design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Årsmelding 2014

ULSTEIN HISTORIELAG
Årsmelding 2014

Styret:

Aksel Hauge - leiar

Erling Ove Flø - nestleiar

Inge Håkonsholm - kasserar

Johanne Bøe - sekretær

Brita Waage Linge - styremedlem

Karl Kleven - 1. vara

Aksel Garshol - 2. vara

Revisor: - Andreas Ringstad

Valnemnd: - Aksel Garshol, Ingrid Pedersen

Styremøte

5 styremøte er haldne dette arbeidsåret.

23 saker har vore drøfta. 

Karl Kleven, 1.vara og Aksel Garshol, 2.vara – har møtt på dei fleste styremøta

Tilskipingar i 2014: 
Historielaget har skipa til 2 vandringar og 4 opne møte dette arbeidsåret:


06. mars: Årsmøte/ope møte

Årsmøtet var halde på Fredheim. Etter vanlege årsmøtesaker var det kaffipause og loddsal. Programmet etter kaffipausen var ved Frode Pilskog, der han viste bilde og kåserte om «Sunnmørske fyrbyggjarar»


24. april: Bildemøte

Det vart vist på stor skjerm eit bilde som viste området frå Boholmen og innover, der publikum fekk diskutere og mimre om gamle dagar. Godt frammøte.


25. mai: Tur til Fyrmuseet i Dalsfjorden

Denne søndagen gjekk turen til Dalsfjorden. Vi køyrde med private bilar til Fyrmuseet og fekk ei interessant orientering og omvisning av Frode Pilskog. Det var ikkje stort oppmøte til denne turen.


21. sept.: Vandring på Klubbeneset
Vi møtte på Klubbeneset hos Karl Kleven. Der står no den gamle Kleivastova etter at ho vart flytta frå Kleven Verft sitt område. Kleven Verft stod for flytting og restaurering, og Kleivastova har no fått ein fin plass på Klubbeneset. Vi fekk og omvisning i dei gamle sjøbudene, der Karl Kleven har samla gamle reiskap og utstyr. Det var heller dårleg ver denne søndagen, og dermed lita deltaking.


22. okt.: Bildemøte

Nytt bildemøte, denne gongen frå Reiten og utover mot Halsen. Desse bildemøta er alltid populære, og engasjerer dei frammøtte. Godt frammøte.


04. des.: Julemøte på Fredheim

Julemøtet vart også denne gongen arrangert ilag med Ulstein Mannskor, eit samarbeid som kanskje kan verte ein tradisjon? Mannskoret stod for programmet, det var svært vellukka, mange frammøtte og svært godt loddsal.


Det har vore bra frammøte på dei fleste tilskipingane. Vi har hatt enkel servering på møta, og hatt godt loddsal på samlingane.

Årsskriftet ”Levd Liv 2014” var i sal frå 9. November.
I redaksjonsnemnda har vore: Aksel Hauge, leiar, Rune Ulfstein og Aksel Garshol. Magne Grimstad jr har vore redaktør. Boka har selt godt, ca 800 eksemplar er selde, av eit opplag på 1000. Styret vil takke dei firma som har støtta historielaget ved utgjevinga. Dei står opplista bak i boka. Stor takk også til artikkelforfattarane. Redaksjonsnemnda er i gang med arbeidet til Levd Liv 2015.

Ulstein Historielag har inngått avtale med Osberget om å opprette heimeside. Der kan ein finne historisk stoff som vert jamnleg oppdatert. Adressa er: www.ulsteinhistorielag.no. Der finn ein mellom anna 6 korte filmar med intervju som er gjort med bakgrunn i artiklar i Levd Liv. Dette prosjektet har Historielaget støtta.

Aksel Hauge og Brita Waage Linge har representert historielaget i nemnda som stod for 200-års jubileet for Grunnlova i Ulstein kommune. Aksel Hauge frå Historielaget var, saman med Ulstein Sokn og Kunstlaget, med å arrangere ei utstilling i kyrkja, som viste arbeidet til Johan Haddal. Dette i høve 100-års jubileet for fullføring av utsmykkingsarbeidet i Ulstein kyrkje.

Medlemstalet i Ulstein Historielag er pr i dag 218. Økonomien er god, vi viser til årsrekneskapet som vert framlagt.

Styret vil takke alle som har vore med på dei ymse tilskipingane i 2014, og ei særleg takk til dei som har vore med og gjeve bidrag på møta. Eit bra frammøte viser at det er interesse for lokalhistoria vår, og det er viktig informasjon å ta vare på. Styret vil gjerne ha forslag til nye vandringar og emne å ta opp i framtidige møte.

Ulsteinvik 01.03.2015

Johanne Bøe

Sekretær

Aksel og Ragnar: Aksel Hauge avslutta sine 15 år som leiar i Ulstein Historielag med eit flott og svært spanande intervju med Ragnar Ulstein. Hauge spurde Ulstein om korleis det eigentleg var i krigsåra, då sistnemnde var med i Kompani Linge. Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll (Frå Vikebladet Vestposten torsdag 2. mars 2017)
Aksel og Ragnar: Aksel Hauge avslutta sine 15 år som leiar i Ulstein Historielag med eit flott og svært spanande intervju med Ragnar Ulstein. Hauge spurde Ulstein om korleis det eigentleg var i krigsåra, då sistnemnde var med i Kompani Linge. Alle foto: Ole-Ottar Karlsen Høgstavoll (Frå Vikebladet Vestposten torsdag 2. mars 2017)

referat frå årsmøte i ulstein historielag på ulstein rådhus

Tirsdag 28. februar 2017. Det var godt frammøte. Dei vanlege årsmøtesakane, så som årsmelding og regnskap vart godkjende. Valnemnda la fram forslag på attval av samtlege som sto på val, men leiaren som står på val kvart år hadde tidlega sagt frå seg attval.

Det hadde ikkje lukkast valnemnda å få tak i nokon som ville overta leiarvervet etter Aksel Hauge, som tidleg hadde sagt frå seg som leiar etter 15 år i laget. Styret skal fungere og drive laget framover. Aksel Hauge fekk blomar og gode ord frå nestleiaren i styret, Erling Ove Flø.

Etter den vanlege pausen med loddsal og enkel servering vart filmen frå avdukinga av bysta av Ragnar Ulstein vist. Etter at filmen vart vist vart Ragnar Ulstein intervjua av Aksel Hauge. Han fortalde om sitt opplevingsrike liv frå mellom anna siste verdskrig, der han var medlem av Kompani Linge, og ikkje minst hans arbeid etter krigen. Han tok fram kvardagsheltane, og dei som stridde på rett side, også fleire i frå Ulstein, spesielt i boka "Stormen og lagunen Ulstein ei bygd i Europa". Innslaget med Ragnar Ulstein var veldig sterkt, noko møtelyden tydleg gav uttrykk for. Eit vellukka årsmøte, ikkje minst takka vere møtet med Ragnar Ulstein.

NB! Filmen frå avdukinga av bysta til ragnar Ulstein vert utlagd.

Nettsida er drifta av