pipe, og gjekk opp på galleriet for å prøve å få fuglen ut. Ho greidde å fange den, og sleppte den ut vindauget om lag samstundes med at gravfølgjet stod nede i gangen.

Ei kontroversiell sak frå den tida Hallbjørg var organist i Ulstein, var kjøp av nytt orgel midt på 70-talet. Orgelnemnda, der Hallbjørg var ein av medlemane, gjekk inn for det dyraste alternativet, eit Paul Ott-orgel. Dette av kvalitetsgrunnar. I kjølvatnet av denne saka var det både retts-tvistar og vanskar med å finansiere orgelet. Verst var det kanskje for Vestlandske Orgelverksted på Hareid å få sjå at Orgelnemnda karakteriserte arbeidet med orgelbygginga i Slagnes kyrkje og Stordal kyrkje, som orgelfabrikken var ansvarleg for, som «slurv». Hallbjørg fortalde at Orgelnemnda etterpå valde å «pynte litt på denne utsegna» og sette inn eit mildare ord, men la til: «- men vi meinte det, likevel». Kommunestyret løyvde ein sum tilsvarande det rimelegaste tilbodet, men gav soknerådet rett til å skaffe eit dyrare orgel under føresetnad av at soknerådet sjølv dekte mellomlegget. Orgelnemnde tok på seg å samle inn kr. 90.000 som var mellomlegget. Hallbjørg gjorde i lag med dei andre i Orgelnemnda ein stor innsats for å få fullfinansiert orgelkjøpet.

Ettertida har vist at dette var eit klokt val.

Eit av særmerka til Hallbjørg Hop var hennar truskap i det ho var med i. Ho gløymde aldri ein lovnad om å spele, med eitt unntak: Den dagen då eldste sonen til systera døydde, skulle Hallbjørg spele i bryllaup. Bruda har fortalt at organisten ikkje møtte opp, men dei klarte seg likevel utan organist. Ettertida viste kvifor det var menneskeleg for Hallbjørg å gløyme, men eg trur det må vere første og einaste gongen ho gløymde seg.

Ulstein kr. Blandakor
Hallbjørg Hop var med i Ulstein kr. Blandakor frå starten i 1932 (i starten heitte koret Kristenfolkets sangkor), først som songar, seinare som pianist og orgelmusikar. Ho stod i denne tenesta i meir enn 50 år. Hallbjørg var ikkje med på stemmeøvingane, men på alle øvingar der det skulle vere tonefølgje til. Ho var til god hjelp for dirigentane når takt og tone skulle haldast. Ho kjempa med dei meir innvikla verka som det var tonefølgje til. Viss ikkje ho var heilt nøgd, kunne ho gjerne glise med augo og kaste litt karakteristisk på hovudet, fortel ein av dei som var med i koret på den tid.

Av repertoaret til Ulstein kr. Blandakor kan nemnast: «Den store stjerne» av Mons Leidvin Takle, både for solistar, kor og orgel, utdrag frå «Händels Messias» og påskekonsert med m.a. Ragna Rytters pasjonssalme «Kvi skjelv kvart lauvblad i den stille natt», arrangert for blandakor av S.H.Geitvik.

Hallbjørg stilte alltid opp. Ho svikta aldri. Ho var den einaste i miljøet som kunne traktere instrument, og var ein viktig komponent for å få saman desse kulturinnslaga.

Fellesorkesteret
Hallbjørg Hop var med som pianist i Fellesorkesteret for Ulstein og Hareid heilt frå starten i 1954 . Sjølv om orkesteret hadde medlemar både frå Ulstein, Hareid, Sande og Herøy, kunne vel kvaliteten vere litt ymist ute på ei landsens bygd. Det vart fortalt om ein gong orkestermedlemane frå Ulsteinvik skulle spele på ein basar på Ulstein. Paulus Ulstein var ein av tilhøyrarane, og var klar i sin tale etterpå: «Hadde han Bethoven høyrt dokke no, så hadde han gråte!»

Hallbjørg fall aldri for freistnaden med å gi opp fellesorkester-prosjektet. For henne var dette miljøet viktig både med omsyn til å kunne verkeleggjere denne delen av sitt musikalske engasjement, men også sosialt. Mange markerte personlegdomar var med i orkesteret, personar som kvar for seg kunne fortene ein plass i «Levd Liv». Dette var eit miljø som Hallbjørg treivst i, og som ho ville støtte, trufast som ho var.

Søndagsskulen
Søndagsskulen var eit hjartebarn for Hallbjørg. Etter at ho tok høgare organisteksamen i Oslo, tok ho musikkbarnehagelærareksamen året etter. Søndagsskulen var ein av dei stadane Hallbjørg skulle få bruk for evnene sine til å kome i kontakt med, og arbeide mellom born. Ho stilte seg til teneste i Søndagsskulen frå ho var 16 år, og vart fast søndagsskulelærar i 1935. Heilt til 1987, i ein alder av 75 år, var ho med unnateke to-tre års opphald i Oslo og eit avbrot på 70 talet. Då ho slutta i 1987, hadde ho vore søndagsskulelærar i godt over 40 år.

Speling på ulike arrangement
Det er ikkje tal på alle dei tilskipingar som har vorte arrangert i alle desse åra der Hallbjørg har spelt til samsong eller har akkompagnert solistar. Det galdt alt frå vanlege møte til større arrangement. Det var ikkje så mange som kunne traktere eit instrument på den tid. Og Hallbjørg stilte villig opp, både i kyrkje, på bedehusa, på alders- og sjukeheimen, på Fredheim og på Samfunnshuset. Mange songarar og musikarar har gledd bygdefolket med god hjelp frå nettopp Hallbjørg Hop.

Undervisning
Lenge før kulturskulane var i kjømda hadde Ulstein sin eigen med den opplæringa som Hallbjørg gav ungdom i bygda på piano og orgel. Også broren Per gav privatundervisning i fiolinspel.

Dei to søskena opna heimen sin for ungdomane, og Hallbjørg evna alltid å gjere undervisninga spennande. Ho brukte evnene sine til å motivere, og kunne leike med elevane viss ho såg at det trongst. Mange godt vaksne bygdefolk vil i dag nikke attkjennande til den verdi slik undervisning hadde i eit lite samfunn, for lag- og organisasjonar, og ikkje minst for den einskilde person som fekk del i speledugleik og musikalsk kunnskap.

Ulstein kommune sin kulturpris for 1998
Hallbjørg Hop vart tildelt Ulstein kommune sin kulturpris for 1998.

Føremålet med prisen var å heidre dei som hadde gjort ein aktiv kulturinnsats ut over det vanlege. Den vart delt ut på «Vi syng jula inn»-arrangementet i Ulstein kyrkje like innunder jul. Ordførar Berset delte ut prisen, og minte om det store frivillige arbeidet Hallbjørg hadde vore med i : Søndagsskulen frå ho var 16 år, Ulstein kr. Blandakor, Ulstein og Hareid fellesorkester, privatundervisning i piano- og orgelspel, og at ho spelte på tallause festar og tilskipingar rundt om i bygdene.

Hallbjørg takka for prisen, og sa at det gledde ho spesielt å ta imot prisen i den kyrkja ho var så sterkt knytt til.

H.M Kongens fortjeneste-medalje
Ei av dei største hendingane i Hallbjørg sitt liv var då ho fekk Kongens fortenestemedalje i 1999. Det var Ulstein sokn som arbeidde fram søknaden på grunnlag av hennar lange teneste som organist, den store frivillige innsatsen ho hadde gjort for lag og organisasjonar i kommunen i mange tiår, og ikkje minst den lange omsorgstenesta ho hadde utført i heimen ved å stelle for foreldra til dei døydde i høg alder. Mellom anna var mor til Hallbjørg, Andrea, meir eller mindre sengeliggande i 24 år til ho døydde i heimen 103 år gamal. Det er utruleg at Hallbjørg kunne klare desse oppgåvene i tillegg til alt det andre ho var engasjert i for kyrkja og kristeleg og kulturelt arbeid.

Fortenestemedaljen vart delt ut av ordførar Jan Berset ved eit avsluttande kommunestyremøte på Ulstein hotell 23.september 1999.

Seinare på året var ho invitert til audiens på slottet, og reiste sjølv til Oslo og fekk møte kong Harald.

Lærar på Haddal skule
Læraryrket var ikkje noko framandt arbeid for Hallbjørg. Ho vaks opp med ein far som var skulemann, og i eit miljø der ho tidleg vart brukt som lærarvikar. Ho hadde godt øyre for språk, og vart vikarlærar i tysk, utan andre kvalifikasjonar enn dei ho hadde tileigna seg sjølv.

Om det var denne praksisen som leidde henne inn på læraryrket, veit eg ikkje, men i 1950 til 1955 var ho småskulelærar ved Haddal skule. Ein av elevane som hadde Hallbjørg Hop desse åra, var Sigbjørn Haddal. Han fortel om gode skuledagar, og har berre gode minne frå tida med Hallbjørg som lærar. «Veit ikkje om eg såg ho sint nokon gong, ein alle tiders lærar», uttrykkjer Sigbjørn om henne. Ein dag han hugsar ekstra godt, var turen til Ulsteinvik og Osberget. Kor dei kom seg dit, kunne ikkje Haddal hugse, men truleg sykla dei. Ungane var inviterte opp i Hop-heimen og fekk raud saft, før dei tok turen vidare til Osberget. Ungane var ikkje bortskjemte med turar på den tid, så denne turen vart minne for livet.

På spørsmål frå forfattaren om han hugsar ei episode frå skuletida, fortel Haddal frå ein reknetime. Dei skulle lære å telje. Han hadde for lite fingrar, så han måtte også ta i bruk tærne, men då lo Hallbjørg.

På slutten av Hallbjørg sitt liv, då ho budde i husvære på Ulshaug, trefte Sigbjørn Haddal igjen gamle-lærarinna si og spurde henne om ho kjende han att. «Ja, du site no i kommunestyret, so det vart no folk ta dej også» , vart det kjapt replisert.

Hallbjørg sykla kvar skuledag frå heimen sin i Ulsteinvik til Haddal skule. Forfattaren fekk sitje bak på bagasjebrettet og vere med tanta si fleire gongar til Haddal desse åra. Det var ein spennande tur. Spesielt syntest eg det var nifst å passere Haddal-ura.

Seinare hadde Hallbjørg læraroppdrag også på andre Ulstein-skular.

Personen Hallbjørg Hop
Hallbjørg var sterkt prega av truskap og ansvar heile livet, mot foreldre og søsken, mot ulike arbeidsgjevarar og mot alt frivillig arbeid som var ein viktig del i livet hennar. Det var eit sterkt samhald i heimen, og truskapen mot foreldra var uvanleg stor. Ho valde å kome heim for å pleie foreldra sine i staden for å verkeleggjere det ho hadde lyst til, nemleg å busetje seg i Oslo. Denne omsorgsoppgåva kosta ikkje samfunnet ei einaste krone. Det vart mange år i omsorgsteneste sidan faren Severin vart 87 år og mora Andrea 103 år. Etter at foreldra døydde, vart lojaliteten og truskapen broren Per til del.

Hallbjørg var ugift, men hadde ein god ven i islendingen Eirikur, som var diakon. Ho var fleire turar til Island, og Eirikur var årleg ein tur i Hop-heimen. Men på spørsmål frå oss borna om ho ikkje skulle gifte seg, parerte ho dette med å svare at ho «ikkje ville dragse på desse mannfolka». I alle høve var det ikkje aktuelt for ho å flytte til Island. Til det var truskapen til mora altfor sterk.

I motsetnad til søskena var Hallbjørg impulsiv. Sidan ho likte å reise, kunne ho eine dagen planlegge ein tur for så å gjennomføre den like etter. Ho likte å reise utanlands, både for å sjå, og for å praktisere språk. Med hennar klare kristentru, likte ho spesielt å reise til Israel, der ho var fleire gonger. Ho hadde fleire venninner som ho reiste i lag med, spesielt Gudrun Kjeldsvik og Dina Svendsen. Forfattaren hugsar ein dag frå siste levetida til Hallbjørg då ho møtte den gamle venninna si Dina på sjukeheimen. Begge sat i rullestol. Sistnemnde hadde ikkje språk, men kontakten dei to imellom var ikkje avhengig av å kunne uttrykkje ord.

Hallbjørg var kjapp i replikken, og kunne av og til seie ting beint fram utan å ha tenkt seg altfor grundig om. Dette vart endå tydelegare siste åra ho levde. Eit par episodar frå tida på sjukeheimen kan illustrere dette:

- Ein kjend person i bygda var på vitjing, men Hallbjørg kjende henne ikkje att med det same. Etter at personen hadde sagt kven ho var, kom det utan nøling: «Å, er det du? Å du kor tjukk du har blitt!»

- Det var like før andakt, og Hallbjørg sat i lag med ein person frå kyrkjekontoret. Ved sida av sat gamleordføraren, men Hallbjørg kjende han ikkje att. Ho spurde difor den kyrkje-tilsette kven dette var, og etter å ha fått svar, kom det: «Å, du, kor han har tapt seg!»

Hallbjørg var eit stemningsmenneske. «Kva er ein musikar utan kjensler»? sa ho ein gong. Ho meinte at kyrkjemusikken var eit godt middel til å skape harmoni i sjela, og fest i sinnet.

Hallbjørg hadde ei uvanleg evne til å kome i kontakt med og å kommunisere med born. Det var alltid kjekt å kome på Stykket til Hop-heimen. Hallbjørg fann alltid på kjekke ting for oss ungane. Vi fekk ofte ta del i dei tinga ho var oppteken med, anten innomhus eller utomhus. Sjølv luking av bed vart spennande når Hallbjørg organiserte små konkurransar og vi fekk tildelt kvar vår «teig». Elles kan forfattaren hugse dei eventyrlege stundene på loftet når vi kunne dukke ned i høge stablar med vekebladet Allers. I blada var det fullt av konkurransar og aktivitetar, så vi kunne sitje på loftet i timesvis.

Ho kunne elles ta oss med på små turar, spele brettspel og ho hadde alltid noko å servere oss, anten saft eller kake eller begge deler. Og når jordbæra var modne i august, laga Hallbjørg alltid blautkake med jordbær frå eigen hage. Tett i tett med jordbær. Når vi borna fekk setje oss ved det runde bordet i stova, og fekk saft og store blautkakestykke med jordbær, då var det fest på Stykket.

|

Nettsida er drifta av