design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
design/top_bilde.jpg
mobile_logo_500.png

MENY

Ragnar Ulstein og leiar i Ulstein Historielag Aksel Hauge framfor Bysta.
Ragnar Ulstein og leiar i Ulstein Historielag Aksel Hauge framfor Bysta.

Krigsveteran, forfattar, krigshistorikar

Laurdag vart Ragnar Ulstein heidra av med byste i heimbygda.

Under avdukinga var fleire hundre menneske til stades. Det var forsvarsminister Ine Eriksen Søreide som avduka bysta av Ragnar Ulstein. 

Også forsvarssjef Håkon Bruun Hansen talte ved avdukinga. Ragnar Ulstein heldt ein sterk tale der han takka for heideren og ikkje minst understreka han kor viktig det er å arbeide for fred på alle frontar. Høgtida starta med at leiaren i Ulstein Historielag, Aksel Hauge, ønskte velkomen og orienterte om bakgrunnen til at historielaget reiste bysta. Han kom inn på alt det Ragnar Ulstein hadde gjort i krig som i fred, der han spesielt har vore ein sterk talsmann for dei som var ute under krigen og ikkje minst dei som vart sitjande åleine att. 

Ulf, Con Moto, Ulstein Mannskor og Ann Cesilie Skundberg deltok i programmet og synte litt av breidda i kulturlivet i Ulstein. 

Alt i alt ei sær vellukka høgtid som ikkje minst dei tilreisande gjestene og deltakarane var svært begeistra over.

Presetegarden i Dimnasund.
Presetegarden i Dimnasund.
Prestegarden i Dimnasund

Prestegarden i Dimnasund brann ned julekvelden i 1832. På bilde viser det nye presteboligen reist umidellbart etter brannen og vart teke tatt i bruk i 1834.

Prestegarden var prestebolig fram til 1905 då flytta presten til ny bolig i Ulsteinvik. Prestegarden blei selt til private i 1906. Bilde er teke omlag 1952-54. Huset blei rive ca.1959-60.

Teikninga av bygget er unike og viser romdelinga. Knut J Hasund stadfesta at dette var korrekt.

BYSTE AV HEIDERSMANNEN RAGNAR ULSTEIN

ragnarulstein.jpg

Pressemelding frå Ulstein Historielag

Denne pressemeldinga vart presentert på pressekonferanse på Ulstein Rådhus fredag 15. mai 2015.

Sjå vedlegg for meir informasjon.

På same pressenkonferanse blei denne artikkelen om Ragnar Ulstein frå Norsk biografisk leksikon presentert. 

 

 

Les meir om saka her:
http://www.ulsteinhistorielag.no/presse/bronsebyste-av-ragnar-ulstein/  

Opparbeiding av plassen der bysta av ragnar ulstein skal stå

Avduking laurdag 16. April. Stort program som vert kungjort seinare.

Entreprenøren er i full gang med opparbeiding av sti, fjerning av tre, og fundament som skal støypast der bysta skal stå.

Bysta vert plassert i overkant av rådhusplassen, mellom to store fine bjørker. Plasseringa i lengderetning vert omtrent midt på kyrkja.

Mange gjestar er innbedne, mellom anna forsvarsminister, forsvarssjef, representant for Hjemmefrontmuseet i Oslo og fylkesmann.

Svarfristen er enno ikkje gått ut, så full oversikt over gjestar må vi kome attende til.

AVDUKING AV Byste av Ragnar Ulstein LAURDAG 16. APRIL

Ragnar Ulstein.
Ragnar Ulstein.

Det vart teke initiativ til å få reist ei byste av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik i fjor vår, og leiaren i Historielaget har vore leiar i nemnda som vart nedsett til å arbeide med dette prosjektet. Ola Stavseng frå Stordal er kunstnaren som har laga bysta, og den er finansiert av Sparebanken Møre.

Laurdag 16. april kl.1200 vert bysta avduka av forsvarsminster Ine Eriksen Søreide. Bysta er plassert nedanfor Ulstein kyrkje og på plenen ved Ulstein Rådhus. Bysta har fått ein vakker plassering med hekkplanting, natursteinmur, lyssetting m.m.

Tilstades under arrangementet vert også forsvarsjef Haakon Bruun-Hanssen. Både forsvarsministeren og forsvarssjefen skal tale. Hjemmefront Museet vert også representert. Dei har i mange år hatt eit nært samarbeid med Ragnar Ulstein.

Ulf, Con Moto, Ulstein Mannskor og Ann Cesilie Skundberg tek del i arrangementet. Heimevernet dannar æresvakt ved avdukinga. 55 gjestar vert tilstades.

Arrangementet på rådhusplenen er ope for alle.

Ragnar Ulstein saman med leiaren i Ulstein historielag, Aksel Hauge i høve avdukinga av bysta.
Ragnar Ulstein saman med leiaren i Ulstein historielag, Aksel Hauge i høve avdukinga av bysta.

Årsmøte/ Ope møte i Ulstein historielag

Det vert arrangert årsmøte/ope møte i Ulstein historielag tirsdag 28.februar kl. 1900 på Ulstein Rådhus (kommunestyresalen).

Program:

  • Vanlege årsmøtesaker
  • Kaffe og enkel servering
  • Loddsal
  • Det vert synt film frå avdukinga av bysta av Ragnar Ulstein

Ragnar vil vere tilstades og det vert eit intervju med historikaren Ragnar Ulstein.

Ulstein historielag vonar på godt oppmøte til denne litt spesielle samlinga. Vel møtt!

Årsmøte i Ulstein Historielag

Ulstein Historielag hadde årsmøte onsdag 24. februar 2016. I tilegg til dei vanlege årsmøtesakene hadde laget også program der Egil Myrene fortalde om den dramatiske seglasen med vikingskip frå Valencia på veg mot verdsutstillinga i Sevilla i 1992. Skipa råka ut for uvêr og forliste. – Eit særs spanande og interessant foredrag, framhevar leiar i historielaget, Aksel Hauge.

Han kan elles melde om at Ulstien Historielag, etter å ha halde kontingenten på beskjedne 100 kroner dei siste 15 åra, no på årsmøtet drista seg til å auke medlemspengane til 150 kroner.

Val
Det vart halde val, og Aksel Hauge tok attval for nok eit år ved roret. Brita Waage Linge tok også attval som medlem i styret og historielaget har også fått med seg May Gunn Haddal Ertesvåg som nytt styremedlem. Inge Håkonsholm og Erling Ove Flø utgjer resten av styremedlemmene, men dei er ikkje på val for neste år. Varamedlemmer for det komande året er Aksel Garshol og Guri Alme. Andreas Ringstad er revisor, medan Johanne Bøe og Aksel Garshol er valnemnd.

Aktivitetar
Når det gjeld aktivieteten i historielaget det siste året, melder dei om at dei har hatt to vandringar og to opne møte dette arbeidsåret: Den ein vandringa, som fann stad 10. mai, var frå Dimnasund til den gamle prestegarden. Aksel Garshol var guide og fortalde. 20. september var det vandring på Saunes. Godt frammøte, og fleire lokalkjende personar fortalde om «gamle dagar» her. 2. desember vart det skipa til julemøte på Fredheim. Julemøtet vart også denne gongen arrangert ilag med Ulstein Mannskor, eit samarbeid som kanskje har vorte ein tradisjon. Mannskoret stod for programmet, det var svært vellukka, mange frammøtte og godt loddsal. Overskotet vart gjeve til Frivilligsentralen til julefeiringa for unge asylsøkjarar. Det har vore bra frammøte på tilskipingane, melder historielaget.

Byste av Ragnar Ulstein
Det vart teke initiativ til å få reist ei byste av Ragnar Ulstein i Ulsteinvik, og leiaren i Historielaget har vore leiar i nemnda som vart nedsett til å arbeide med dette prosjektet. Ola Stavseng frå Stordal er kunstnaren som lagar bysta, og den er finansiert av Sparebanken Møre. Bysta skal vere ferdig og avdukast 16. april i år.

Bok om Olaf Storegjerde
Boka om Olaf Storegjerde vart utgjeve av Sande Sogelag, og Ulstein Historielag var med å støtte prosjektet ved å kjøpe 20 av bøkene.

Levd liv 2015
Årsskriftet ”Levd Liv 2015” var i sal frå 8. november. I redaksjonsnemnda har vore: Aksel Hauge, leiar, Rune Ulfstein og Aksel Garshol. Asle Geir Johansen har vore redaktør. Boka har selt godt, ca 600 eksemplar er selde, av eit opplag på 700. Styret vil takke dei firma som har støtta historielaget ved utgjevinga. Dei står opplista bak i boka. Stor takk også til artikkelforfattarane. Redaksjonsnemnda er i gang med arbeidet til Levd Liv 2016.

Medlemstalet i Ulstein Historielag er per i dag 192 og økonomien er god. Eit bra frammøte viser at det er interesse for lokalhistoria vår, og det er viktig informasjon å ta vare på, framheld Ulstein historielag i årsmeldinga si. Styret vil gjerne ha forslag til nye vandringar og emne å ta opp i framtidige møte.

Ulsteinvikhuset - finst det?

Skal det peikast på ein hustype som kan kallast «Ulsteinvikhuset», må det bli denne hustypen i hovudsakleg jugendstil (asymmetrisk ark eller veranda, altan, rundboge, o.a.) med innslag av sveitserstil og nyklassisisme.

Tids- og ressursrammene for denne rapporten har ikkje tillate å lage ei grundigare undersøking av bakgrunnen for at så pass mange av denne hustypen finst i og nær planområdet.

Forklaringa kan vere at
- Hus med veranda og ark er staselege uansett samanlikning.
- Dette var smaks- og stiloppfatninga som rådde denne tida.
- Det kunne stå ein (eller fleire) lokale byggmeister(ar) bak som hadde utvikla ein fin, lokal variant av dette stilhuset.
- Hus frå denne tida vart bygde med god standard og materialkvalitet og dei har difor «halde seg godt».

Hustypen er nok forholdsvis kostbar, men så vidt vi veit, var det ikkje berre velståande personar som bygde slike hus. Ei av forklaringane kan vere at i den såkalla «jobbetida» (ca 1915 til 1930) då desse husa vart oppsette, var det generell velstand både i Ulsteinvik og i landsdelen elles, sjølv om tida også var prega av arbeidsløyse og sosiale skilnader.
Dei fleste husa er haldne i god «antikvarisk» stand utan større endringar. Dei endringane som er gjorde, har i hovudsak ikkje endra vesentleg på preget til huset. Bileta viser også eit anna interessant og gjennomgåande trekk ved hus innanfor området:
Velhaldne og fint utforma murar, stakkittgjerde og portar. Det skal for ordens skuld leggast til at det frå denne tida også finst andre, enklare hustypar som kunne fortenenamnet Ulsteinvikhuset.

Det finst også ein annan variant som med rette kan kallast «Ulsteinvikhuset». Dette er ei enkel tømmerstove med liggande kledning, som oftast 4 krysspostvindauge i front, og inngang i endeveggen. Typisk for dette huset er slektskapen til den klassiske Sunnmørsstova, men desse «Ulsteinvikhusa» hadde høgare knevegger og rom på loftet. Dette er hus som i hovudsak vart bygde 1890 - 1910.

Flåværleia
fl_v_rleia.png

Leia mellom Stadt og Breisundet nord for Flø har betegnelsen Flåværleia på nettsida Kystreise.no.

Sjå www.kystreise.no

Film om Flåverleia finn du her:

www.kystreise.no/Flåværleia

Nettsida er drifta av