Ein rapport frå distriktslege Sellevold i Ulstein om kontroll av svangre viste at det hadde vore mykje mindre blodmangel mellom dei gravide i 1946 enn i krigsåra. Det hadde vore utført kontroll av spedborn og småborn i Ulstein heile året. Det var jordmora som stod for kontrollen, oftast saman med ein av legane: – Med omsyn til helsa hos desse borna må vi seie at den stort sett har vore god. Mødrene er særs interesserte i godt stell og ernæring, og dei har vore flinke til å gi borna sine bryst og er lydhøyre for rettleiing.
Hugo Opdal er fotografen som har sett Flø på verdskartet gjennom Studio Hugo Opdal, der han har vist fram kunsten til nasjonale og internasjonale kunstnarar.
Nettsida til Ulstein historielag er i stadig utvikling. Nye funksjonar vert lagt til, feil blir retta og ulike funksjonalitetar vert utbetra. Det store arbeidet ligg i at nettsida blir kontinuerleg oppdatert med nye historiske artiklar. Det er eit stort og omfattande arbeid som vert gjort.
Snarvegar
Historisk Quiz om
Forteljinga om Ulstein
handlar om framsynte folk i ulike næringar, om politikarar og kommunetilsette som såg fram i tid og kva som var nødvendig i samtida; ikkje minst er Ulstein forteljinga om ein industri som fekk internasjonale dimensjonar. Men det er også historia om kultur og folkeliv, foreiningar og lag, ei idrettsrørsle i vekst og samling om kyrkje og bedehus.
Ditt medlemskap i Ulstein historielag støttar det viktige arbeidet om å ta vare på fortellinga om Ulsteinsamfunnet. Vi ynskjer deg velkomen som medlem.
Betalingsløysing med ![]()
Vi arbeidar for at all medlemskap i Ulstein historielag vil vere gjennom nettsidene. Det vil forenkle arbeidet. Klikk her for brukarmanual.
Det er per dags dato ikkje mogleg å betale med kort. Om du ikkje har Vipps kan du betale medlemskapet til kontonummeret til Ulstein historielag 4137.30.40744.