

Bilde frå 1870. Eldste kjende foto frå Ulstein. Dette er Myklebusthuset med gjestgiveri, post- og skysstasjon. Huset stod om lag der gamleapoteket står i dag, eller nede i hagen. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1900-1925 av Einar Grimstad.

Saunesbrauta kring 1905. Fleire av dei karakteristiske pirane med sjøbudene er bygde. Ved Snorrebuda ligg ein større båt. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1900-1925 av Einar Grimstad.

Fotografiet er truleg tatt i byrjinga av 30-talet. Bygninga heilt til venstre er slakteriet til Brudevoll. Buda i midten, med mange glas mot vest er Lillebøverkstaden. Vidare mot høgre har vi Johannesenbuda. Buda fremst, midt på bildet, er den sokalla Einarbuda som Einar Osnes eigde. Denne rak av ei stormnatt i 1938. Rett bak denne er buda til Husla-Rasmus. Buda gjekk seinare under namnet Egelbuda. Den store kvite sjøbuda var der Forbruksforeininga heldt til. Rett framanfor denne har vi Foreiningsbuda. Heilt ute til høgre har vi Snorrebuda med Sjøborg bak. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1925-1950 av Einar Grimstad.

Bildet truleg frå 1910. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1925-1950 av Einar Grimstad.

I 1905-1906 blei det bygt ny prestebustad i Ulsteinvik sentrum. Den ser vi midt på bildet her. Den gamle prestegarden i Dimnasund blei seld til private. Andreas L. Moldskred gav skøyte for kr. 1200 til prestegardstomt. Vi ser løa til Andreas bak til venstre på bildet. Vi ser også tydeleg Hestevollen mot Fredheim. Bildet er tatt omkring 1910. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1900-1925 av Einar Grimstad.

Glimt frå sentrum fotografert frå vest omkring 1910. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1900-1925 av Einar Grimstad.

Frå Oshaugen, Osnes 3. I 1863 kjøpte Rasmus Berntson Gjerde, Breivik garden for 450 rdl og kår. Han var gift med Henrikke Nilsdtr. Våge. Ein av sønene, Benjamin, tok over garden og dreiv den til 1928, då svigersonen hans, Fridtjof Hofseth tok over. I dag bur Øystein Fridtjofson Hofset og kona Solveig, på garden. Stova midt på bildet, huset til Gina Osnes, står i dag som hytte på Fjelle. Frå boka Ulsteinvik i bilde 1900-1925 av Einar Grimstad.

Bilete syner D/S Olga utrysta for garnfiske i 1915.
Som vist i Vikebladet 4. Oktober 2014. D/S Olga: Det var dei tre svogerane Karl Kleven, Knut Dimmen og Peder Gjerde som kjøpte fiskedampskipet ”Olga” som då fekk heimehamn på Klubbeneset på Dimnøya. På dette biletet frå rundt 1915 er båten rigga for garnfiske. Mannskapet er frå venstre: Lars Kleven, Oskar G. Sundgot, Enok Røren, Oskar L. Sundgot, Jonas Røren, Johan Dimmen, Eivind Sundgot og Jonas Ertesvåg. Biletet har Aksel Hauge fått låne av Louis Sundgot.