design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

“Langt vest i havet i brot og i brand ligg ho so einsam, vår fatige strand. Uppfyr stend fjelli so trauste, dei grå. Utfyr ligg havet uroleg, det blå.” Første vers av Fløsongen.
“Langt vest i havet i brot og i brand ligg ho so einsam, vår fatige strand. Uppfyr stend fjelli so trauste, dei grå. Utfyr ligg havet uroleg, det blå.” Første vers av Fløsongen.

Fløminne - del 3

No er det mest so det er helg alltid. Før var det kvardag når det var kvardag. So kom helga som eit gildt avbrøyte. Serleg jula då. Alt skulle liksom vera unnagjort til høgtida. Det var ikkje so mykje småkakebaking, men lefse baka dei, og ellest brød og finekake. Kavring og klingre kjøpte dei. Etter kvart vart det noke småkake òg. Serleg fatigmann og jødekake.

Artikkelforfattar: Ingeborg Runde

So skulle husa vaskast ekstra. Veslejulafta skulle det bytast halm og klæde i alle senga, og alle skulle bade den kvelden. Eg synest enno eg kjenner den glade forventning når me nyvaska la oss i reina senga med den gode lukta av havrehalm. So var visa den, at joleafta morgen stod dei upp og begynde å vaska klæ. Då skulle alle – både gang- og sengklæda – vaskast. Ikkje noke skulle ligge skite over jul. Det var sovisst ikkje lett – alle dei tunge heimevovne sengklæda. Mannfolka bar som regel inn vatn kvelden før, både i storegryta og i stampa. Kl. 5 stod mor upp og begynde. So var det kvar ein skulle henge klæda. Ikkje måtte dei henge ute med helga. So det var snore alle stader: i skjylet, i skjåen, på budaloftet, under buda og alle stader ein kunne tenkje. Gunna-Karn fortalde herifrå at dei bar klæ endåtil upp i vårfjøsane. Mor heldt iallfall skikken ved like medan ho vann. Sidan har det vel døytt ut.

Me vaska alltid ferdig husa veslejulafta. So sjølve julafta pynta me treet, bar inn rikeleg ved og vatn, smurde lefse, kanskje steikte vafle. So skulle nokon av oss inn til Olina (det var tanta hans far). Ho skulle ha litt til jul. Ei mjølkespann, ei smørtjuke og ei skål med søst. Hadde me slakta til jul, so var det litt kjøt òg. Ho og mannen sat i ei stove innpå Gardsbøen på Indreflø. So var det gamle-onkel på Ulstein som skulle ha sending til jul. Det var helst spekekjøt og mòr og litt smør og nokre lefse. Det hadde me oftast fått inn før. Han var far sin morbror og var ikkje gift. So han hadde eit rom hjå syster si.

I 2–3-tida bar far inn steika og skar ho, so me fekk begynne å dampe. Det var trepinna lagt i ei gryte med vatn under, me dampa på. Var gryta stor nok, dampa me potetene uppå. Då vart dei so gode, syntest me. So la me flatbrød i bakaromnen, so det vart so sprøtt og godt. Noke grønsaker til var ikkje bruka. Det var kjøt og potete og flatbrød. Medan det kokte, stelte me oss og sette på bordet. I 5-tida åt me steika. Eg synest eg ser oss rundt bordet: Far for høgebordsenden i kvit skjorte. Mor i kvitt storforklæ og me ungane pynta. Ljos på bordet og blankpussa lampe over. God duft av kongerøykelse (som me alltid ha på omnen med jul). So stemde far i Her kommer dine arme små. Den song me alltid ved bordet. Då var jula koma, og velkoma var ho.

Når me ha ete, skunda me oss og bar av bordet og vaska upp. So gjekk me og henta heim bestefar og bestemor.

Det var ikkje nokon stor dunge av pakka under treet. Me fekk alltid noke med mor og far, men det var klæplagg som me trengde. Ei hue, eit skjal, eit forklæ e.l. Med bestefar fekk me alltid kvar si sylvkrone. So gav me kvarandre nokre småting. Det kunne vere ei hårsløyfe eller hårspenne. Små posa med perle var svært populære. Dei kosta 20 øre, hugsar eg. Før onkel Knut var gift, bruka han å gjeva oss små leike. Det var einaste leike me hadde. Eg hugsar ei jul me fekk ei lita kokemaskine, ein kjel, ei kanne og tvo små koppa. Å du, for stas det var. Ein gong fekk me domino.Me hadde dei heile vår uppvekst.

Når gåvone var utdelte, vart treet sett midt på golvet, og so gjekk me ikring og song. Bestemor hadde so fin songrøyst. Når me då ha gått litt, fekk me kvar sitt eple og kvar si appelsin. Ei skål med nete vart framsett. Alle knaska med tennå. Knekkjar fanst ikkje i hus. So var det nokon som las høgt or julehefte, so gjekk me rundt treet att. Når klokkå var ½ 9 laga me til kveldsmat. So besteforeldra åt i lag med oss før dei gjekk burtatt. Ved bordet las me andakta for julekvelden og song julesongar. So sat me gjerne og las eller stelte med julegåvone ei stund. Men me heldt tidleg kveld, for viss vêret var til det, skulle me tidleg upp og gå til kyrkje.

Burt hos bestefar heldt dei meir på gamle tradisjona. Blant anna skulle alle ha kvar si heil lefse julafta um morgonen. So skulle det strøast småhakka eine på alle golv. Det var so fint på dei kvitskura golva og ga slik frisk ange. Juledagsmorgon stod dei upp kl. 5 og heldt juleotte. Las og song – ljos på bordet i den blankpussa messingstaken. Då eg var hos dei, låg eg inni stova i ein sengbenk. Eg fekk då eit ljos på ein stol attåt senga og salmebok so eg skulle synge i lag med dei. Når andakta var over, gjekk fyrst bestefar ut. Kom so innatt og sa: ”God jul”. So bestemor likeeins. Det kalla dei å bere inn jula. Då fyrst laga dei til morgåmat. So sant det fanst, skulle det vere nysalta fisk attåt maten. Det var far òg nøyen på. Dei gjorde kva dei kunne for å få i julefisk, helst krabbetorsk.

Var vêret sopasss det på nokon måte gjekk an, skulle flest muleg til kyrkje. Bestemor heldt på den gamle matskikken: Middag var det fyrst når folket kom frå kyrkja. Då alltid kjøtsodd. Men i 12-tida var det mylje for dei som heime var. Det var flatbrød. Fyrst slo dei over kjøtkraft so brødet vart mjukt, so sika dei av krafta og ha rikelig med kjøtfeitt på. Skulle det vere litt ekstra, stråla dei litt sirup på. Alle skulle halde seg heime 1. juledag, burtsett frå kyrkjeferda. Men seinare i jula gjekk me til kvarandre. Ingen måtte gå utatt utan å ha fått noke å bite i. Ellest bar dei ut jula, sa dei.

Mellom jul og nyår og utover i helgå, som dei sa, tok dei ikkje fyre seg noke storarbeid. Det var ”lopradage”: Tenarane skulle vere mest muleg fri. Trettandedag og tjuandedag vart rekna som halv helg. Det skulle òg vera steik dei aftå, til og med kyndelsmessafta. Men då kom han ”Kyndelsmess-Knut og jaga jula ut”. So då vart det ”striskjorte og havrelefse” att. Dei skulle vere klare til torskefisket då. Fjordekarane som skulle vere med i fiskja, kom på dagen. Det var ikkje alltid torsken var so presis.

Tidsrekning
Eg høyrde aldri gamle folk snakka um månader og dato. Dei rekna på denne måten: 10 vike frå vinternæte til jul. 6 vike frå jul til kyndelsmyss. 7 vike frå kyndelsmyss til marimyss. 3 vike frå marimyss til sumarmål. 10 vike frå sumarmål til jonsok. 9 vike frå jonsok til barsok. 5 vike frå barsok til mikeli. 14 daga frå mikeli til vinternæte.

Når det var snakk um kva tid den eller den var fødd, so var det t.d. 14 dage før jonsok, eller 8 dage etter barsok, og liknande. Same reknemåte hadde dei t.d. med kyr som var leidd til okse. Var det med jul, so var det 12 vike tilbake. Altso 14 dage fyre vinternæte, som var mikeli.

Ein ting som dei alltid fylgde med, var kva sundag det var i kyrkjeåret. Likeeins kva tekstrekkje som var bruka det året. Kva tid månen var ny, halvfull eller kvartalsskifte. Kva tid han begynde ”å site å kveld”. Alt slikt ha dei greie på, utan noko uppslagsbok. Det same kva tid sjøen fall eller flødde og kva innverknad det ha på vind og straum. Eg hugsa siste åra bestefar livde, då var han blind og låg til sengs. Det var etter eg var koma til Runde, og me rodde eller siglde til Flø. Då kom han alltid med gode råd, kva tid straumen var laglegast når me skulle utatt, ettersom kva tid sjøen fall eller flødde. So sjølv då fylgde han med.

Ein ting var dei svært nøye med: Ein måtte ikkje slakte når månen minka. Då vart det mindre um maten, meinte dei. Gunna-Sevrina på Runde påstod at både pylse og ball voks meir upp under koking når det var veksande måne. Kanskje hadde ho rett. Men no for tida lær dei åt slikt. Hos dei gamle var naturen beste læremeisteren, og dei lærde å gjeve akt på mange ting og dra nytte av det. Månen tok dei mange merke av – um kor vêret vart. Kvar han tendra – um månesigden ”låg” eller ”stod”. Eit ordtam hugsar eg: ”Ståande måne, liggjande matrosar”. Viss han ”stod”, var det godt, trygt vêr.

Lækjeråde
Det måtte nær sagt stå um livet før nokon henta doktor. Dei hjelpte seg sjølve so langt råd var. Husapoteket bestod vanlegvis av: Ei flaske blyvatn til umslag viss ein ha slegje seg, smørband var òg bruka. Kvite kamferolje for gikt og verk. Nafta eller brune kamferdropa for mageverk eller besvimelse. So ha dei alltid eit glas grisegalle for frostsår. Turka einebær for laus mage. Turka kjerringrokk for feber og blæresjukdom. For det siste var det òg ei god råd å slå kokande vatn på høyfrø i ei bytte og site på den. Mor bruka òg ”våtskjorte”, som me sa. Det var ei skjorte, væta i høyfrølòg og havt nærast kroppen og pakka godt til utanpå. Det var når me ha desse vanlege barnesjukdomane, so som kregda, med høg feber. Var det streng forkjøling, koka dei i hop surmjølk og sirup med pipar i. Det var for å få ut sveitten. Var det tyngsel for brystet, la dei på ein ullklut innsett med talg og terpentin. For brandsår var det rå, raspa potete. Var det blodforgift, bruka dei umslag av surt skjyr eller syre. Seinare bruka dei eddik. Var det svoll, so la dei på rjomekake – eller graut – for å modne, so var det alltid einkvan som skar med ein barberkniv og fekk ut ”vågmora”. Hadde ein skore seg, og det blødde sterkt, la dei på kongelvev. Tru det eller ei, men det stansa blodet. So la dei på tjøreband. Til denne tid påstår eg at tjøre på sår er det beste som finnst. Var det sprekke på fingra eller tær, la dei på ei bekskrå og rørde rundt ulltråd, og det grodde på kort tid. For giktsmerte bruka dei korn eller saltpose. Varma det so heitt som ein tolde. Tjeredrev bruka dei òg. Det la dei på kjaken for tannverk òg, hugsar eg. Ein sort blad som dei kalla groblad, la dei òg på sår. Drog ut bladnerven, nika dei so det kom ut ei væske, og la det på.

Mange var plaga av åreknutar, som det ofte ville gå hol på. Dei kalla det rosfot. Dei såra ha vanskeleg for å gro. Då sende dei bod etter Roppe-Laura, som kom og koppa. Ho var ofte hos bestemor, og me ungane var ”grysjande” tilskuara. Ho hadde eit lite apparat som ho slo hol på huda med, fire–fem hol tett i lag. So ha ho nokre små glaskoppa. Sette i ein liten papirbete og putta i koppen, sette den so over såret. Koppen saug seg fast og saug ut blod. Ho bruka ofte ei tvo–tre koppa til ei behandling. Same nytte gjorde vel igla. Mange ha ein igle ståande i eit vassglas i kjøkenet. Var det sår som ikkje grodde, sette dei på iglen. Han saug blod so lenge han var so full at han datt av. Då la dei han i saltvatn so han spydde ut blodet, og so var han like god. Eg veit ikkje um dei kjøpte desse iglane. Men eg hugsar dei sa at uppi Svartevatnet i Ytreflødalen var igla.

Ordtak - eit utdrag

Kvardags brud, er heldags-skitsud.

Longe matabiing er inga matadrying.

En fæ noke ta beinå, en fæ mendre ta steinå.

Den so ikkje æte seg mette, slikka ’kje seg mette helder.
Det snakka seg um, å ro ei mil fyr å sigle ein fjering. (Når nokon arbeidde tungt og bakvendt.)

Kveldsròden er jussom banjeraua. (Ein veit ikkje kva tid det vert bløyte.)

Når nokon slo hardt ei dør, sa dei: ”Gjev raua di låg imyllå!”
Å spare på skillingen og la dalaren gå.

Var det noko som gjekk rekti godt, sa dei: ”Sanneleg, det bar heimatt snuren.”

Var det nokon som var svær på alle måta, sa dei: ”Ho ha både gult hår og krusa.”

Dyrastokken er sumestad høgre og sume stad lægre, men på tvert ligg han alltid.

En ska ’kje ta umsorga frå Vårherre.

En lyt hegne frå lòkja.

Han e ’kje utbaka leiven endå.

Han leika med spora endå.

Gjev spytå måtte halde og aldre uto daldre.

Det e so musa pissa i havet.

Alt so onda neglå kan skavast.

Fyk upp som ein hjort, dette ned att som ein lort.

Det e sinne i murta med.

|

Nettsida er drifta av