design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Dampskipet D/S Snorre
Dampskipet D/S Snorre

A/S Snorre

A/S Snorre vart skipa i 1902, føremålet var å drive havfiske med dampskip. Dette var noko nytt , denne tida var det vanleg med segl, og fisket foregjekk utanfor kysten her.

Artikkelforfattar: Havtor Hofset

Det var nokre framsynte karar som starta selskapet med ein aksjekapital på kr. 24 000,- fordelt på 10 aksjar:

Ulstein Forbruksforening: 5
Petter K. Hasund: 1
Andreas J. Hasund: 1
Johannes J. Ulsteinvik: 1
Andreas M . Saunes: 1
Lars O .Dimmen: 1

D/S ”Snorre” blei kontrahert ved Moss Mek. Verksted og kom til Ulsteinvik 24.12.02. Den var 90 fot lang, 17 fot brei og gjorde ikkje mindre enn 10 knops fart.

Første disponenten var Peter K. Hasund, han var disponent og styrar av Foreninga.

Han var fødd i 1854, og døydde berre 50 år gamal. Han var ein framsynt mann og mykje nytta i kommunale verv.

Martinus Molvær var første skipperen ombord i Snorre. Han var fødd i 1857 i Langevåg og døydde i 1936.

Han var ein stø og kjekk kar, retteleg ein sjømann. Han kom tidleg i 1880 åra til Ulstein for første gong, der han hadde vorte kjend med Ingeborg Støylane. Det vart mange friarferder til Ulstein, men det var tungvint å reise mellom bygdene i 1880-åra. Søndagane når det var preike i Hareidskyrkja, gjekk han frå Langevåg over Sulafjellet til Sulesund, der fekk han vanlegvis vere med i færingen når Sulafolket rodde eller sigla til Hareidskyrkja. Han måtte tidleg opp søndagsmorgonane når han skulle møte si kjære. Elles fekk han vere med Sulafolket når dei rodde over fjorden yrkedagane for å handle på Hareid. Så var det “berre” å gå til Ulsteinvik. I 1884 vart han gift med Ingeborg, og i 1895 fekk dei skøyte på Støylane. Dei fekk ikkje mindre enn 14 born. Dei fekk og oppleve motgang, i 1927 omkom tre av sønene deira då “Sjøfuglen” forliste .

Snorrebuda
I 1904 vart Snorrebuda oppsett. Dei kjøpte ei gamal sjøbud som stod ute på Ulsteinstranda, der ho var nytta som trandamperi, ho vart no ombygd og utvida og oppattsett på eigedomen til Forbruksforeninga.

I dag held restauranten “Den Gode Nabo” til i Snorrebuda.

For å halde fiskereiskap og buda i god stand, vart Andreas J. Botnen tilsett som bryggemann i 1905 og slutta i 1951 etter heile 46 år i jobben. Han var ein trufast og god mann å ha på buda.

Det var dårleg fiske frå 1902 og utover, veret var og dårleg i lange periodar, og fiskeprisane var like elendige som veret, men dei heldt det gåande på eit vis med sparsemd og tolmod.

Men i 1914 byrja det å gå oppover, fiskeprisane steig og det var nok fisk i havet.

Andreas J. Osnes vart formann i styret og disponent etter Petter K. Hasund i 1904. Han var fødd i 1861. Etter folkeskulen og eit kveldskurs vart han butikkgut på Foreininga i 1878. Han var ein dugande kar og steig i gradene.

Han styrte Foreininga og Snorre med fast hand frå 1904 til 1927.

Ole Garshol vart skipper på “Snorre” i 1906 då Martinus Molvær slutta.Garshol var fødd i 1874. Han vart ombord til 1913. Han var ein drivande kar, var interessert i alt som gjekk føre seg både på sjø og land. Etter at han slutta sjøen var han med i mange kommunale verv.

Ulstein Kyrkje hadde frå gamalt av ei inngangsdør på sydsida. Med åra vart døra både lekk og trekkfull når sydvesten og regnet stod mot døra. Då det i 1950 åra blei bestemt å fjerne døra, var det mot store protestar frå Garshol. Han skreiv mykje om dette i Vikebladet. Det skulle helst vere som før, meinte han.

Torskefisket i 1914 var svært godt for ”Snorre”, dei fiska 50 000 stk. torsk dette året. I 1915 var båten betalt og dei var gjeldfri.

Tidene hadde forandra seg. Det var komne nye og større fiskebåtar til Sunnmøre denne tida. Mellom desse var D/S”Skjervøy”, ein ny og fin båt som kom til Ulstein dette året.

Ved Island var det no godt torske- og sildefiske sommarstida. Til dette fiskeriet var “Snorre” for liten og nærmast ubrukeleg.

Forlenging
I mai 1914 kom det forslag til styret om å forlenge ”Snorre”.

I april 1915 vart det vedteke å forlenge den med 10 fot, og elles ruste den opp.

Arbeidet vart utført ved Ørens Mek. Verksted i Trondheim.

Sigvald Spjutø vart skipper og medeigar i Snorre i 1913. Han var fødd i 1885 på Spjutøya i Ulstein. Han byrja å drive fiske då han var konfirmert, den første tida på åttring. Han fekk vere med på litt av ei utvikling, frå å vere fiskar på ein åttring i 1899 til skipper på M/S “Bell” fram til 1952.

Spjutøy-Sigvald vart gift ute på Solaberget med Rakel, dotter til Andreas J. Osnes og kona Pauline. Dei busette seg på garden og overtok den seinare. Han kom såleis i familie med ein av eigarane av Snorre. I 1915 og 1916 var “Snorre” på Island. Det var vanleg med 2 torsketurar på forsommaren og ein sildetur på hausten .

30 tonn saltfisk var full last, turen tok ca. 1 månad.

På sildeturane hadde dei med not og notbåtar. Notbåtane hang ikkje i davitane som vart vanleg seinare, men stod på dekk.
Dei hadde med 300 stk. tynner som var last.

Tida frå 1918 til 1924 var magre år, mange av dampbåtane kom på tvangsauksjon. Frå 1920 og til 1932 var dei på Island nesten kvart år.

Når dei ikkje var på Island, dreiv dei fiske på bankane utanfor kysten her eller dei var ved Bjørnøya.

Bell
I 1925 meinte Spjutøy-Sigvald, som han vart kalla til dagleg, at dei måtte koste seg ny og større båt. Sidan ”Snorre” vart forlenga og modernisert i 1915 hadde det vore ei stor utvikling i fiskerinæringa. Men først i 1932 kom utskiftinga.

Det enda med at dei kjøpte D/S “Bell” frå Jan Hess i Bergen for kr. 65000,- Han tok istaden over “Snorre” for kr. 15000 + mellomlegg. Dei hadde hatt båten i 30 år, den hadde gjeve levebrødet til mange familier i Ulstein.

D/S “Bell” var større, nyare og meir moderne enn “Snorre”. Den var 115 fot lang og 19 fot brei, bygd i Kristiansand 1917.

Då Andreas Osnes slutta som formann i styret i 1932, kom Knut Strand inn som formann, han sat til 1934.

Knut Dimmen vart formann i 1934, og sat til 1948. Han var med frå dei starta selskapet i 1902, han kjøpte då ein aksje saman med brørne Lars og Ole.

Knut Dimmen var av dei som ivra mest for å kjøpe ny og større båt.Han vart seinare styrar for Ulstein Trygdekasse.

“Bell” var med på sildefiske utanfor kysten her vinterstida, utover sommaren gjorde dei til vanleg to torsketurar til Island, til slutt ein sildetur også til Island.

Denne drifta heldt dei på med til april 1940, då kom krigen til Noreg.

Det blir fortalt ei historie om ein gong “Snorre”, eller var det “Bell”, kom sigande opp mot Snorrebuda der dei skulle legge til.

Skipperen ropte til karane som stod framme på dekk at dei skulle gjere klar fortøyningane.

Ein av karane var tunghøyrt, så han spurde kompisen sin som stod attmed han Kva var det han sa? Jau han sa “la gå styrbord anker”. Den tunghøyrte karen sprang fram på baugen og sleppte ut ankeret. Då det stilna av høyrde han skipperen rope igjen, og han spurde same karen, kva var det han sa no då? La gå babord anker også, var svaret frå kompisen. Og den tunghøyrde sprang fram på baugen og slepte ut det og. Då det no vart stilt var det unødvendig å spørje kva skipperen sa no, han var så høgrøysta at dei måtte høyre han langt ut på Ulsteinstranda.

Korleis det gjekk med karane er ukjent, men dei fekk vel ei reprimande.

Då krigen kom, vart “Skjervøy” og “Bell” oppankra og “gøymde” i Blikkvågane ved Dimnøya.

Men ein fin sommardag juli 1940 kom ein tysk vaktbåt til Ulstein, dei kravde begge båtane utleverte. Etter store protestar frå eigarane vart likevel begge båtane slepte til Ålesund. Her vart båtane ombygde og fekk tysk flagg.

“Bell” fekk namnet “Markomanne”. Tyskarane hadde ikkje nok sjøfolk til å bemanne båtane. Skipperen var typograf og maskinisten var barber og ellers bestod det tyske mannskapet av agronomar, kelnerar og bybod. Dette kunne ikkje gå vel, det vart mange grunnstøytingar og forlis. D/S “Skjervøy” forliste til slutt på Hustadvika. Det blir fortalt at då “Markomanne” skulle gå første turen frå Ålesund til Stadt, grunnstøytte dei ved Vattøya. Den vart ståande i fleire dagar på skjeret. Den vart så slept til Ålesund for reparasjon.

Då den endeleg var ferdig reparert, skulle den gå igjennom Steinvågsundet, det gjekk ikkje betre til enn at dei gjekk på grunn her og. Det vart ein ny stor reparasjon. Seinare kom fleire uhell.

Då krigen var slutt i 1945, vart “Bell” levert tilbake til a/s Snorre. Båten var i svært dårleg stand. Botnen såg ut som eit vaskebrett etter alle grunnstøytingane.

Skorstein, rorhus og galgedekk var øydelagt. Rigg og davitar var vekk, og maskineriet var i dårleg stand.

Skroget var samansett av 115 plater. 76 av dei måtte skiftast ut.

Mange meinte det ikkje var forsvarleg å reparere, men det var ikkje mange alternativ. Nybygg var utenkeleg, det var mangel på alt etter krigen.

Det enda med at båten vart send til Rosenberg Mek. i Stavanger for reparasjon.

Prisen vart kr. 200 000, av dette betalte staten 110 000, resten måtte rederiet ta opp i lån for å få båten ut frå verftet.

“Bell” kom i drift igjen i januar 1946, og gjorde sine vanlege turar på sildefiske her på kysten og til Island og Bjørnøya, fram til 1950. Utbytet av fiske var svært bra for mannskap og rederi.

I desember 1948 slutta Knut Dimmen som disponent og styreformann etter eige ynskje. Johs. N. Osnes som hadde vore tilsett som styrar av Foreininga sidan 1927 vart no disponent for a/s Snorre, med Sigvald Spjutøy som styreformann.

Tidene endra seg, og frå 1950 hadde mange båtar frå våre kantar teke til å fiske torsk på bankane ved Vest-Grønland. Den som ville vere med på dette, måtte anten installere oljefyring på kjelen eller skifte til dieselmotor.

I 1949 vart det bestemt at dampmaskina skulle ut, og istaden montere inn ein Alpha dieselmotor på 240 hk. Arbeidet med dette tok til ved Hatlø Verksted i april 1950. I januar 1951 kom dei i drift igjen, og etter storsildfisket gjorde dei ein torsketur og seinare ein sildetur til Island. Utstyret verka godt, og motoren fungerte fint.

Sigvald Spjutø slutta som skipper sommaren 1952, han var då 67 år gamal.

Han kunne sjå attende på eit langt trufast virke som ein svært dugande skipper.

Sonen til Sigvald, Simon, tok over etter faren.

Dei gjorde då sin første tur til Grønland. Det viste seg at båten var i minste laget til dette fisket. Det var og vanskeleg å få røynde folk til vere med på så lange og farefulle turar.

Våren 1960 var “Bell” på rundfisktur til Shetlansbankane med 10 manns besetning. Om natta 3 april braut det ut brann i maskinromet.

Brannen starta i den elektriske tavla og var vanskeleg å sløkkje.

Medan motoren endå var igang sette dei kursen mot Ålesundsbåten “Aspø” som låg i nærleiken. Men så stoppa motoren, og i tillegg mista dei lyset.

Dei bestemte seg då for å låre livbåten. Men det hende noko med den aktre løparen slik at livbåten vart hengande etter baugen og vart så fylt med sjø.

Etter at løparen vart frigjort, flaut båten berre på lufttankane. Nokre av karane i livbåten hamna i sjøen, medan andre berga seg ombord att i “Bell”.

No vart redningsfloten sett på sjøen, den bles seg opp på normalt vis og blei hala opp på sida av livbåten.

To mann hoppa ombord i floten og drog opp to mann som låg i sjøen. Men det var hol i floten, som seig saman. Tre mann kom seg ombord att i “Bell”, men den fjerde, Simon Spjutøy var ikkje meir å sjå.

Lauritz Skeide var ein av dei som hamna i sjøen og heldt seg fast i livbåten, men var vekk då “Aspø” kom til hjelp.

Fire av mannskapet vart no hala over til “Aspø” med line, medan dei andre hoppa over frå baug til baug.

“Aspø” leita ei stund etter dei sakna, men då to mann var hardt skada, forlet dei havaristen og sette kursen mot Shetland.

Mannskapet på denne turen var: Simon Spjutøy, Odd Spjutøy, Åsmund Breivik, Torbjørn Vågen, Elias Urke, Lauritz Skeide, Leif Moldskred, Petrus Våge, Nils Vik og Johannes Håkonsholm. Dette var eit svært erfarent og godt mannskap, diverre kom to av dei ikkje heim, Lauritz Skeide og Simon Spjutøy.

I dag er det berre maskinisten Åsmund Breivik og maskinassistenten Torbjørn Vågen som er i live.

Valderøybåten “Stålegg” var 21. april same året på veg til Grønland på kveitefiske, dei var komne nordvest av Runde då dei oppdaga “Bell” som dreiv rundt på havet for ver og vind, elden hadde slokna av seg sjølv. Dei sette ut lettbåt og fekk slepar og tre mann ombord i hvaristen.

Det vart eit kaldt, mørkt og trist opphald ombord i “Bell”. Det lukta av sur fisk og utbrent materiale. Dei var og utan radiosamband med ”Stålegg”. Einaste sambandet var flaskepost som dei drog mellom båtane.

Ein kveld rauk sleparen i stormen, men dei fekk ny slepar ombord neste morgon. Etter tre døgn og mykje strev kom dei seg inn til Ålesund.

“Bell” vart reparert ved Hatlø Verksted og kom ut på fiske igjen.

Men i 1965 var det slutt, “Bell” vart då seld til Fjørtofta. a/s Snorre hadde då vore i drift sidan 1902.

I 1975 vart båten seld vidare til Vigra, og i 1979 vart den kondemnert. “Bell” hadde då vore i drift sidan 1917, i heile 62 år. Namnet var det same heile tida som fiskebåt.

|

Nettsida er drifta av