Sigmund Hasund var ein periode personifiseringa av Straumane Handelslag. Ikkje minst var Straumane kjende for å introdusere nye merke og tilby rimeleg sportsutstyr av høg klasse.
Sverdet er typisk for den femte perioden av bronsealderen (900- 700 f.Kr.), altså om lag 2800 år gammalt. Karakteristisk er den smale klinga utan ribber eller dekorelement, og grepstangen som gjev namn til typen: grepspissverd. Slike klinger vart nytta med grep i bronse, grep i bronse og tre/bein, eller grep laga utelukkande av tre/bein. Når ein finn klinger utan grep, går ein gjerne ut frå at det har vore laga av tre/bein som har rotna vekk.
Når fisken var utvaska, var det å begynne på vårvinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje.
Snarvegar
Historisk Quiz om
Forteljinga om Ulstein
handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.
Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar det viktige arbeidet om å ta vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.
Betalingsløysing med ![]()
Vi arbeidar for at all medlemskap i Ulstein historielag vil vere gjennom nettsidene.
Det er per dags dato ikkje mogleg å betale med kort. Om du ikkje har Vipps kan du betale medlemskapet til kontonummeret til Ulstein historielag 4137.30.40744.