design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Oshaugen sett frå lufta.
Oshaugen sett frå lufta.

Biskopen og den herlege Oshaugen

- Far fortalde at der frå nordsida av haugen, på flata, og bort til haugen låg ein hellegang. Der var laga ein ring med heller rundt. Han hadde blitt fortalt at det var ein holmgang. Den holmgangen brukte dei når desse store karane slost om kven som var mektigast. Og der slost dei heilt til den eine var fallen.

|
Dette er “Bøtun” slik det ser ut i dag. Bruket som Toralf og Marie Hatløy i si tid kjøpte. Med på kjøpet fulgte det 2 kyr, 4 sauer og 10 høns.
Dette er “Bøtun” slik det ser ut i dag. Bruket som Toralf og Marie Hatløy i si tid kjøpte. Med på kjøpet fulgte det 2 kyr, 4 sauer og 10 høns.

Livet på Borgarøya

Far min Toralf Hatløy (f. 22.11.1898 d. 25.07.1937) var son til Tomas E Pedersen Hammervoll og Karen Petersdatter Hatløy. Tomas var kystlos i Nordenfjeldske dampskipsselskap i heile si karriere. Han var ei tid, fram til 1906, deleigar i bruk 1 på Borgarøya, seinare budde han truleg i Kristiansand. Laurits Andreason Dragsund vart etter kvart stefaren til far. Laurits og far dreiv med krabbefiske og garnfiske i lag.

|
Familiebilete frå 1977, då Ingeborg og Einar feira gullbryllaup
Familiebilete frå 1977, då Ingeborg og Einar feira gullbryllaup

Fløminne - del 2

Når fisken var utvaska, var det å begynne på vår-vinnå. Fyrst å køyre utover tad på åker og eng. Me ungane måtte vere med på alt arbeid. Me lesste gjødsel i lag med bestefar. Far køyrde. Me brukte tvo sledar, so me lesste opp i ein, medan den andre vart køyrd vekk og tømd. Det var viss regel kor mange lass som skulle køyrast på kvar åker. Det var tvo dunga i kvart lass. Lagt på rad som eit perleband. Dei kalla det ”å rade”. Fyrst køyrde dei på havreåkrane, for havren ha lengste vekst-tida og skulle fyrst i jorda. Når gjødsla var køyrd på, skulle den spreidast jamt og fint, og so var det å pløgje. Det var ikkje berre mann og hest, skal tru. Minst tre menneske på fòra og slette. Det vil segje – jamne åkeren og plukke vekk alle ugrasrøter. Det var eit keidsamt arbeid – store åkra som me hadde. Ikkje var det råd å fuske. Åkeren skulle vere slett og fin og ikkje ei trøskerot att. Røtene måtte me forresten ta med når me gjekk heim til måls. Dei skulle kyrne ha.

|
Unge ektefolk. Johannes Bernson Osnes og Anna Johannesdatter Garnes. Dei fekk ti born, seks gutar og fire jenter.
Unge ektefolk. Johannes Bernson Osnes og Anna Johannesdatter Garnes. Dei fekk ti born, seks gutar og fire jenter.

Jon oppi Gjerda (1876 - 1950)

Johannes B. Osnes var min farfar. Han vart fødd 13.06.1876 og døydde 08.10.1950. Eg var såleis berre 3 år då han døydde, og kan ikkje minnast han. Foreldra til bestefar var Bernt Larsson Osnes og Anne Marta Johannesdatter frå Nesset i Snipsøyrdalen. Då utskiftinga på garden Osnes var ferdig i 1869, var bestefar sin bestefar, Lars Jonson Osnes, ein eldre mann. Han delte i 1871 det nye gardsbruket i to nye bruk. Ein av sønene, Andreas, fekk Gotebakken, og min oldefar, Bern, fekk Gjerdet. I grunnboka står gardsbruket med namnet Fagertun, men på folkemunne har namnet alltid vore Gjerdet. Johannes B. Osnes hadde to sysken. Den eine var Hans B. Osnes (HB), som mellom mykje anna var ordførar i Ulstein. Den andre var Lisa B. Osnes, som var gift på Haugen i Indre Dimna.

|
Gurine Marie Karlsdotter Alme f. Ulla f. 1878 d. 1948 og Olaus Oleson Alme f. 1865 d. 1945.
Gurine Marie Karlsdotter Alme f. Ulla f. 1878 d. 1948 og Olaus Oleson Alme f. 1865 d. 1945.

Litt om slekt og familie

Gurine Marie Karlsdatter Ulla vart fødd i Larsgarden på Ulla i 1876. Ho hadde 6 syskjen, så Ingeborg og Karl H. Ulla fekk ei stor etterslekt. Karl var statslos og dreiv gard, og var ein velståande mann etter den tids målestokk.

|
Norvald ved skrivebordet med nye idéar.
Norvald ved skrivebordet med nye idéar.

Norvald Skeide

Norvald Skeide vart fødd på Skeide i 1915 og døde i 1986, og var den eldste av 5 brør. Faren, Nils Johanson Skeide, døydde då Norvald var berre 14 år. Dette vart ei hard og vanskeleg tid for familien i byrjinga av 30-åra, og Norvald måtte ta ansvar for mor og søsken, slik det gjerne var den gangen. Han gifta seg i 1944 med Solveig Ulstein, frå Ivagarden på Ulstein, og dei fekk etter kvart 6 born (1945-1963).

|
Ein gong utan vegnamn - i dag ein liten blindveg med adresser til Vikemyra.
Ein gong utan vegnamn - i dag ein liten blindveg med adresser til Vikemyra.

Minne frå tidlige barneår

Eg vaks opp i ei tid då “verda” var der eg budde. Verda var i “min veg”. På denne tida kjende alle alle. På denne tida var dei fleste på fornamn med kvarandre. Det var berre nokre få det vart brukt etternamn på når vi snakka til eller om dei. Det var ei tid då somrane var lange og varme. Det var ei tid då snøen og dei islagde vatna kom fort og forsvann like fort.

|
Rolf Sundgot var bl.a skipper og båteigar. Bilde syner Rolf i yngre år.
Rolf Sundgot var bl.a skipper og båteigar. Bilde syner Rolf i yngre år.

På sild- og torskefiske
vinteren 1916

Eg vart konfirmert hausten 1915. Då eg ikkje fekk vera med ”Ulf” som sei-dragar i sildefiska i 1916, tenkte eg: ”Eg orkar ikkje å tre haud og bunte ryggar på ”Ulfbuda” fleire vinterar.” Derfor tok eg meg plass som ”leigdemann” med Hans Dimmen og Iver Skeide.

|
Båten på bildet er ikkje “Norge”, men han liknar mykje, seiest det.
Båten på bildet er ikkje “Norge”, men han liknar mykje, seiest det.

Tragedia som råka Haddal

Den 25. mars 1909 kom M/B «Norge» frå Haddal inn frå fiskefeltet. Det var sju mann ombord. Dei hadde ca 2000 torsk og sei som fangst.

|
Yksnøya (Ørsta kommune) ligg midt i bildet. Fotografen har stått på Eika (Ulstein kommune).
Yksnøya (Ørsta kommune) ligg midt i bildet. Fotografen har stått på Eika (Ulstein kommune).

STORSEI I STORFJORDEN

å langt som folk veit om har det vore eit fiskemiljø ved Yksnøya. Der finst storseiden. I gamle dagar måtte ein ha seidagn, ongel, seidestreng og blystein. Frå seidestrengen og opp hadde ein hampesnøre som vart hala med hand. Agnet var sild. I seinere tid har hampesnøret vorte utbytt med sen, og det har vorte lettvintare å få tak i makrell til agn, og den er kanskje vel så fiskjen som silda.

|
Løytnant Olav Ulstein i flygaruniform.
Løytnant Olav Ulstein i flygaruniform.

Olav Ulstein

Olav vart fødd 17.03. 1921 i Ulstein-vik. Foreldra var Sina og Julius Ulstein. Olav var den tredje av seks born, fire gutar og to jenter. Ola, som han vart kalla, var den som alltid skulle prøve ut nye idear.Han var ein våghals, full av energi og uro. “Påfynstre”, sa far.

|
Portrettbilde av Kristine. Bildet er teke hos fotograf Sponland i Ålesund.
Portrettbilde av Kristine. Bildet er teke hos fotograf Sponland i Ålesund.

Stilbok aat
Kristine Hasund 1912

Det er Linda Hasund som har lagt til rette for denne artikkelen. Linda er dottera til Halbjørn Hasund (1939 -1994). Kitty var tanta til Halbjørn.

|
Songøving på galleriet i kyrkja tidleg på 60-talet. Vi kjenner att Elsa Follestad, Bodil Osnes, Solveig Sætre, Oddmund Ulstein, Ottar Botnen, Henry Røyset, Johannes Saunes, Leif Skeide, Jofrid Garshol, Oddrun Gardshol og Magnhild Gardshol.
Songøving på galleriet i kyrkja tidleg på 60-talet. Vi kjenner att Elsa Follestad, Bodil Osnes, Solveig Sætre, Oddmund Ulstein, Ottar Botnen, Henry Røyset, Johannes Saunes, Leif Skeide, Jofrid Garshol, Oddrun Gardshol og Magnhild Gardshol.

Ulstein kristelege blandakor

Kristne menneske har songen som ein viktig reiskap i samlingane sine. Det har vore sunge mykje i våre grender. Den gode salmen har opp-bygt mang ei sjel, der teksta hadde eit evangelisk innhald. I dei ymse høgtidene, i festar og vekkingstider fekk songen ein ekstra plass. Songen fylgde med i kvardag og helg. Folk la varme i songen, og dei song ofte. Dei som hadde god songstemmer, vart høgt verdsette. Prestar, klokkarar og lærarar vart ofte leiarar for songvalet, og leiinga av kora. Desse var med å skipe korsongen.

|
Stolt eigar, Kolbjørn Moldskred med Chevroleten sin med registreringsnummer T-966.
Stolt eigar, Kolbjørn Moldskred med Chevroleten sin med registreringsnummer T-966.

K. Moldskred’s Rutebiler

Når ein skal feire jubileum, er det naturleg å tenkje bakover, og det er naturleg å stille seg spørsmålet: Kvifor vart eg det eg er? Om svaret som kjem er rett, er uvisst, men det kan no prøvast som ei forklaring. I alle fall dreiv far min, Andreas Moldskred, med ein del hesteskyss mellom Ulsteinvik og Hareid. Dette var før bilen var komen hit til øya. I min barndom reiste folk herifrå til Ålesund med båt rundt Flø. Det i som hadde bruk for skyss mellom Ulsteinvik og Hareid, var for det meste handelsreisande. Men sidan far hadde ein jordlapp, og var oppteken med den, fall det naturleg at eg måtte tre til og vere kusk. Eg kan hugse at eg i 1917 måtte skysse, då var eg altså 9 år. Ein enkel episode frå slik skyss kan eg hugse. Det var i 1918. Eg fekk returskysse ein jøde som reiste med tekstilar. Han hadde så mange pakkar at eg, for å lette hesten, måtte gå til vi kom opp på Eidet. Jøden gjekk heile vegen. Vi kom til Ulsteinvik omlag klokka 24.00.

|
Leif Hatlø.
Leif Hatlø.

Leif Hatlø, f.13.04.06 på Hatløya, d.30.05.83

Foreldre: Johannes Hatlø og Petra Bakke Hatlø. Han var bonde, fiskar, snikkar og tømmermann. Det er sagt at Johannes var ein meister med å rigge opp seglskuter, og broren Peter bygde dampbåt med propell og diverse utstyr. Johannes hadde gått i lære i bygnings- og snikkarfaget hjå Olavius Ringstad og var i dette yrket ei tid. Han reiste ein del på kysten på ulike anleggsoppdrag. Heime hadde han ei dyktig og samvitsfull kone som tok seg av drifta der.

|
Hesjing på Klubbeneset. Frå venstre ser vi Nelly Garshol (no Lie), Mona Kleven (no Blindheim), Marie Garshol, Nikodemus Garshol, Oddlaug Kleven med Lovise Kleven (no Helvig) framføre seg og Lovise Sollid heilt til høgre.
Hesjing på Klubbeneset. Frå venstre ser vi Nelly Garshol (no Lie), Mona Kleven (no Blindheim), Marie Garshol, Nikodemus Garshol, Oddlaug Kleven med Lovise Kleven (no Helvig) framføre seg og Lovise Sollid heilt til høgre.

Dagleglivet på eit småbruk for nokre tiår sidan

I tidlegare tider var nok familielivet meir prega av faste rutiner til faste tider enn det er i dag. Det var ikkje så mykje tekniske hjelpemidlar som i dag, og det var heller ikkje så store utval i dei få butikkane som då var.
Dette galdt både i matvegen, i klesvegen, og for reiskap både på sjø og land.

|

Nettsida er drifta av