design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

levd liv 2014
omslag_levd_liv_2014_nettbutikk.jpg

Levd liv 2014 er den tiande utgåva av årsskriftet for Ulstein Historielag. Årets bok markerer tre jubileum. To hundre års jubileum for Grunnlova, syttiårs jubileum for Ulstein kunstlag og ti år for Levd Liv. Elles fleire artiklar med lokalhistorisk stoff.

I boka, som i år er på 168 sider, vil du finne ein artikkel som fortel om historia bak Levd liv. Du vil også finne mykje lokalhistoriske stoff om 1814. I den andre enden av tidslinja tek boka for seg eit fenomen frå 1980-talet – den gongen den unge Sissel Kyrkjebø samla 1.700 i Ulsteinhallen.

I årets utgåve har Kåre Alme skrive artikkelen «John Alme – japansk krigsfange», Egil Myrene har levert artiklane «Haddal Notlag» og «Steingardane i Haddal». Otto Botnen fortel om «Serine i Nilsgarden». Asle Geir Widnes Johansen har skrive artiklane «Ulstein i 1814 og åra før», «Prestens tale i mars 1814» - og om Sponders Booking som «Ville flytte musikklivet til Sunnmøre». Gunn Berit Gjerde fortel om Osa-Petter, Rolf Sundgot om «Fløhamna». Så fortel Øyvind Hasund om Hallvard Hasund, medan Karl Kleven skriv «Om tida i likningsetaten frå 1956 og framover». Knut Arne Høyvik fortel om «Notbasar i Ulstein». Aud Marit Wiig og Guri Alme avsluttar denne utgåva avLevd liv med «Ulstein kunstlag 70 år».

Som vanleg er boka rikeleg utstyrt med historiske bilde og illustrasjonar; båtar, gardar, bygningar, verksemder og menneske. Ungdomar frå Ulstein Tensing vil selje boka på dørene, i tillegg kan du kjøpe boka hos dei lokale bokhandlarane. Dessutan kan du tinge boka via nettbutikk på nettsidene til Fantastiske Osberget – her.

Første måleriet som blei kjøpt inn, var Karl Straume sitt «Røslyngmyr». Han stilte ut fleire gonger, første gong i 1946. Bildet heng i dag på Alvehaugen.
Første måleriet som blei kjøpt inn, var Karl Straume sitt «Røslyngmyr». Han stilte ut fleire gonger, første gong i 1946. Bildet heng i dag på Alvehaugen.

Ulstein kunstlag 70 år
1944 - 2014

I januar 2014 fylte Ulstein kunstlag 70 år. Dette vart markert med ei storstilt jubileumsutstilling. Den første kunstforeininga i Noreg var Christiania Kunstforening, stifta i 1836. Slik sett er ikkje Ulstein kunstlag blant dei eldste kunstlaga i Noreg, men 70 år må kunne seiast å vere ein akseptabel alder. I løpet av desse åra har vi teke imot både lokale amatørar og vel etablerte norske og europeiske kunstnarar.

|
Styret i Sponders. Øvst f.v. Aadne Sandanger, Kjersti Holstad og Magne Grimstad jr. Nedst f.v. Jarle Rovde, Åge Grimstad og Hans Olav Vattøy.
Styret i Sponders. Øvst f.v. Aadne Sandanger, Kjersti Holstad og Magne Grimstad jr. Nedst f.v. Jarle Rovde, Åge Grimstad og Hans Olav Vattøy.

Ville flytte musikklivet til Sunnmøre

Det er 30 år sidan no: Ut av det aktive og kreative KFUM/K-miljøet i Ulsteinvik vaks det på 1980-talet fram ein gjeng ungdommar med uvanleg entusiasme, pågangsmot og evne til å tenkje stort. Dei hadde trua si i botnen, brann for song og musikk og gjekk gjerne i forbøn for konsertprosjekt som meir sindige folk i lokalmiljøet såg på som hasardiøse.

|
Her ser vi snurparen “Anders Liaaen” med notbåtane hengande i kvar davit og basbåten på dekk.
Her ser vi snurparen “Anders Liaaen” med notbåtane hengande i kvar davit og basbåten på dekk.

Notbasar frå Ulstein

I sildefisket var basen om bord den viktigaste mannen. Skilnaden på dei gode og mindre gode var markert. Det var kanskje i storheitstida på 1950-talet basane blei testa mest. Basen var nøkkelpersonen og veldig viktig for å få god fangst.

|
Olav Roaldkvam, den første likningssjefen i Ulstein.
Olav Roaldkvam, den første likningssjefen i Ulstein.

Om tida i likningsetaten frå 1956 og framover

Frå 1. januar 1957 vart ordninga med “skatt av årets inntekt” sett i verk. Dette var vel, etter mi meining, ei god ordning for dei fleste skattytarane.

|
Hallvard Hasund - 65 år gammal.
Hallvard Hasund - 65 år gammal.

Hallvard Hasund 1908–1977

Hasund Mek. Verksted AS er ei av dei eldste industriverksemdene som framleis er i drift i Ulstein.

|
Flø hamn i dag.
Flø hamn i dag.

Frå bygginga av Fløhamna

Frå Flø var det kort veg til dei viktigaste fiskeplassane under vintertorskefisket på Sunnmørskysten. Eit rev eit stykke frå land tok litt av for ver og vind, men særleg i vestaver og nordavind var den «naturlege» hamna lite brukeleg. Det vart frå interessert hald peika på at ein trong ei betre hamn her, både som utrorsstad og som naudhamn.

|
Peter R. Osnes som ungkar med gullringar i øyra. Fotograf er Gustav Osnes, bror hans.
Peter R. Osnes som ungkar med gullringar i øyra. Fotograf er Gustav Osnes, bror hans.

Osa-Petter (1876-1958)

Det første og einaste eg hugsar etter bestefar, er gravferdsdagen hans. Ein aprildag i 1958. Eg var 4 år og stod i vindauget og såg gravfølgjet for forbi på nedstevegen mellom Lillebøverkstaden og slakteribuda hans Brudevoll. Sjøen var på begge sider av vegen. Svartkledde kvinner og menn gjekk sakte etter kista. Eg var rasande fordi eg ikkje fekk vere med i gravferda. Det var ikkje brukvisa å ta med born i gravferd då.

|
Her står dei: Anders og steinbukken hans i nybrot han heldt på med langt oppi 70-åra. Til vinteren blir bukken flytta bort til steingjerdet i bakgrunnen.
Her står dei: Anders og steinbukken hans i nybrot han heldt på med langt oppi 70-åra. Til vinteren blir bukken flytta bort til steingjerdet i bakgrunnen.

Steingardane i Haddal

Når ein køyrer riksvegen forbi Haddalbygda, kan ein lett falle på tanken: ”Kor vakkert dei har laga det”. Det var ikkje først og fremst venleiken dei hadde i tankane, dei som mura desse gjerda. Vel, det kan nok tenkast at muraren etter ein hard arbeidsdag sette seg attpå ein stein og betrakta dagsverket, og tenkte: ”Det ser ikkje så verst ut”. Men ideen, eller rettare ideane bak bruken av steinen, var viktigast. Det var ikkje berre gjerde steinen vart nytta til; Jorda skulle dyrkast, og enkelte parti av bygda var svært steinfull, og det vart store mengder stein som måtte fjernast. Ja, på ein av gardane var det så mykje stein i overflata at den vart kalla ”Ura”. Det var steinplattingar i fjøra, med vòr og stø, mura opne bekker, drensgrøfter i samband med jorddyrkinga, ”treskeveite” for eit vasshjul inne i ”Ura”, og så menn eit bustadhus, som var budd i til fram imot 1950-talet.

|
Prestegarden låg i Dimnasund. Dette er huset etter brannen i 1832. (Teikning: Ottar Grasvik)
Prestegarden låg i Dimnasund. Dette er huset etter brannen i 1832. (Teikning: Ottar Grasvik)

Prestens tale i mars 1814

I Ulstein kyrkjelyd fall eidfestinga på 25. mars 1814. Sokneprest Buschmann heldt talen i den svulstige språkdrakta som var typisk for tida. I forordet til den trykte talen (S. Aarflots Bogtrykkerie) fortel Buschmann at han har late talen trykke i nokre eksemplar etter at vener og mange i kyrkjelyden har oppmoda han om det. Kanskje kunne det vere med på å halde oppe litt av den ånda som talen syntest å skape hos tilhøyrarane. Her gir eg att delar av talen omsett til nynorsk. Eg legg og til nokre kommentarar. Eg har prøvt å ta vare på den poetiske bildebruken til Buschmann. Direkte sitat startar med eit slikt sitatstrek: – .

|
Gamlekyrkja på Ulstein slik ho kunne ha sett ut. Etter teikning av Gustav R. Osnes. Kyrkja brann ned i 1847.
Gamlekyrkja på Ulstein slik ho kunne ha sett ut. Etter teikning av Gustav R. Osnes. Kyrkja brann ned i 1847.

Ulstein i 1814 og åra før

Korleis var det i Ulstein i 1814, dette merkelege året som har skore seg inn i historia vår som eit barberblad og delt henne i eit før og eit etter. Smitta gløden ut til fattigfolk langs kysten; ideane, tankane, spenninga som avspegla seg i riksforsamlinga på Eidsvoll? Korleis var forholda på denne tida?

|
Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i 
Austefjorden.
Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden.

Serine - i Nilsgarden

Serine vart fødd 12. september 1819 på Skare i Austefjorden. Ho var barn nummer sju av foreldra Ottar (Otte) Ivarsson (døypt 16.2.1773) frå Erkegarden på Langvatn og Brit Olsdotter Skare (døypt 18.9.1774).

|
Sunnmørsåttring.
Sunnmørsåttring.

Ei tragisk hending på sjøen

Ei tragisk hending står fast i folk frå omkring 1816 eller så. Det var mykje brukt den tida å reise utom Djupet i Bormegga og drage lange om hausten. Ein haust var to båtar (trerøringar) frå Osnes ute på slikt fiske. Kvar båt var bemanna med fem mann. Dei reiste ut i fint ver, men ut på dagen bles det opp ein landvindstorm med snøkave. Det viste seg snart at dei ikkje greidde å ro seg opp til Goksøyra slik som dei meinte.

|
Notbas Ingolf Myrene.
Notbas Ingolf Myrene.

Haddal Notlag

Sesongane 1951, 1952 og 1953 var eg lettbåtroar og altmulegmann på halv lott i Haddal Notlag. Notbas var Ingolf Myrene. Vi heldt oss i lettbåten, ein liten robåt, i time etter time gjennom kveldstimar og nattetimar. Eg ved årane, og Ingolf ståande med loddstrengen, og med eit skarpt blikk bortover sjøen, speidande etter sildesprett (-vak).

|
Far, mor med Jostein på armen, bilde frå Alme våren 1939
Far, mor med Jostein på armen, bilde frå Alme våren 1939

John Alme - japansk
krigsfange

Når eg skal skrive om far sine opplevingar som japansk krigsfange under andre verdskrigen, så er det eg har, ei lita notatbok som eg har arva. Denne notatboka fortel mest om kvar dei var, og kven som kom til fangeleirane, og kven som reiste der ifrå. Eg har difor måtte gå til andre kjelder for å finne stoff om dagleglivet i dei ulike fangeleirane.

|
Redaksjonsnemnda samla til møte. F.v: Aksel Hauge (leiar), Rune Ulfstein, Asle Geir Widnes Johansen, Aksel Garshol og Magne Grimstad jr. (redaktør).
Redaksjonsnemnda samla til møte. F.v: Aksel Hauge (leiar), Rune Ulfstein, Asle Geir Widnes Johansen, Aksel Garshol og Magne Grimstad jr. (redaktør).

Jubileumsutgåve av Levd liv

Den boka du held i handa, er tiande utgåva av årsskriftet for Ulstein Historielag, og vil såleis vere ei jubileumsutgåve same året som det er 200 år sidan 1814. Det er naturleg at vi omtaler begge jubilea i denne utgåva.

|

Nettsida er drifta av